onsdag, desember 31, 2008

2008 slik eg såg det.

Skal prøve å oppsummere året som har vore, 2008 har verkeleg vore eit år fyllt med masse forskjellig!

Januar:

Januar gikk rolig forbi trur eg, kan vertfall ikkje huske noko anna.
Har jobba på Rokken og i tunet, vore på møte og starta på ny modul av masteren.
Februar starta med ein smell og eit bang. Vinterleikane okkuperte vekeplanen for heile første veka i februar. I veke 7 vart eg velt til vekesjef for veka08( ups.. ikkje akkurat planlagt..hehe..)So stod Barcelonaaaa på timeplanen! Fantastisk by! Det var kjærleik ved første blikk frå mi side. Vi hadde ein super tur med mykje trakking og litt shopping. Eg reiser lett ein gang til! Då skal eg besøke parkar og shoppe enda meir! Barcelona er god på sko;) Eg kan anbefale denne byen på det sterkaste! Sjå bilder på fjesboka:)

Mars gikk også unna i en fei, starta med å verte sjuk..
Mars er også månaden når mammaen min har bursdag. Ho fyllte 50 år i år. Verdens beste mamma uten tvil:) Vi starta feiringa med å overaske henne med selskap den 11. før vi fortsette feiringa i København i påska.
Men vi hadde ein kjempe flott tur bortsett frå at mi kjære svigersøster havna på sjukehus. Så vi skal nok vere med dei ein annan gang slik at dei får ein skikkelig tur. Eg stiller vertfall lett opp:)

I April var eg vist sjuk igjen. Er mykje sjuk ser eg.. Intet nytt under solen med andre ord..
Ellers so var eg dommar på Grand prixen til Volda ungdomsskule, veldig vanskelig var det å sette tal på kor flinke dei va.. Var også ein tur til Oslo i April, der eg var på Norgesnettmøte på Plaza. Tok glasheis for første gang å var bonde på byen;P Det var ellers fint ver i april som virka inn på humøret;) Rokken vart 3 år, merkelig kor tida flyg!
Dokfilm sto også for tur i april. Moro moro! Når står ein ellers frivillig i kø i mange timar?!
Volda er moro under dok.film, for då kjem det gamle kjente.. Slike som gjer at vi kan snakke om gamle dagar.. haha..

I mai var det oppgåveskriving, eller alt for å unngå oppgåveskriving.. Struktur har eg brukt opp, og er ein fryktelig dårlig student. Leverte ei fryktelig dårlig oppgåve. Kjenne eg er flau endå.
Ellers gikk mai sin vante gang med 17 mai og jobbing. Viktig med tradisjonar;p
I Mai var vi også på KISS konsert! Løye!!
Vi kjørte Kissmobil, med skikkelig Kissopplegg! Kisskviss og anna moro! Eg, Geir, Lillian og Klaus
freste oss til Oslo for å oppleve denne fantastiske moroa;P Artig tur! Fikk også teke ein tur på Operataket! Fine fine operaen!

Juni var tida for Bergenstur og Foo fighters konsert! weee! Besøkte Vendel og Vidar!
Herlig tur med herlig musikk! Var også ein tur til Måløy for å besøke Hege. Det var jaggu på tide! Har skulle besøkt ho no i 4 år!
Sidan Anette er så snill så fekk eg vere med på Seigmen i Operaen, noko som er det råaste eg har vore med på! Fytti! Eg vart stum.. Å det er sjeldent! Vi gikk alle ut som lykkelige og bedre mennesker etter den konserten! Det er eg sikker på!

