torsdag, november 22, 2007

Sa d me na!!

Jauda.. Dinna veka her har vore prega av meir tanke enn tale, viss eg er like stille resten av veka kjem eg til å slå ein eller annan rekord! Det er vertfall sikkert og twist! Det er nok sist helg som har sett sine spor;p

Fredag var det partay på trede for alle penga, som førte til at det verken vart julegaveshopping eller andre fornuftige aktivitetar på laurdagen.. Lenge sida eg har vore so mykje ute som eg var på fredag, men det var gøy! Så då er det vert det! eller?! hehe..

Semesteroppgåva mi har vorte utsett denne veka til fordel for julegardiner og politisk aktivitet. Idag hadde eg mitt første møte i driftstyre og imorgon er det møte i kommunestyret.
Ellers går dagane med til å jobbe på rokken og vere sosial, med andre ord alt anna enn semesteroppgåve.. Men, men.. Sånn går no dagan;p

Dagens spanske: confuso= forvirra

mandag, november 19, 2007

Litt fransk i natten..

la coeur a ses raisons....que la raison ne connaît pas....
-hjertet har sine grunner som fornuften ikke forstår.....
Pascal

l`amour est l`histoire de la vie des femmes,c`est un épisode dans celle des hommes-kjærligheten er hele historien i en kvinnes liv,men en episode i mannens....
Madame de Staël

N`avoir rien à espèrer, c`est être malheureux-
ikke å ha noe å håpe på,det er å være ulykkelig....
dronning Kristina

Dagens spanske: concepto= tanke

torsdag, november 15, 2007

Å so var den der igjen..

Etter å ha vore i dvale i heile haust, har den no kome opp i dagen..
Eg har klart å oversett den ganske lenge faktisk, men no kan eg ikkje halde den unna.
Semesteroppgåva har festa sitt klamme grep.

So no set eg her, med engelsk pensum og dårleg tid. Ikkje akkurat det eg hadde tenkt meg før sommaren, då eg lovte på tru og ære at eg skulle vere flink student denne hausten.. Men sånn gjekk det då ikkje.. Eg har heldigvis skumma gjennom pensum tidligare i haust så eg har ei lita oversikt.. heldigvis.. hehe..
Og medan eg set her og sutrar over min manglande sjølvdisiplin er Ingebjørg og Henning på veg til København. Søte søte byen.. sukk.. Julemarkede på tivoli har opna og alt.. Den som kunne vore i Danmark å sett på julepynt og kosa seg.. Heldigvis så er det no bere 3mnd igjen til Barcelona! Og bere 1mnd og 9 dagar til juuuul:)

I helga vert det julegaveshopping, må bruke opp restane av oktoberlønna, sidan over halvparten går til kjære kjære lånekassa.. Har heldigvis hatt mykje moro for dei pengane, 300 000 med gode minne:)

Dagens spanske: fin de semana = helg

mandag, november 12, 2007

Babylykke!

Gratulerer so mykje til Hanne og Bjarte som fekk seg en prins idag:)
No verte det babykleshopping!! Gøøy:)

Gratulerer også til Martine som er 1.år denne veka og Thomas som er 1.år den 1.desember!Hipp Hipp!Hurra Hurra Hurra!

Iløpet av siste året har det kome mange prinsar og prinsesser til verda, føles som om at alle rundt meg produserar på høgt plan! Eg vert nesten inspirert..hehe..
Men akkurat no so kosar eg meg med å låne dei avatil, kjekt å kunne vere litt "tante":)

Eg lovte Ida at viss ho vart eit år til i Volda so skulle eg lage en baby..No skal ho kanskje det.
So da må eg holde det eg lovar.. Hehe.. So får vi sjå om eg klarar å lure Geir.. Hehehe;)

Dagens spanske: quedate con el cambio: keep the change( when paying for something.)

fredag, november 09, 2007

Freddan...

Endelig fredag gitt!
Ei lang veke med undervisning er snart over. Eg har vore flinkis og møtt kvar dag!
Ipa304 er eit tilbaklagt studium om ca 5 veker so lenge at eg klarar å gjere det bra på eksamen.. Viss ikkje bli det slitings! So det vert 5 harde veker, men mykje skule. Men men.. Sånn går det når ein går i koma fra august til november..

Igår kjøpte eg meg mine første julegardiner! I år vert det raude og svarte panelgardiner til jul..
Som veldig juloman gleder eg meg stort til 1. desember og til å starte å pynte til jul. Heime hjå oss er det lite advent og mykje jul. Dette fordi at eg vil nyte jula lengst mulig:)
I år vert det også juletre!! Har handla dei søtaste julekulene med englar på og har bestilt rød julekule fra england.. hehe.. hekta?! jeps;p
Var i ørsta igår og fant masse eg har lyst å kjøpe til å henge på treet, men har lovt meg sjølv å få oversikt på kva eg har først.

Eg og Geir les no lonely planet boka fra Barcelona på kryss og tverss! Målet er å ha vertfall bittelitt oversikt, slik at vi ikkje rotar vekk tid på å gå oss vekk. Er det forresten nokon som har oversikt over korleis ein brukar c i spansk? når er det k-lyd?

Dagens spanske: prepararse para un examen; å forbrede seg til eksamen

fredag, november 02, 2007

Teke feeerga over fjorden!

Kva gjer ein?! Har ein eigentleg noko valg?! Ein må bere seie ja, ta beina fatt og springe!

Problemstillinga kom opp i natt. Etter ein trivelig middag på Rokken der vi fortsatte festen på trede, stod vi der utafor fotobutikken og lurte på nach... Plutselig kom ho der! So fager og stor! Med blenkande lys som bere inviterte oss med! Ida sa høgt det alle tenkte "Nach på ferga!!!"
Eg, Kristian og Ida reagerte med lynets hastighet å og tok beina fatt og sprang! ( Sprang 5 meter vertfall.. hehe.. ) Ole kom etter med ødelagt arm for Ida hadde nøklane til hybelen hans.. Anette vart oppringt, ho kunne ikkje gå glipp av dette her! Fergemannen ville gå med ferga, men vi ville ha med Anette.. So ho kom spurtande over plassen og rakk det!! LYKKE!

Ida tok på seg jobben med å dokumentere utflukta vår, slik at det ikkje skulle vere noko spørsmål! Har aldri hatt det så moro på ei ferge før! Takk til Ida som kom på denne geniaaale ideen! Den var perfekt avslutning på ein festelig kveld!

No set eg å ventar på å gå på Rokken, eg må bere sjå litt Rachel Ray først.. Det skal handle om Barcelona, so da er det lov! Då er det tross alt forskning før turen:)

Dagens spanske utrykk: una resaca ( Å vere fyllesjuk)