lørdag, januar 14, 2006

I minneboka..

I minneboka mi fins det både store og små minner.. Ein stor del er dediktert til dei 3 siste åra..
Eg syns tida har gått alt for fort.. Det kjennes ut som om det var igår, nervøs og ganske sjenert skulle eg stille som leder i Studentsamfunnet i Volda..
Takk til alle dei som har vore med på å gjort dei 3 siste åra til fantastiske, unike, og veldig spesielle år..

Spesiell takk til Ingebjørg, Rune, Torhild, Jeanette, Mariann, Trond, Rita, Kari, Hilma, Tonelinn, Onkel Olav, Jonas, Hans Jacob, Kjetil, Thor, Thomas, Mariusgenser, Anette, Ida, Jesper, Thomas, John, Henrik, Hogne, Mari #1, Mari#2 og Are..
For å ha haldt ut ekstra med meg desse åra.. Lots of love!!

I minneboka mi har eg no rydda plass til nye kapittel i mitt liv.. Måtte dei bli like innhaldsrike..

søndag, januar 08, 2006

Slutt eller start?



Stille og rolig, med enkelte unntak, har jul og nyttår passert. Høgtida vart feira heime hjå familien. Det var godt..
2005 forsvann i ein fei, såg på nokre papir som eg følte eg nettopp hadde fått.. Dei var datert i oktober..

Denne januar er starten på 2006, samtidig som det er slutten på mi karriere i styret i Studentsamfunnet i Volda. Det kjem til å verte merkeleg å ikkje lenger skulle vere så aktiv lenger. Eg held vist på å verte vaksen.. Likar det ikkje, å vere voksen er kjedeleg..
Dei 3 siste åra har gått i ein fei.. Eg angrar ikkje eit sekund på at eg for ca 3 år sidan ringte til Jonas å hørte om at dei trengte jobbegjeng.. Men som den evighetsstudenten eg er, så er det på tide å gi frå seg nøkkelen.. Dei som kjem etter oss no går ei spennande tid i møte. Lykke til alle saman.. Eg kjem nok til å gå igjen i lokala inn i evigheten..

Slutten på noko, betyr starten på noko anna, men starten på kva?!