Så var det Juli og sommarferie. I år hadde eg og Geir oss ein rundtur i Noreg. Vi starta frå Volda, var innom Olden, Gjøvik, Porsgrunn, Larvik, Grimstad, Oslo, og Lillehammer.
Vi opplevde utrulig mykje. Bruce Springsteen står nok øverst på lista til Geir, eg er imponert over tempoet til desse karane med tanke på alder!
Veret denne sommaren på østlandet var selvfølgelig ikkje bra.. Medan det på vestlandet var bra. Når skal eg få ein sommar med sol?!
Vi var også på SKRAL denne sommaren. Ein heil bataljon av herlige folk laga Kæmp Volda der vi kosa oss 3 dagar til endes! Hurrraaaaa kor kjekt:)
Etter skral hadde vi late dagar med Cecilie og Solveig. Godt med kvile.. Ladda opp alle batteria eg hadde. Vi kosa oss med is og god mat.. Einaste sola som mangla! Rakk også ein svensketur og ein tur innom Anette i Porsgrunn før vi snudde nasa mot Oslo og Iron Maiden!! Min 2.konsert med desse karane. Valle hovin var dårlige på å arrangere konsert, men heldigvis var musikken toppers! Overnatta på Plaza og bere kosa oss:)
Avslutta juli med bryllaup til søskenbarnet til Geir. Varmt varmt varmt, men fint å få helse på slekta hans:) Eg var flink å lage reiseblogg i Juli, veldig gøy å sjå tilbake på:) Einaste minuset var mangel på sol, eller rettare sagt at sola var framme bere på dagar eg ikkje kunne nyte den;)

August er det tilbake til den gamle tralten, jobb og semesterstart. Eit stort antiklimaks i grunnen. Rart å vere tilbake i bygda som aldri forandrar seg. Starta hausten med å kjøpe bær å fryse det ned slik at eg var klar til ein lang haust. Eg hadde også bursdag i August. Ein fin dag som vart feira med gode vennar:)
Så starta hausten og den verkelege planlegginga til Veka08. Eg skulle også vere student denne hausten. Veka gjekk nok bedre enn studia.. Hehe..

September kom med Veka.
Veka var veldig moro, men slitsom. Vi hadde fantastiske konsertar og ikkje minst fantastiske nach;p Legendarisk rett og slett! Volda er vått og trist om hausten, så då er det kjekt å ha slike ting som veka for å holde oppe humøret. Viktigheita av gode vener viser seg også når hausten er våt og kald.

I Oktober fann eg plutselig ut at eg var student.. Litt stress.. Hehe..
Ellers så gjekk dagane til jobbing og rydding etter veka. Var på ein nydelig Thom Hell konsert.
Likar musikken til denne karen! Løp å kjøp viss du ikkje har høyrt noko av han!
Hausten 2008 var som ein karusell! Det var bere å hoppe på og prøve å halde seg fast!Eg har hatt ein kjempe flott haust, med mykje moro og lite alvor! Akkurat slik slasken i meg likar det.

November gikk med i jobbing, tur til Gursken, fotballkamp på Color line og anna.
Ein månad prega av glede og sorg.

Desemeber var det fokus på jul og eksamen. Skulle vell tenkt litt meir på eksamen, men gjort er gjort.. Tankane gjekk i litt andre banar igrunnen. Brukte mykje tid på å tenke, tankane gikk til å tenke på dei store tinga, ting skjer som gjer at ein får nye perspektiv. Alt dreier seg ikkje om eksamen og julestress.
Eg er så innmari gla i alle dei eg har rundt meg, og er nok ikkje flink til å minne dei på det.
La oss alle huske å gjere det meste ut av kvardagen, ikkje utsett noko til ein annan dag.
Viss ein feirar kvar dag og prøvar å sjå det positive så får vi det mykje betre. Eg veit at eg har mykje å jobbe med her.

Håpar at 2009 kan verte eit postivt år. Der vi har fokuset på å gjere kvarandre best mogleg!
<3

lørdag, desember 27, 2008

Chasing Cars

Eg er ein stor fan av musikk, og spesielt gode tekstar.. Syns denne her er heilt nydelig!

Chasing Cars- Snow Patrol

"We'll do it all
Everything
On our own

We don't need
Anything
Or anyone

If I lay here
If I just lay here
Would you lie with me and just forget the world?

