søndag, november 19, 2006

Lykke...

Ein av dei tinga som gjer at eg har vore i volda i altfor mange år, er rett og slett konserttilbudet som er her.. Tenk at eg iløpet av ei veke får oppleve 2 av mine favorittartistar her i vesle volda! Det er lykke det!

Ralphene sin konsert var som vanlig engergisk og fantastisk!
Det var min 4 Ralph konsert, og den 3 her i Volda.. Ein kan ikkje unngå å like desse karane her.. Fantastiske folk, både inni og utapå! Eg fekk trommestikke av Thomas og cden min vart signert. Lykke!

Fredag, etter å ha levert oppgåva 1time og 10 min før fristen, så var det Jim Stärk konsert.. Både Ralphene og Jim minner meg om gamledager.. Eg vert varm i sjela når eg høyrer musikken deira.. Så musikken er faktisk med på å samle gamle minne og nye minne.. Det som var og det som er! Igjen, Lykke!
Konserten var alt eg ønska meg, bortsett fra folk som må snakke på konsert..Hold kjeft eller gå på france!
Einaste sangen eg sakna frå sist eg var på konsert var sweet, men det var godt å være på konsert med dei igjen. Eg fekk kjøpt meg cd, som bandet sigerte, so no har eg den komplette Jim Stärk samlinga!

tirsdag, november 14, 2006

Korleis skal dette gå?!

Offisielt er angsten over meg..
4 dagar.. 15 sider...
Kjem eg i mål så er det meir flaks enn dyktigheit..

tirsdag, november 07, 2006

På oppfordring..

Etter at nokon syns at bloggen min er ganske kjedelig og lite oppdatert, så tek eg utfordringa til å skrive nokon ord.. Om dei vert givande å lese er ei heilt anna sak;)

Her i wonderwolda er alt det samme.. Det går i jobbing og sosialisering. Kva med eksamen spør mange, og eg har inget godt svar. Har starta på oppgåva vertfall. Idag skal eg lese gjennom pensum. Neste fredag skal den leverast. Derfor seg eg her og bloggar...

Men heldigvis er ikkje alt eksamen og jobb.
Imorgon kjem Ralphene! Gleda meg stort! Dette vert årets konsert i Voldashcmolda!!

Ellers så er det no bekrefta at eg har fått meg fri slik at eg kan reise til Bergen 23. november! Eg skal på iron maiden konsert! Eg og guttaboys!! Æ glææær mæææ!

p.s.. Det er snart jul! Om ikkje lenge skal eg finne fram julemusikk og julepynt.. Det blir stas:)

onsdag, oktober 11, 2006

Månadsblogg?!

Av ein eller annan grunn så oppdaterar eg vist bloggen min bere ein gang i månaden.. Kan det være noko med at eg er mykje flinkare verbalt enn skriftleg? Trur det ja..

Sidan sist har eg fått meg jobb!! Ikkje bere ein, men fleire!!
Eg jobbar no på:
Mega i Volda( hottaste butikkdama evvva! hehe..Alle må no handle på mega! Pida var innom idag, og Ragnhild var innom mandag..Den som er der mest får pakke til jul;))
GoBitenGrill i Ørsta me Laila.. beste burgarane på SøreSunnmøre! Ej lova!
Åsentunet som tunassistent, har ikkje starta enda, men har sagt ja! Så søndagsbesøk i Åsentunet er obligatorisk når eg er der;)
Tilkallingsvikar på diverse skular! Sidan eg er utdanna, og har over 300 000 i lån pga denne utdanninga, så er det litt lurt å få undervist litt, på denne måten får eg vete om dette er noko å trakte etter..! Har vell funne ut at ungdomsskulen er plassen for meg.. Så kanskje om nokon år så får eg meg jobb på ein skule? Treng 2 år med pedagogiskpraksis før eg kan starte på masteren min.. Å verte inspektør er målet! vist ikkje eg finn ut noko anna moro..

For å få ei unnskyldning til å være sosial so jobbar eg også på Rokken og sitt som økonomiansvarlig i Veka07( beste veka evva;))
Å tilslutt, når eg har gjort alt ovanfor så prøvar eg å fullføre 15 stp.. Dei heng vell i ein tynntynn tråd.. Men kanskje eg kjem i mål.. kven veit..

mandag, september 11, 2006

Oppsummering av blonde tanka å idea..

