fredag, mai 16, 2008

Den søte eksamenstid...

Eg veit det er eksamen når:

- Eg har veldig lyst å vaske hus.
- Stryke og henge opp dei nye gardinenen mine.
- Plante i hagekassa mi.
- Vert kvalm av å sjå mine dokumenter eller word.

21.mai er datoen då eg skal levere 10 000 vettuge ord.
Det er veldig snart, og eg anar ikkje kva eg skal skrive.
Tanken om å sjukemelde meg har vore oppe, eller bere utsette den til neste år..
For det er ikkje krise om eg ikkje leverer før til neste år..
Slike tankar skremer meg litt.
For kvar er pliktoppfyllande Camilla? Ho som alltid var ute i god tid?

Imorgon er det 17.mai! Då skal eg spise is og jobbe på rokken i god 17.mai tradisjon!
Gledar meg til å sjå alle i flotte bunadar å rope hipp hipp hurra for Norge!

lørdag, mai 03, 2008

Dokumentarfilmfestival!

Du veit det er dokumentarfilmfestival når du:

- Møter kjente over alt!
- Det koker av mennesker i Volda
- Det er fullt i kinosalen i Volda
- Det er fullt i kafeen på Rokken
- Det er generelt fullt på samfunnshuset
- Ein står frivillig i kø
- Ein kan mimre om gamle dagar
- Ølet er billig
- Ein får kjøpt bongar i Volda
- Eg kler på meg jakke for å kunne vere ute lenge
- Saknar dei som ikkje er her! Anette, Inga, Irene, Hogne og Marius! Å alle andre eg absolutt vil ha her i bygda:)

Tusen takk til Dokumentarfilmfestivalen 2008 for eit knall arrangement! Veit det ligg mykje arbeid bak!
Imorgon er det Laurdagsfest! weee:)