I don't quite know
How to say
How I feel

Those three words
Are said too much
They're not enough

If I lay here
If I just lay here
Would you lie with me and just forget the world?

Forget what we're told
Before we get too old
Show me a garden that's bursting into life

Let's waste time
Chasing cars
Around our heads

I need your grace
To remind me
To find my own

If I lay here
If I just lay here
Would you lie with me and just forget the world?

Forget what we're told
Before we get too old
Show me a garden that's bursting into life

All that I am
All that I ever was
Is here in your perfect eyes, they're all I can see

I don't know where
Confused about how as well
Just know that these things will never change for us at all

If I lay here
If I just lay here
Would you lie with me and just forget the world?

onsdag, desember 17, 2008

Advent

av: Inger Hagerup

Så tenner vi et lys i kveld, vi tenner det for glede
Det står og skinner for seg selv og oss som er tilstede
Så tenner vi et lys i kveld, vi tenner det for glede

Så tenner vi to lys i kveld, to lys for håp og glede
De står og skinner for seg selv og oss som er tilstede
Så tenner vi to lys i kveld, to lys for håp og glede

Så tenner vi tre lys i kveld, for lengsel, håp og glede
De står og skinner for seg selv og oss som er tilstede
Så tenner vi tre lys i kveld for lengsel, håp og glede

Vi tenner fire lys i kveld og lar dem brenne ned
For lengsel, glede, håp og fred, men mest allikevel for fred
på denne lille jord, hvor menneskene bor

mandag, desember 15, 2008

Julebord

Oppskriften på en ødelagt søndag:

Sove litt for lite natt til lørdag.
Reise til eid på personalseminar.
Starte å drikke klokka 16:30.
Drikker meir.
Spise digg mat, udigg kake.
Drikke meir.
Snakke med masse hyggelige mennesker.
Legge seg 05;00.
Stå opp 10:00 for å prøve å spise den digge hotellfrukosten,
uten at eg fikk i meg så alt for mykje mat..

Etter frukosten måtte eg faktisk finne senga igjen, var rett og slett ustø og muligens fortsatt beruset då eg sto opp..
Men rasande festlig kveld med en god gjeng.
Her var det alle aldere, ulike yrker med eit felles mål: Å ha ein fin fin kveld:)
Dette var årets siste julebord, og eg kjenne at det er egentlig heilt ok.
Neste post er no julelunsj i Åsentunet på fredag før eg vende nasa heim til fantastiske Gursken:)

torsdag, desember 11, 2008

48 timar, 5000 ord...

Dette er rammene for eksamenen min.
No har eg sløst vekk 12 av dei. Eg kan nesten høyre klokka korleis den tikkar..

Eg treng struktur i livet mitt, må verte betre på å konsenterer meg om ein ting om gangen..
Skrive meir, sjekke facebook mindre og så vidare..

Dette er vell ting som kjem opp kvar eksamenstid, og eg må bere innrømme at eg aldri vert betre.
Derfor har eg lyst å avskaffe denne ansvar for eiga læring, eg er eit bevis på at det ikkje fungerar..
La oss ha mappeoppgåver, med arbeidskrav som må leveres..
Eksamen er ingen realistisk situasjon, og det irriterar meg meir og meir..

Så medan eg irriterar meg, les bloggar, sjekkar facebook og ser episode nr veit ikkje av CSI, NCIS eller anna søppel som går om natta så går klokka..
Kanskje på tide å starte?
Trur det...

mandag, desember 01, 2008

Tenn lys..


Tenn lys!

Et lys skal brenne

for denne lille jord,

den blanke himmelstjerne

der vi og alle bor.

Må alle dele håpet

så gode ting kan skje.

Må jord og himmel møtes.

Et lys er tent for det.