Eg er fryktelig dårlig på å oppdatere bloggen min..
Skal prøve å verte litt flinkare.. Som arbeidslaus har eg vertfall tida til det..

I Volda er semesteret godt igang.. Hadde ei knall åpningsveke med ein knall kaizerkonsert og eit knallbra nach!! Så vart eg sjuk.. Veldig lite knall.. Legen lurte på om eg hadde kikhoste.. Legen tok feil sidan han skulle kontakte meg om prøva var positiv, noko han ikkje har gjort..Men antibiotikaen hjalp og eg er frisk!

26.august hadde eg ein super bursdag og feira den i Ålesund med AHAkonsert! Endelig fann dei fornuftig bruk av den stadioen! ;)

Ellers så er eg arbeidslaus og er til tider litt motlaus også.. Folk som lovar ting dei ikkje held burde skamme seg.. FY!
Viss du veit om nokon som treng folk så stille eg!

Eg hadde også eit lite samanstøyt med det norske tollvesenet då dei sendte tilbake alle pakkane som look fantastic sendte til Norge.. Viktig å stoppe slike som skriv ned tollverdien.. Stoppe narkotika?! Hæ?! nei.. la oss heller stoppe dei som tener 100 på å kjøpe shampoo i utlandet.. Fikk en søt mail med LF som fortalte at eg kom til å få varene, dei måtte bere sende dei i to forsendelsar..
Det e kundeservicen sin det.. Så den norske tullen kan bere ha det so godt! Ha!!

Men opp i alt dette som gjor meg ganske mygla so dro ej, Irene og Pida på kino og såg merkesteinane! For en gullfilm! Eg anbefala den på den sterkaste!!

Ka gjer det vell at eg ikkje har jobb når eg har masse fantastiske folk rundt meg?!

søndag, august 13, 2006

Sommaren 2006

Tenkte eg skulle oppsummere sommaren.. Eg har verken stått på vannski eller bada, men vi har vore sosiale, folk har vorte kjærstar, spelt kort, drukke øl, feira bursdag, vore på konsert, drukke øl og spelt kort..

Location har vore Volda med ein liten tur til austlandet og ein tur til gursken.. Eg har også gjort det som er obligatorisk for alle nordmenn, vore på harryhandel i Sweden..Vart mobba fordi eg ikkje smugla noko.. Ærlighet varer lengst svarte eg, men etter sommaren siste oppdagingar så er eg ikkje så sikker på dette..

Statusen min er arbeidssøkande... Om nokon treng ei lysfontene så send meg eit pip! Eg stille!

lørdag, juni 03, 2006

Takk for no! Velkomne tilbake!!

Takk for mange gode minner og for at eg har fått lov å verte kjent med alle dei fantastiske folka som no finn det for godt å forlate Volda.. Lykke til vidare med jobb og studiar!

Alle saman er velkomne tilbake so fort som råd! Vi som er igjen skal vere her å passe på Voldabobla..

Kjem til å sakne veldig mange av dykk som reiser no..
Er veldig glad for at det er mange fantastisk folk som kjem tilbake når det vert haust igjen.. Eg hadde ikkje takla om alle folka mine forlot Volda på ein gong..
Volda er den tristaste plassen på jord når alle reiser..

Lots of Love!:)

torsdag, mai 25, 2006

Morsom test..


Ramla over ein test på similarminds.com der du kan teste kva kjent ledar du liknar på..
Mitt resultat vart Bill Clinton.... Liknar vi?! Tja...

søndag, mai 14, 2006

Mitt liv som groupie...


I helga var det igjen konsert med ett av mine favorittband, Highway Patrole!
Dei spelar god musikk som gjer ein gla... Idag har eg sunge på Here comes the sun, sjølv om det både har hagla og regna..
Vi samla ein god gjeng på vors og fortsette festen på det grøne tredet.. Her sang vi og kosa oss i mange timar.. Eg er sjølvoppnemnt groupie til desse karane, så reint subjektivt so syns eg konserten var gull selvfølgelig! Enkelt vil nok ikkje forstå min fasinasjon, men desse karane representerar ting som er med på gjere livet godt; venar og musikk!

Idag har vi brukt mange timar på tredet for å mimre og le over ting som skjedde igår..
Ein heil haug med bilete vart tekne, sjølv om ikkje ein klare å fange stemninga skikkelig på eit bilde, so gjer eit bilde det enklare å huske, stemninga ligg trygt plassert i den store minneboka!

fredag, april 28, 2006

Gildebråk...

