torsdag, desember 30, 2010

Oppsummering...

Kva har skjedd sidan sist igrunnen?! Skulle tru at eg som budde på bygda hadde tid til å blogge:p

Eg og Geir har som tidligare skrive flytta til Gursken, ei perle i vest! Her ventar vi på at dei vi skal kjøpe hus med skal flytte ut slik at vi kan flytte opp! Ventetida vert stadig lenger, men er stadig med godt mot! Er ikkje noko vi kan gjere rundt huset no når det er snø uansett..

Men kva har skjedd i haust i grunnen?!
Eg har jobba mykje som vikar på Gursken oppvekstsenter, med kjekke kollegaa og artige elevar! Her har eg fått testa alt vi ikkje lærte på lærarskulen. Om eg gjer det rett eller gale gjenstår å sjå! Men elevane har ikkje streika enda:p

Hausten 2010, nærmare bestemt 29.oktober fikk eg lappen! Hurra!! Det tok si tid!!
Har sidan då hatt tid til å kræsje og betale 5000 i reperasjon.. Hurra for faren og broren som gjor det litt billigare for meg:p

Eg ser også at eg starta hausten med å disse trubadurHans og ser i ettertid at Xfactor ikkje var noko for meg sidan han vann heile greia.. So feil tok eg!

Når vi er inne på musikk har eg vore på mange flotte konsertar, med blant anna Egil Olsen, Susanne Sundfør og Thom Hell! Eller..Det var igrunnen Platina som var på Thom Hell.. Men trur ho kosa seg stort!!:P

Appropo(?!) å kose seg so har det vorte plass til hytteturar og anna hygge i løpet av hausten! Eg er heldig som har så mange fantastiske venna som eg kan leike med! Makes me happy!
Å når vi snakka om happy so må det spesielt nemnast at eg er happy for at Anne Helene har kome tilbake frå Oslobygda! Eg hatar at folk reiser frå meg ( derfor eg endeleg flytta?!) så det var vill glede når eg fekk vete at ho kom tilbake:))

Eg ser fram til eit herleg 2011 saman med masse gode folk! I <3 U alle sammen:)

Spesielle øyeblikk i haust:
- Vesle Kevin som vart fødd 19.desember:)
-festen dei arrangerte for meg på Rokken! Fantastiske fantastiske folka<3
- fått teke masse buss.. hahaha
-sakna jentene mine (og gutane) rundt omkring masse masse! Det er plass i Gursken til alle:p
- søkt på masse jobbar eg ikkje har fått!
- sett på brudekjolar saman med Tone!
- prøvd å huske på kor heldig eg er som har mine kjære rundt meg
- hatt ein knalltur til København saman med kjekke kjekse og flotte heimeguta
- har fortsatt lyst på rundt spisebord med plass til 10, med innleggsplate til 16..
- mange kjekke turar til Volda.
- fann meg aldri vinterjakke..Håpar det kjem ei i 2011:p