Ein anna bloggar hadde funne bildet og diktet, så eg tok meg den fridom å kopiere..
I går var det 1.søndag i advent, men den dagen forsvant i oppgåvekaos.. Men no er oppgåva levert og dei siste dagane kan synke inn.
Tankane dei siste dagane har gått med til å tenke på dei store tinga, ting skjer som gjer at ein får nye perspektiv. Alt dreier seg ikkje om eksamen og julestress.
Eg er så innmari gla i alle dei eg har rundt meg, og er nok ikkje flink til å minne dei på det.
La oss alle huske å gjere det meste ut av kvardagen, ikkje utsett noko til ein annan dag.
La fokuset vere å ta vare på kvarandre, sjå det beste i andre og aldri dømme nokon etter førsteintrykket.
<3

torsdag, november 27, 2008

Den her var gøy:)

Eg me vil stele den her;)

A : You like to drink
B : You like people.
C : You are really silly.
D : You like to drink.
E : awesome kisser.
F : You are dead sexy.
G : You never let people tell you what to do.
H : You have a very good personality and good looks.
I : You are great in bed.
J : People Adore You
K : You're wild and crazy.
L : You like to drink
M : best kisser ever.
N: You like to drink.
O: Easy to fall in love with
P : You are popular with all types of people.
Q : You are a hypocrite.
R : Easy to fall in love with.
S : Fuckin crazy.
T : Easy to fall in love with.
U : You really like to chill.
V : you are not judgemental.
W : You are very broad minded.
X : You like to drink
Y : Best g/f b/f anyone could ever ask for
Z : Always ready


C : You are really silly
A : You like to drink
M: best kisser ever
I: : You are great in bed
L: You like to drink
L: You like to drink
A: You like to drink

Litt for glad i å drikke kanskje?! Hahaha..
Heldigvis er eg flink til å kysse og great in bed;)
Å ikkje rart at eg er silly når eg er drunk heile tida;P

torsdag, november 13, 2008

Hurra! Eg har fått min første nerdeblogting;) Fikk den av Inga! Tuuusen takk:)













Reglerna är följande:
1. Den nominerade får lägga upp bilden på hans/hennes blogg.
2. Länka till personen du fick den ifrån.
3. Nominera minst 7 st andra.
4. Länka till dem i inlägget.
5. Lämna ett meddelande på den nominerades blogg

Den går vidare til:

Tone Helene
Anne

Pida
Helge
Irene
Marit


lørdag, november 08, 2008

Utan ord.

Ein eg kjente, og som var ein god ven med mange av mine venar, vart funnen død torsdag. Eg brukte lenge på å forstå at han var dø, håpte at eg hadde lest feil, at eg hadde høyrt feil.
Eg vart utan ord og plutseleg var alt rundt meg mykje mindre viktig.

Det var ikkje så viktig med den oppgåva eg ikkje har starta på, eller alt pensum eg burde ha lest..
Vi er så innmari små i den store samanhengen, og vi må huske å ta vare på kvarandre..
Kva betyr vell alle dei materialistiske tinga vi har rundt oss viss ikkje vi har nokon å dele dei med?
La oss huske å stoppe opp, puste litt og gi kvarandre ein klem eller to.
Alle treng vi nokon, nokon som kan lytte når vi treng det, eller nokon som bere er der utan at det vert sagt eit ord.
Ta vare på kvarandre alle saman!

mandag, november 03, 2008

Home sweet home!

I helga var vi heime i Gursken for å lufte oss litt..
Sjølv om Gursken er mykje mindre enn Volda er det godt med litt luftforandring.
Helga vart brukt til å sløve med familien, shoppe litt julegaver og julepynt, ein tur til verdens beste farmor og ein liten tur ut! Søndag var vi i Ålesund på fotballkamp og såg Aafk mot LSK.

