lørdag, februar 28, 2009

Prosjekt svettis og friskus!

Tenkte eg skulle blogge om mitt nye prosjekt, bruke bloggen som ei treningsdagbok rett å slett.. Grunnen til at eg vil offentliggjere prosjektet er rett og slett at du skal kunne spør meg korleis det går med treninga, så skal eg sei at eg prøva mitt beste, å du skal kunne skryte av meg;)
Å forhåpentligvis kan det gi meg dytten til å kome mej på trening og dårlig samvittighet viss eg droppa det..

Grunnen til trening er no så mangt, felles for oss alle er vell for å få ein sunnare kropp som fungerar betre. Eg fekk i januar beskjed om at eg hadde astma, og at viss eg trena regelmessig kan eg sleppe å bruke mykje medisin. Eg må også slutte å røyke, så det er to store prosjekt denne våren. Kanskje like greitt at eg kan få noko anna å tenke på enn dei tankane som har herja dei siste vekene.

Målet mitt er ikkje bikinisesongen, då måtte eg nok hatt litt Nip/Tuck først;P Men med ein BMI på størrelse med ein liten elefant er dette ein grunn til å kaste seg på treningsbølga, diabetes2 er noko eg ikkje vil ha.. Elles har eg merka at denne treninga gjer meg lettare til sinns, som eg svettar ut litt bekymringar der eg traskar.. For svettar, det er noko eg gjer, her er det dårligkondis.com;p

I mange år har unnskyldningane vore mange for å sete på rumpa og gjere denne større, men no hadde eg brukt opp alle. Eg har gardert meg med medlemsskap på tren og gode venniner til å trene saman med. Barrierane eg har brote dei siste vekene har vore mange, men jaggu har vi vore flinke. Vi skal no lage oss kalendarar der vi skal få stjerner for trening og mindre gotteri.. Har lovt meg sjølv at viss eg har vore flink fram til påske så skal eg belønne meg med den flott veska dei har fått på veskebutikken.. Den sto så fint og ropte på meg når eg var innom på fredag, nestan kjærleik ved første blikk;)

Så i vekene framover skal eg prøve å blogge om min fysiske aktivitet og dei følgene det får. Denne veka var eg på trening 5 dagar, noko som er personlig rekord! Me like:)
Så då får vi sjå korleis dette utviklar seg!

Elles når det gjeld det innlegget mitt under så går saka sin gang, men eg har nok innsett at eg må ta sur lærdom for noko som lett kunna ha vore unngått. Men eg prøvar å fokusere på det positive i kvardagen, og takkar dei som er rundt meg for fantastisk støtte. Dykk er akkurat det ein treng når livet går litt i mot..
Veldig gla i dokke alle saman<3

tirsdag, februar 17, 2009

Kvinne på randen...

Eg kjenner at eg er i ferd med å gi opp.. At den sida i meg som bere vil gi f.. får stadig større rom.. Eg likar ikkje den delen av meg..

Eg vil vere den som kjempar for det eg trur på, ser det positive i alt, og alltid har tru på at ein kan få til det ein prøvar på..
Men no er det altså den andre sida, den som er pesimist, den som svartmalar og som fortel meg at eg tek feil som regjerer..

Viss eg bere kunne ha forklart det til dei, fått dei til å skjønne kva eg meinte..
Men kva skal ein seie når ein eigentleg er tom for ord?!

søndag, februar 15, 2009

Brukt på nytt


Det har vore ei moro, men hektisk helg i Voldabygda..
Fredagen feira vi verdens beste Anne Helene med supriseparty eit halvt år etter ho fyllte år!
Det er utruleg moro å glede nokon som vert så gla for det:)
Vi kosa oss med tapas og vin før vi tok turen på Rokken på Gisle Børge trio..
Det var ein nydelig konsert som var balsam for mi sletne sjel..
Etter all turbulensen som er i kvardagen min så var det godt å sette seg ned for å bere ta imot god musikk.
Takk til Gisle Børge, Helge og Per willy for ein fantastisk konsert!
Dykk er hjartleg velkommen tilbake:)















