søndag, oktober 25, 2009

Elles?

Skjedd sidan sist?! Mykje!

Kva har skjedd i haust? Eg veit liksom ikkje heilt kvar eg skal starte!

Hausten har vore merkeleg, enkelte dagar har vore som om vi ikkje hadde sommarferie, at vi bere fortsette der vi heldt på før sommaren.. Det vil seie at ting har vore veldig hektisk til tider, og det er vell grunnen til at eg har vore så dårleg på å blogge..

Eg er veldig glad i jobben eg har og stortrivast 85% av tida! Desverre overskyggar nok dei 15% som ikkje er so himla festlig litt over det positive, men prøvar så godt eg kan å sjå glaset som halvfullt og ikkje halvtomt, sjølv om lunta til tider er så kort at eg burde finne meg ein 9-16 jobb..

Men samstundes så kan eg ikkje få betre jobb, eg har nemlig fått bekrefta misstanken min; eg er laga av reservedelar!! Eller for å bruke legen sitt uttrykk; Eg er bere sånn.. Med sånn meinast det at eg har dårlege senefeste ca over heile kroppen.. Dei tåler fint lite belastning og krever at eg har ein jobb med variert innhald!
Mao er Rokken jobben fole ok! Ikkje bere er eg hyperaktiv og syns det er kjedeleg å gjere same tingen for lenge, kroppen min er heilt enig;P

Desverre starta eg den treningsgreia mi alt for hardt, og har gått på ein skikkeleg overtreningssmell.. Men no håpar eg at alt har fått kvilt seg nok til at eg kan få starta å trene igjen, har vertfall sett heile kiropraktorsenteret i volda på saken for å gjere meg treningsklar! Viss no denne dumme forkjølinga hadde forsvunne så hadde det vore topp stemning!!

Eg har også i haust smakt litt på Dagleg leiar stillinga, sidan Ulf har vorte far til ein liten prins!
Det vart fort 12 timars dagar pga vekejobbing, og saman med Åsentunet og studie vart det lite søvn og mykje jobb:P
Heldigvis for meg var Ulf aldri meir enn ein telefon unna, og trur at eg skal halde meg der eg er.. Mykje kjekkare å jobbe med konsertane framfor å betale honorara:P

Elles så prøvar eg å halde følge med alle desse søte små som veks opp rundt meg! Dei er så nydelege alle saman! Eg tek på meg rolla som tulletante med glede! Eg er så heldig at eg skal vere fadder for ei lita snuppe den 22 november, prinsesse Iva til Klaus og Lillian! Eg føle meg veldig beæra over å få slik ei tillitserklæring og skal gjere mitt beste for å ta vare på denne prinsessa både med gøye pakkar og ikkje minst eit ord eller tre om det som skjer i kyrkja:)

Når det gjeld det sosiale så går no dagan på Rokken! Plutselig var det veka09 og no kosar vi oss med konsertar og stas! Skal vere bandha for Datarock imorgon så då er det greitt med ein roleg sundag! Sjølv om sundagen under veka08 var fantastisk;P
Revyen i år er også veldig god, sjølv om eg går å syng på enkelte av sangane frå i fjor;)

Det merkast også at det var mange som reiste før sommaren! Eg forventar fortsatt å sjå dei på Rokken, og skulle gjerne hatt dei her! Dokke veit kven dokke er!
Er derfor svæært kjekt at Idapiiida og Mari kjem på Voldabesøk i haust! Æ glær mæ:D

Eg har mykje eg kunne tenkt meg å skrive om, men som eg ikkje gjer sidan dette her er ein blogg og ikkje ei hemmeleg dagbok! Men i bunn og grunn har eg det bra, sjølv om enkelte prøvar å øydelegge idyllen..
No trur eg at eg skal starte på å finne senga slik at eg er utkvilt og klar til å leike ein heil dag på Rokken!

tirsdag, oktober 20, 2009

Ka so skjer?

Eg veit at eg er svært dårleg på å blogge for tida.!
Men sånn som skjer når alt anna skjer;p

Siste månaden har det gått i Rokken, Veka, Veka, Rokken, Åsentunet, kommunestæsj..
Skulle hatt meir til å leike med vener, men håpar at det vert meir tid no etter Veka:)

Har ikkje så mykje å melde igrunnen, eller rettare sagt, det eg har å melde egnar seg ikkje på trykk! Men eg har vore rasande sint, jublande gla og litt midt i mellom;P Men på det jamne har eg det rasande gøy! :D

Skal prøve å samle meg litt meir ein kveld å få ut litt meir utdjupande om kva som skjer i mitt lisje hjørne;p

kjøss!