Eg heiar vell strengt tatt ikkje på nokon av laga, men heia på Magnus Myklebust sidan han er frå Gursken. Heia også på "ballguttane" sidan mine to minste søsken var med. Dei var kjempe flinke:) Ellers vart eg imponert over den jobben Aafk gjer med tifo, stemninga på stadion var utruleg bra! Hadde laget vore like flinke som supportarane så hadde dei ikkje kjempa i nedrykksstriden.

Livet i Volda går ellers sin vante gang. Eg må sette igang med å skrive oppgåve, men så var det alt anna som var meir moro.. Men Fredag er deadline for å starte, har ikkje eg starta iløpet av denne veka så kan eg faktisk bere melde meg av å prøve igjen neste år. Så no skal eg ta meg sjølv i nakken å gjere ein innsats for å verte ferdig som student ved Høgskulen i Volda;p

søndag, oktober 26, 2008

Oppskrifta på ein perfekt søndag!

Sove lenge.
Ete ein god frukost.
Henge med vener.
Ete digg middag.
Lykke!

Bere så synd at eg måtte takke nei til filmkos til fordel for husvask og brødbaking..
Hjelp! Eg har vorte vaksen!

lørdag, oktober 25, 2008

Tulletankar?

Innanfor, men likavel utanfor...

Ei fasade ein tek på seg som ikkje alltid ikkje stemmer?

Natta som lokkar ut sannheita kanskje?
Men samtidig har eg det veldig bra...

torsdag, oktober 23, 2008

Snekker Andersen

Som eg nevnte i forige post så lek vindauget mitt. Idag har snekkeren vore her for ca 3 gang på dei åra vinduet har sluppe inn vatn. Han snakka om papp på taket og at det var rart at det lek, sidan alt såg bra ut. Han har tydeligvis ikkje sett glaskarmen min når det dryp på det verste..
Så no skal ein sjekke taket, noko eg og Geir har hinta om i 1,5 år.
Liften skal vist kome å sjå på det. Eg er spent på å sjå kor lenge det går før den kjem..

onsdag, oktober 22, 2008

Haust og slikt..

Hausten 2008 har vore som ein karusell! Det var bere å hoppe på og prøve å halde seg fast!
Eg har hatt ein kjempe flott haust, med mykje moro og lite alvor! Akkurat slik slasken i meg likar det. Samtidig har eg heldigvis fått jobba og vore litt på skule.
Og no er det skule som står i fokus! Neste veke skal eg innta biblis! Håpar bere det vert like moro som resten av hausten har vore.. Litt skeptisk, men eg skal gjere mitt beste!

Eg har bortsett frå å vere veldig veldig veldig sosial prøvd å jobbe litt innimellom alt. Jobben min på Rokken er heldigvis slik at eg får jobbe saman med masse flotte flinke folk! Dette gjer at eg trivast på ein stormåte! Yey! Lovar at eg skal prøve å vere ein god ven for dei som ikkje er innanfor Rokken sine veggar også, men om ikkje anna så veit dykk kvar dykk finn meg!:)

Jobben min er enda utan ein klar arbeidsinnstruks, ergo er eg litt potet og jobbar litt overalt. Alt frå bestillingar til vanlige jobbekveldar. Vanskelig å forklare igrunnen, men eg er stortsett der det trengst, men jobbar nok mest oppimot dei frivillige og kveldsdrift. Det vert avatil seine kveldar med mangel på liv utanfor dei fire betongveggane våre, men dette vert kompansert som sagt med flotte kollegaer som eg har hatt mange flotte stunder med iløpet av hausten, som til dømes ein legendarisk hyttetur til Nipehyttene. Det har vore fint lite drama denne hausten, men det ligg nok å ventar. Vi har både november og desember igjen.
Av erfaring slappar eg aldri heilt av, for plutselig so smell det.. Og eg vil nødig sitt med skjegget i postkassa fleire gongar..

