onsdag, januar 09, 2008

Nyttårsforsett..

Sidan det forige innlegget vart så langt, tek eg nyttårsforsetta min her..

Eg har stjelt nyttårsforsetta mine frå Det Nye sin journalist Madeleine Dahl. Syns dei var ganske bra!

"Nyttårsforsetter 2008:
- Innse at jeg har skavanker. At alle har skavaker.
Og at uansett og jeg klarer å gjøre noe dem jeg ser nå, vil jeg bare oppdage nye.
- Bry meg mindre om hva andre måtte mene om meg( eller hva jeg selv tror andre måtte mene)
- Forsøke å se løsninger istedenfor problemer.
- Sette pris på de små gledene i hverdagen, istedenfor å la dem forbigå i stillhet.
- Fokusere mer på de postive sidene mine, og bli fornøyd og stolt av meg selv.
- Verdsette øyeblikkene der jeg føler meg lykkelig."

For som ho skriv; "For meningen må jo være å bli lykkelig. Og lykke er ikke en sivilstatus, eller et situasjonsbetinget begrep. Det er en følelse."

Eg håpe at vi alle opplever lykke i 2008 ,og at året vert fyllt av gode ting:)

2007 slik eg såg det.

Er fryktelig dårlig på å blogge, men tenkte eg skulle oppsummere 2007..

Januar og Februar gikk i et dragsug med Veka07, med planlegging og gjennomføring.
Utrulig kjekt og lærerikt. Samtidig som eg jobba rakk eg eit par supre festar med gode vennar.
Som eg sjølv skreiv :
"Avslutta veka sånn som det skal gjerast, på kjempefylla på deLillos..Eit par timar seinare var eg å finne i ein vinduskarm saman med gode vennar på nach.. Og Søndag sa eg som eg har gjort mange søndagar før, aaaaldri meir brunt brennevin på nach.. Neste gang eg er på fylla skal eg skrive det som notat på telefonen."

Starten av 2007 var også prega av det vanlige voldalivet med mykje slarv. Eg lærte mykje desse første månadane, og fekk ei påminning om at folk avatil sei ein ting og gjer noko anna. Sjeldan har eg vore so sint som eg var då, på grunn av at folk blandar seg, diktar opp og ikkje passar sine eigne saker. Men heldigvis kom eg vertfall delvis heil ut av heile bøtteballetten. Om ikkje anna mykje meir klar over at folk sei akkurat det som hjelper dei akkurat då..

Heldigvis oppi alt dette kaoset ein kan kalle voldabobla var det Highwaykonsert! Camilla gjor som camilla kan best når ho er sint, drakk seg full og vart Platina.. Som skrive før er Platina min onde tvilling. Det er ho som gjer alt Camilla ellers ikkje gjer.. Platina er blond, full og travel.. Ho trivst spesielt godt attme Lahiiila å Pliinga. Saman er dei dynamitt! Og saman var dei på Highway konsert.. Vi rula gata og tok nok bilde til å gjere ein flokk paparazziar stolt!

Etter påska var over starta eg å jobbe på Rokken. 50% prosjektstilling, som skulle vare ut 2007.Ulf har gitt beskjed om at eg kunne bere kome tilbake i 2008 også.. Så då er eg nøgd! Det er ein jobb som passar meg perfekt på alle måtar! Eg er vaktmester, kjeftesmelle, arrangementsansvarleg og alt anna som ein måtte trenge. Eg vert nok i denne jobben vertfall i 2008 også!

Eg gjekk også på skule i 2007. Tok Ipa303 om våren og 304 om hausten. Lovte når sommaren kom at eg skulle verte flinkare til hausten.. Når hausten kom hadde eg gløymt alle lovnadar og gjekk inni mitt vanlige dårlige studentmønster. Eg ventar i spenning på resultata, håpar at eg har vertfall klart å stå. Eg har i 2008 meldt meg opp på ein master, så får vi sjå om den vert ferdig.

Poltikken kom inn i 2007. Etter å ha fått en telefon frå Volda Arbeidarparti tok nysgjerrigheita overhand og eg sette meg på liste. Dette var noko heilt nytt, og eg har lært mykje. Kjem nok til å lære enda meir dei neste 4 åra. Kva eg brenn for? Skule og kontaktlærar!
At ein saman jobbar for eit best mogleg Volda.

Sommaren vart Voldasommar med Nynorskefestspel med strålande sol, jobbing på treet, terassefestar og Ozzykonsert! Når ein skal vere i Volda ein heil sommar vert ein flink å aktivisere seg sjølv. Men med gode venner på plass vert det mykje kos uansett ver!
Sommaren vart avslutta med ein tur til Trondheim saman med Kate og Anders. Det var kjempe kos! Godt å kome seg litt vekk å sjå store hus og masse folk!

Hausten 2007 forsvant like fort som resten av året. Iløpet av året har det vore konsertar i fleng og mykje tull og tøys. Eg er glad for at ikkje alt eg gjer vert skrive om i avisa.. hehe..
Det er når det stormar eller når angsten kjem ein må ha gode vennar og lange telefonsamtalar, eller så kan kafebesøk og kortspeling kan hjelpe med så mykje! Mange verdensproblem har vorte løyste under "gin rummy".

Håpar at eg i 2008 kan verte flinkare å stoppe opp og puste litt. Bere slik at ein rekk å sette pris på alt rundt seg. Ting som var viktige i 2007 som eg tek med meg til 2008, familie og venar. Det er få ting som er så hellig som familien min, saman med gode venner og ein snill kjærast er dei med på å gjere livet verdt å leve. Min kjære Geir er fantastisk og tåler mykje meir enn han skulle. Eg er glad for at han er tålmodig og at han er god på alt det eg ikkje er så godt på.
Eg håpar også at vi i 2008 vert flinkare å reise. Vi startar året bra med å reise til Barcelona i februar! Eg har også planlagt fleire turar til Østlandet, både på innflyttingsfest og på konsertar.
Eg håpar at 2008 vert eit av dei bedre!