Stakkars sjefane i Gilde.. Trur dei må ha Norges værste jobb akkurat no..
Dei må stå å ta imot all bråket for noko som dei som er ansatt i systemet har gjort..
Eg skuldar på mennesklig sløvheit og latskap.. Her må det ryddast og vaskast, men eg trur ikkje det hjelp å sparke en direktør eller sju..
Fortsatt kjem dei same folka til å stå på golve.. Det er dei som sørger for sauelort i lammesteika.. ikkje mannen i dress..

Eg beundrar infoansvarlig i Gilde som må stå der å ta imot alle dei idiotiske spørsmåla og påstandane som kjem frå media og politikarar.. Ho har ikkje bedt om dette.. Noen ganger så er journalister dumme sauer, spørsmåla er vertfall i samme liga som dei du finn i en vårfjøs..

Folk er skeptisk til Gilde..Trur dei verkeleg det er så mykje betre andre plassar?
Er folk så naive at dei trur d e kun gilde som har smuss i krokane på fabrikkane sine..
Eg har fått høyre skrekkhistorier som gjer at eg held meg unna fårpølse, uansett kva merke som står på pakken...

onsdag, april 19, 2006

VoldaSmolda..

Sjuk igjen.. bombe..vart denne gangen den stolte eigar av ein kur med antibiotika.. doktormannen hadde ikkje tenkt å gi den til meg i utgangspunktet, men han forandra meining.. Kva som gjor det er eg usikker på.. Men håper at dette kan være med på å gjere meg frisk.. vertfall ei lita stund..

Lider litt valgetskval for tida.. Kva skal ein finne på til hausten...Fant en gulljobb;org.sek på folken.. Men Stavanger er så ufattelig lang vekk.. Men her i Volda er ikkje valmuligheita stor.. enten Orgsekjobb eller ingen jobb.. Jobbmarkedet på Søre Sunnmøre er forbehold gutar med yrkesfaglig utdanning.. Så om ikkje Volda snart glimter til med noko spennande så ana ikkje eg kva eg skal finne på.. Folk masar om eg ikkje skal ut å undervise, eg er då tross alt lærar.. Men lærarjobbar veks ikkje på tre.. Å spesielt når dei er ute etter fagkombinasjonar eg ikkje har..

Alt dette er med på å gjere meg til ein sikkelig lerkefugl.. reine lysfontena faktisk..

torsdag, mars 30, 2006

Forbud

Er det mulig å forby nettsider med lyd?
Eller teite reklamer med lyd som plutselig brøle mot deg når du beveger deg forbi dei...
Postbanken får ikkje kundar med den grusome reklama.. Det nekta eg å tru..

torsdag, mars 16, 2006

Kvifor?!

er norskungdom så teite at dei syns det er tøft å digge Hitler?!
Finn fram historieboka dykkar.. Dustebarn..
http://www.vg.no/pub/vgart.hbs?artid=120405

lørdag, mars 11, 2006

Sjefen..

Sjefen er ein bra mann!
Sjefen har samme dårlige humoren som resten av oss, og er ein super samarbeidspartner! Sjefen er flink til å seie nei når vi har dumme ideer...

Sjefen har vert sjefen min siste 3 åra..
Idag avslørte han noko som eg har mistenkt lenge, sjefen er ein utmerket kokk!!
Han diska opp 6 retter til oss.. Vart mett kan ein sei...

Bere så synd at sjefen skal slutte...
Lykke til i nyejobben!

onsdag, mars 08, 2006

Konsertar i 2006!

Kva gjer det eigentleg at eg ikkje fekk jobben når eg skal har tidenes konsertår?

Sting i Juli
AhA i August
Iron Maiden i November

pluss mykje anna moro!
Gleda mej vilt!

Endelig svar

Har endeleg fått svar, men som forventa så vart svaret nei..
Merklig med den intuisjonen asso.. Litt skummelt til tider..

Sjølv om det er litt kjipt, så går det greitt..
Hadde liksom ikkje forventa noke anna..

Men no e spørsmålet, kva i alle dage skal eg no finne på?
Mi karriere som jobbsøkar skal no ta til..

Lika det svært dårlig..

lørdag, februar 25, 2006

Walk the Line..