Kvar er eg om nokre år? er eit spørsmål eg ofte får, og eg er usikker på svaret. Eg innser at vi ikkje alltid kan leve i denne bobla som er så trygg og god. Ein dag må eg også verte vaksen!
Eg håpar bere at eg finn nokon som vil ha meg, med all mi praktiske erfaring med menneske, men utan ein haug med toppkarakterar.
Frivilligpraksis og engasjement tel masse har eg fått fortalt. Eg håpar bere det er rett, eller så vert det værst for meg. hehe..

P.S: Haustveret har kome til Volda, noko som gjer at vindauget mitt lekk. Det har det gjort no i ein evigheit.. Duste snekkarar som ikkje kan jobben sin skikkeleg...

lørdag, oktober 18, 2008

Thom Hell

Eg har akkurat kome heim frå min fjerde Thom Hell konsert!!
Han har besøkt Volda 4 gangar sidan eg kom til Volda, der 2 har vore solokonsertar og 2 har vore som oppvarming, alle 4 har vore like fantastiske!
Stemma og teksta går rett i hjerte, og eg er veldig glad for at eg oppdaga musikken hans!
Einaste skår i gleda var at eg gløymde å ta med siste cden slik at eg kunne få den signert.. Thomas kom tilbake!!
Han er absolutt ein artist eg vil anbefale!

tirsdag, oktober 14, 2008

Snart Jul?

Om 2mnd og 10 daga er det faktisk Julafta:)
2 oppgåver skal produserast på ca ein månad.. På tide å starte kanskje?
Men medan eg leitar etter arbeidslysta så set eg og undersøkjer julesider, kanskje eg kan finne bra julepynt, tips til gåver eller anna moro.. På tide å starte med førebuingane!
Eg er veldig glad i jul! Syns det er koselig å pynte, vere saman med familien og møte folk ein ser kun ein gong i året.
Gler meg masse til å kunne pynte huset om ikkje så lenge. Heime hjå meg varar advent ikkje så lenge, her er det julepynt så fort eg kan!

søndag, oktober 12, 2008

Haust i Volda

Lenge sida sist eg har blogga no, men sidan vi har ei bloggblomstring må eg henge meg på bloggbølga! Skal prøve å vere litt flinkare:)

Men kva har skjedd sidan sist?
Hausten har gjort sitt inntog, med andre ord er det surt og vått.
Veka kom og gikk, med mykje jobb, latter og gode venner!
Har hatt nokon legendariske nach og festar. Jaggu kor kjekt det er å kunne leike litt;p Har vell gjort og sagt ymse som kanskje ikkje var så lurt, men men.. Må stå for det en gjer, sjølv kor dumt det er.. hehe..
Søndagar vert aldri det samme..haha

Volda utan gode vener er som sommer utan sol, bere dritt. Eg syns vi er flinke å ta vare på kvarandre,heng masse saman og finne på tull og tøys! Ej <3 Volda slik Volda er no!

torsdag, august 28, 2008

Konsertoman?

Prøva å ordne ei lita oversikt over kva konsertar eg har vore på. Ikkje så enkelt fann eg ut. Konsertane har vore mange, og eg har fått ein haug med nye favorittar iløpet av desse åra. Viss du ser at eg har gløymt å føre opp ein konsert så skriv ein kommentar!

