søndag, august 13, 2006

Sommaren 2006

Tenkte eg skulle oppsummere sommaren.. Eg har verken stått på vannski eller bada, men vi har vore sosiale, folk har vorte kjærstar, spelt kort, drukke øl, feira bursdag, vore på konsert, drukke øl og spelt kort..

Location har vore Volda med ein liten tur til austlandet og ein tur til gursken.. Eg har også gjort det som er obligatorisk for alle nordmenn, vore på harryhandel i Sweden..Vart mobba fordi eg ikkje smugla noko.. Ærlighet varer lengst svarte eg, men etter sommaren siste oppdagingar så er eg ikkje så sikker på dette..

Statusen min er arbeidssøkande... Om nokon treng ei lysfontene så send meg eit pip! Eg stille!