Dette er den 2. fredag på rad eg har sete inne å sett film..
Nesten blitt inneværende husmor.. *grøsse*

Denne fredagen var det Walk the line på plakaten..
Absolutt ein fin film.. Kan anbefalast!
Selfølgelig hjelp det mykje, at eg i utgangspunktet syns
Joaquin e hot og Reese er flink, og at Johnny Cash har laga mykje bra musikk..

tirsdag, februar 21, 2006

Smith & Jones







biletet er lånt av Nrk..
Dette var ein av dei seriane som samla familien då eg var lita, idag fant eg ut at den går på Nrk2..
Det var nesten like morsomt som før!

Alt ein oppdagar når ein vert tvinga til å vere inne..

søndag, februar 19, 2006

Always winter but never christmas..

Drømmen om narnia..
Perfekt søndagsunderholdning når ein er sjuk..

lørdag, februar 18, 2006

Brokeback Mountain

Må bere reklamere litt her..
For ein fantastisk film!
Om du ikkje har sett den, så er dette ein måsjåfilm!
Ein film for deg som likar historier om savn, glede og kjærleik..

fredag, februar 17, 2006

Ekje nåke problem

å verte sjuke i volda...

So satt eg her.. bergteken av influensa. Det e helg og masse festar, eg skulle ha jobba, men kva skjer? Eg er fint plassert i stolen, med pcen i fanget.. viruset har slått leir i lungene mine og alle musklane vert brukt til å ikkje hoste eller nyse.. enkelt når ein er sjuk...

Idag har vi hatt familiemiddag i voldafamilien, vi har feira den yngste.. Toern vart 22! hurra!!
Pida kokte middag, 1ern baka kake og katrine, som var på besøk for å oppleve Voldagalskapen, laga muffins. Koslig kveld, bere så synd at febern ligger som et et teppe og eg måtte ta tidlig kveld. Kjenne eg dei rett så drikk dei for meg med!!

Vi er no midt i februar, å veka er over. Veka var fylt av venner og fest! Sangtekster vart komponert og kne vart skada! Ein får ikkje meir morro enn ein lagar sjøl! Imorga er det konsert igjeng! Yey! Serena Maneesh gjester Rokken! Eg håper bere forma e slik at eg kan få den med meg..

lørdag, januar 14, 2006

I minneboka..

I minneboka mi fins det både store og små minner.. Ein stor del er dediktert til dei 3 siste åra..
Eg syns tida har gått alt for fort.. Det kjennes ut som om det var igår, nervøs og ganske sjenert skulle eg stille som leder i Studentsamfunnet i Volda..
Takk til alle dei som har vore med på å gjort dei 3 siste åra til fantastiske, unike, og veldig spesielle år..

Spesiell takk til Ingebjørg, Rune, Torhild, Jeanette, Mariann, Trond, Rita, Kari, Hilma, Tonelinn, Onkel Olav, Jonas, Hans Jacob, Kjetil, Thor, Thomas, Mariusgenser, Anette, Ida, Jesper, Thomas, John, Henrik, Hogne, Mari #1, Mari#2 og Are..
For å ha haldt ut ekstra med meg desse åra.. Lots of love!!

I minneboka mi har eg no rydda plass til nye kapittel i mitt liv.. Måtte dei bli like innhaldsrike..

søndag, januar 08, 2006

Slutt eller start?



Stille og rolig, med enkelte unntak, har jul og nyttår passert. Høgtida vart feira heime hjå familien. Det var godt..
2005 forsvann i ein fei, såg på nokre papir som eg følte eg nettopp hadde fått.. Dei var datert i oktober..

Denne januar er starten på 2006, samtidig som det er slutten på mi karriere i styret i Studentsamfunnet i Volda. Det kjem til å verte merkeleg å ikkje lenger skulle vere så aktiv lenger. Eg held vist på å verte vaksen.. Likar det ikkje, å vere voksen er kjedeleg..
Dei 3 siste åra har gått i ein fei.. Eg angrar ikkje eit sekund på at eg for ca 3 år sidan ringte til Jonas å hørte om at dei trengte jobbegjeng.. Men som den evighetsstudenten eg er, så er det på tide å gi frå seg nøkkelen.. Dei som kjem etter oss no går ei spennande tid i møte. Lykke til alle saman.. Eg kjem nok til å gå igjen i lokala inn i evigheten..

Slutten på noko, betyr starten på noko anna, men starten på kva?!