A
120 Days
Animal Alpha
AHA
Annie
Avenged Sevenfold
Amulet
Ane Brun
B
Beady bell
Bruce Springsteen
Bertine Zetlitz
Big Bang
Briskeby
Bare Egil
Black Label
Backstreet Girls
Bronco Busters
Bjørn Eidsvåg
Basix
C
Chris Lee
D
Dsound
Datarock
Danko Jones
Diaz
Di Derre
DeLillos
DR. Alban
Don Juan Dracula
E
Einstein
Euroboys
Enslaved
Erik og Kriss
Egil Olsen
Elvira Nikolaisen
F
Foo figters
Focolift
Farmers Market
G
Gisle Børge Trio
Gerilja
Grand Island
H
Highway Patrol.. hehe.. ej e groupie her.. hehe
Hurra Torpedo
Heroes & Zeroes
Hopalong Knut
Hellbillies
Hot Club de Norvege
Hanne Hukkelberg
Hilde Louise Asbjørnsen
I
Iron Maiden
J
Jim Stärk
Jazzland
JR Ewing
John Doe
Jaga Jazzist
Jordan
Jon Eberson
K
Kari Rueslåtten
Klovner i Kamp
KiSS
Karin Park
Kurt Nilsen
Kent
Katzenjammer
Kaizer Orchestra
Karpe Diem
Kari Bremnes
Kakkmaddafakka
Køhn/Johansen
L
Lukestar
Lionheart Brothers
M
Magnet
Madrugada
Morten Abel
Minor majority
Maidenheads
Madcon
Motorpsyko
Magnus Hængsle
Matias Tellez
Marit Larsen
N
Norma Sass
Number seven deli
Nils Petter Molvær
O
Ozzy Osbourne
Opeth
Odd Norstoga
P
Pony the Pirate
Postgirobygget
Paperboys
Purified in blood
Public Enemy
Q
Queens of the stoneage
R
Robbie Williams
Ralph Myers
Ravi
Raga Rockers
Rumble in Rhodos
Ribozyme
Real Ones
S
Sissy Wish
Sting
Silver
Sidebrok
Surferosa
Serena Maneesh
Sorte Sogge
Sahg
Superfamily
Sigh and Explode
Seigmen
Susperia
Stonegard
T
Thom Hell
Turboneger
TNT
Turbostipend
The National Bank
The Fernets
Torch
Trond Viggo Torgersen
Trivium
The Presidents of the USA
Truls and the trees
Tre små kinesere
The Grand
The Disciplines
U
Ugress
V
Visnu
W
WASP
We
Wig Wam
Å
Åge Aleksandersen

onsdag, august 27, 2008

28 år og snart voksen?

Idag har eg hatt bursdag:) Ein perfekt ein faktisk:)
Har sove lenge og sløva litt før vi åt middag på Rokken med gode venna:)
Utrulig gøy å møtast, er ikkje så altfor ofte ein får samla ein god gjeng! Eit par stykker mangla, men håpar å få treffe dei om ikkje så alt for lenge:)

Etter middagen sat vi eit par timar å spelte kort(bombe..hehe) før eg samla ein jentegjeng heime hjå meg for å sjå greys og ete gotteri! Skikkelig jentekveld:)

No har klokka passert tolv og bursdagen er over, eg har fått sett på ei maskin med kle og skal nerde litt framfor dataen før eg finn senga.
Geir har nattevakt denne veka, å senga er så altfor stor for bere meg, så set alt for lenge før eg legg meg..

Mitt 28år håpar eg vert like bra som dei forige, om ikkje endå betre. Eg håpar at eg kan vere snill og grei, ha gode vennar og ein super familie. Utan vennane og familia mi so hadde eg nok ikkje vore den eg er. Evig takknemlig for all støtte og for at dykk er der!
Kjempe gla i alle saman:)

Takk for alle gratulasjonar som har kome på telefon og fjesbok:)

onsdag, august 20, 2008

Stuck i Volda..

Tanken slo meg idag.. Er eg stuck i ein evig runddans? Er vell kjensla ein får som evig student..
Eg startar no på mitt åttande år i Volda, og er med på å ordne til min 5 semestersstart på Kroa/Studenthuset. Og vi gjer dei same tinga, same feila, same stresset. Heldigvis går noko litt betre enn året før, men nye utfordringar dukkar opp.
Alt går eigentleg bere i sirkel frå året før.. Det er noko merkeleg forutsigbart med å jobbe med studentar, alt er det same som ifjor sjølv med nye personar..

Godt at vi har flytta veka slik at vi har noko nytt å stresse med i haust;)
Eg gledar meg til VEKA! Idag er det 1mnd igjen:)