torsdag, mars 15, 2007

Sånn går no dagan..

Året fram til no har vore prega av mitt engasjement i Veka07.
Etter at mange månader med planlegging var over, sto veka07 klar.Det var ei veke med masse jobb, men med mykje moro.. Set igjen med nye vennar og fantastiske konsertopplevingar. Avslutta veka sånn som det skal gjerast, på kjempefylla på deLillos..Eit par timar seinare var eg å finne i ein vinduskarm saman med gode vennar på nach.. Og Søndag sa eg som eg har gjort mange søndagar før, aaaaldri meir brunt brennevin på nach.. Neste gang eg er på fylla skal eg skrive det som notat på telefonen.

Eit par veker seinare var det duka for årets første Highway Patrole konsert! Som den gode groupien eg er, var eg å finne både fredag og laurdag.
Etter ei turbulent veke med typiske volda, som består av mykje løgn og bedrag, så drakk eg meg til mot fredagen.. Her skulle eg ha det gøy!! Litt sinna camilla starta kvelden, og etter litt tok Platina over. For alle som ikkje har møtt Platina er ho min onde tvilling. Ho er den som gjer alt Camilla er for fornuftig til å gjere. Då går det sånn det ofte går. Platina ler høgt og masse. Platina gjer ting som gir Camilla fylleangst.Platina tek 300 bilder iløpet at nokken få timar. Platina går på nach og kjem tuslande heim tidlig om morgonen..Lørdag var eg også på konsert, men no i ei roleg utgave. Så roleg at det vart kommentert frå dei bak baren. Det sei vell litt om nivået på fredagen.

Ellers så går dagane til jobbing og Rokken. Eg håpar at eg får viljen min slik at eg etter Påske kan Jobbe på Rokken! Dei har lyst ut ei 50% stilling og eg har søkt. Får eg ikkje den så går eg tilbake til status arbeidsledig. For etter påske er eg ikkje lenger fast ansett som Mega dame..Eg kryssar fingrane for at eg får den på Rokken.

Sidan eg ikkje likar å ha fri går eg også litt på skule denne våren. IPA303, offentleg organisering og leiing er faget. Det er litt spennande og eg treng det i tilfelle eg skal verte inspektør når eg vert voksen..

Det neste som står på lista no er politikken.. Nominasjonsmøte er 21. mars og dei vil ha meg høgt..