torsdag, februar 15, 2007

Balsam for sjelen..

Takk Gisle Børge og Heine for ein strålande aften!
Det var ein heilt fantastisk kveld for ei sleta sjel..

Kom på Rokken klokka 22 sliten som fy, men etter nesten
2 timer med dei to overnevnte på scena så var energien tilbake!
Kvelden enda med eit merklig nach, og eg kjenne at eg kjem til å angre når eg
må stå opp om 6 timar.. Men jaggu so gøy det er med Veka!

Veka forøvrig har vore musikalsk sett nydelig! Søndagen var koslig med Magnus Hængsle. Mandag var det Bandstand, aldri har det vore so høg standar! Juryen hadde ein vansklig jobb. Tirsdag var det Kari Bremnes med to fantastisk dyktige musikarar og idag var det då Gisle Børge og Heine.. Veka vert bere betre og betre! I morgon er det 120 days og Lionheart Brothers!!
Kom dykk ut av godstolen og kom på Rokken!! Vi har fortsatt nokon dagar igjen!!

Slitne er vi alle mann, men satser på at energien kjem no til siste helga!

onsdag, februar 07, 2007

Kva skjer?

Kvifor oppdaterar eg ikkje bloggen min? Er det ingenting som skjer i volda?
Eller er det for mykje? Det er vell siste som stemme mest..

Men sidan helsa mi har teke seg den fridomen til å få halsbetennelse, får eg ufrivillig tid til sånt som å oppdatere bloggen min.. Eg som nettopp hadde vorte frisk frå influensa.. Halsen min er no okkupert av noko som gjer det vanskelig og svelge, samt at eg får øyreverk i høgre øyre.. Flink å syte?! Utan tvil! Eg vert som eit mannfolk når eg er sjuk..

Det som har okkupert all mi fritid dei siste månadane er www.veka.no
På fredag startar det vi har jobba med. Eg er vanvittig stolt av oss! Vi har jobba som søren og har laga ei flott veke! Sjølv om vi manglar både U2 og REM, so har vi eit jamnt program med litt for dei fleste!