Laurdag starta vi dagen med å kose oss på kafe med Arve, Hanne, Bjarte og Iver.
Arve var på tur til Volda denne helga, var moro å sjå han igjen etter så lenge!
Iver var i toppform og sjarmerte både meg og alle andre på Rokken i senk.
På kvelden starta vi med ein nydelig middag heime hjå Anders og Kate. Vi feira at Kate fyllte år,
og Anders diska opp med Kalkun, eller kra kra som Iver kalla det:)
Det var ei koselig stund, med god mat, god drikke og godt selskap!
Neste gang du kjem må du ta med heile familien Arve! Håper Randi og snuppene kosa seg i Bergen!
Vi avslutta kvelden med ein tur på Rokken.. Rokken på ein laurdag er ein merkeleg stad, og ein
bør egentlig vere sveiseblind for å vere der..

Søndag tok eg, Anne Helene, Ida og Anne turen til Aasentunet der han Ivar skulle lære oss om
Brukt på Nytt.. Heldigvis hadde han leigd inn Kathrine Gregersen for den praktiske biten.
Ho er ei fantastisk dame med utruleg evne til å formidle. Når foredraget var over hadde vi alle 4
funne oss heklepinne og sengetøyrestar for å hekle filleryer. Vi fekk også lære oss å lage vekser,
eller handlenett som dei kallar det.. For meg som har eit stort handikap når det kjem til
handarbeid var det stort å kome heim med veske og påbegynt teppe. Og etter vi hadde kosa oss
med velfortjent pizza fann eg fram teppe mitt og fekk hekla det ferdig.

Om det ikkje er perfekt så ligg det masse sjel i det:)







torsdag, februar 05, 2009

Engasjement i natten..

Er trøtt som ein dupp og burde ha lagt meg, men må få ut litt damp før eg finn senga.. Vert liggande å løyse verdsproblem vist ikkje..

Engasjement er ein rar sak.

Eg driv no å jobbar for å få eit styre til VEKA2009, å det er jaggu ikkje enkelt..
Anten skal dei i praksis no eller så skal dei i praksis i hausten, lysta er der med mange men dei veit ikkje om dei er her til hausten..
Å alle dei andre? Dei som set bakerst utan å sei noke? Dei latar som det ikkje anngår dei, at det må vere opp til nokon andre å skape noko.
" Det ordna seg sikkert, sikkert nokon andre som gjer det.. Det handlar ikkje om meg.."

Men det handlar nettopp om deg, meg og alle andre. Viss ingen gidd å skape noko, engasjere seg og gjere noko for andre, kvar endar vi då?
Setande i kvar si stove å glo inn i anten tv eller data og klage over at alt er keisamt og at det ikkje skjer noko..

Ei venninde av meg sa det så fint; " Hadde dei visst kva dei gikk glipp av!"
Alle minna, vennane og erfaringane ein går glipp av bere ved å sitte heime å vente på at nokon skal gjere jobben for deg..

Eg er gla for at eg er så fordømt nysgjerrig at eg bere må prøve meg nye ting.
Eg har eit behov for å lære, gjere og vere aktiv. Eg vil forme min kvardag og mi studietid.
Eg vil ikkje sjå tilbake på kva eg kunne ha gjort, angre for det som aldri vart.
Så får det heller ver då at eg har trakka på nokon tær, og gjort nokon tabbar.
Men ein ting kan du ikkje ta meg på, og det er at eg ikkje prøvde.

Det er din kvardag, di studietid og di framtid...

mandag, februar 02, 2009

Å være sterk


Å være sterk er ikke

å løpe raskt

å hoppe lengst eller

å løfte tyngst


Å være sterk er ikke

alltid å vinne

alltid å ha rett eller

alltid å være best


Å være sterk er å

se lyset når det er mørkt

slåss for noe man tror på

selv om man ikke har flere

krefter igjen

og se sannheten i øynene selv om den er hard








(Fint dikt som eg fann på internettet, usikker på forfatter.)

søndag, februar 01, 2009

Som lova!


Her kjem ei stor stjerne til alle dei flotte folka som jobba på Rokken idag. ( Den går også til alle dei flotte folka som legg igjen ein fantastisk innsats på Studenthuset slik at andre kan gå ut å r
ølpe!) Utan dykk hadde vi ikkje hatt noko studenthus!