lørdag, august 29, 2009

YeY for ein kveld:)

Flottt bursdagsfeiring og ein herleg konsert! Kan ein ynskje meir?
Einaste skåret i gleda er at eg gløymde den fancy kassa eg tenkt å te med for å ha innsamlingauksjon til lappen eg planlegg og ta, men heldigvis har eg gode vener som fyller lappenbudsjettet med cash, so no er det bere for meg å starte!

Idag har eg samla ein haug med gode folk som har feira bursdagen min! Sjølvsagt er det mange som manglar, men nokon har måtte jobbe, andre har vore opptatt og nokon har rett og slett ikkje kome med nokon god grunn til å ikkje vere her... Men men.. Det er deira sitt tap;p

Konserten med Pony the Pirate var som sist dei var her, heilt herleg:) Yey for eit band!! ME like!! Dei har ein sånn energi på scena at eg ikkje kan halde meg i ro! Eg ynskjer dei lukke til på vegen vidare! Håpar at heile Noreg får auga opp for dette herlege bandet! Snart kjem plata deira, og eg skal lett kjøpe den:)

søndag, august 23, 2009

Hurra for meg som snart har bursdag:)

Tidligare i sommar skreiv eg ei utfyllande ønskeliste som du finn her

Den forkorta versjonen er :
Pengar: Til lappen!! Treng å ta den lappen! Elles pengar til ny mobil og ipodshuffle
Gåvekort: På Sans frisør slik at eg kan kjøpe meg BioSilk og på Volda glassmagasin så eg kan kjøpe digge ting til huden. Elles er eit gåvekort på Unik eller Polet også alltid moro;)

Elles er eg over gjennomsnitte gla i pakkar, så feel free to suprise me:)

fredag, august 14, 2009

Bak skyene er himmelen alltid blå!

Og etter ein fin dag med eit flott foredrag om ein av mine favoritt arkitetkar, Sverre Fehn, og ikkje minst ein herleg kveld saman med godjentene så er også eg funne humøret;)

torsdag, august 13, 2009

På leiting etter haustgløden..

Sommaren nærmar seg slutten og semesterstart står og bankar på døra.. Stressnivået har gått tilbake til det gamle vanlige og alt skulle være som det har vore dei siste åra.. Bere ein forskjell.. Eg gledar meg ikkje litt ein gong.. Den gløden ein skal ha når semesterstart nærmar seg er borte.. Eg er dritt lei av nye studentar, dritt lei av opplæring og dritt lei av at folk ikkje skjønar noko før i det i det heile har starta! Eg treng ei seriøs haldningsendring til neste tysdag eller så bør eg finne meg ein ny jobb, for eg kan ikkje gå rundt å spre sure miner.. Det har vi andre til å gjere..

Det er vell bere å sjå i augene at når ein går inn i sin 9 semesterstart, der eg har jobba 5 av dei, så kan det ikkje verte så himla spanande. Alle som kjenner meg veit at eg ikkje likar når ting vert "rutine".. Det vell akkurat det semesterstart har vorte for meg? Eg veit omtrent akkurat kva som kjem til å skje neste veke, for det er det samme som har skjedd dei andre vekene, bortsett frå at i haust har vi svineinfluensa og ingen bra konsertar iløpet av opningsveka..
Alle som kjem til Volda som er nye er Russ2009, altså 9 år yngre enn meg, det er slik at eg må spørje kven foreldra er for å vite kven dei er.. Det er første teiknet på at eg er gamal;P

Er nok litt FML i hovudet idag pga mangel på sol og søvn, då hjerna kverna i heile natt på alt som må gjerast og ikkje vert gjort. Og den forbaska sola som ikkje kan oppføre seg nok til å skine på oss. Ved første annledning så stikk eg til varmare strøk! Jaggu!! Når eg vert eldre skal eg ha meg leilighet på costa del varmt og deilig. For det her er ikkje litt gøy ein gong!!

Heldigvis så er her små skattar i Volda som dei folka eg har rundt meg, utan dei hadde eg stukke frå bygda for lengst!! <3
Og eg veit at det kjem til å verte morosame og fine stunder i haust og, men eg har bere litt problem med å motivere meg til å ta fatt i alt det andre..

onsdag, august 12, 2009

Ny takter i holmen!

Sidan 2003, då eg og Geir vart i lag, har vi hatt eit stort problem..
Så stort at det er rart at vi ikkje har løyst det før.. Vi er like dårlege på å finne ut kva vi skal ha til middag!
Dette har medført at vi har stortsett ete det same i snart 6 år.. Og det er faktisk ikkje så langt frå fakta heller, det er det som er trist;p
Rokken, tacokrydder og take away har redda mang ein middag i heimen..

Men no! NO skal vi få orden på sakene!
Eg stal ideen frå ei venninde som igjen har henta den frå skogheims som gjekk på tv2(?)
No har eg sete og laga matplan for dei neste fire vekene!!
Eg fekk desverre ikkje limt inn den fancy tabellen eg laga, men legg det ut som ei lang liste. Denne lista skal inn i ei bok saman med alle oppskriftene på det vi ikkje kan å lage. Med dette håpar eg å unngå masse irritasjon, frustrasjon og tacokrydder;P Det einaste eg manglar no er nokon som eg kan lage middag saman med når Geir er på jobb slik at eg ikkje går tilbake til gamledårlegevanar;P

VEKE 1
Enkel fiskesuppe med fiskeboller
Pølsegrateng
Kyllingfilet med fullkornsris og salat
Heimelaga kjøttkake
Kyllingwraps
Heimelaga pizza

VEKE 2
Rocka fiskekaker
Kyllingfilet med wokgrønnsaker
Heimelaga fiskegrateng
Fullkorspasta med Karbonadedeig
Nachos med karbonadedeig
Pepperbiff med peppersaus og ovnsbakt potet
Tikka masala med kylling

VEKE 3
Laksepakker med chili
Kyllingwraps
Pannekaker
Kyllingwok
Biff med ovnsstekte grønnsaker
Kylling Lasagne

VEKE 4
Fiskebolla i kvit saus
Middagspølser med rotmos og salat
Wok med marinert kyllingfilet og nudler
Fiskekake i brun saus
Kylling risotto
Biffsnadder med ovnstekte grønnsaker
Baconburger og salat

søndag, august 09, 2009

bloggtørke..

Lenge sida eg har blogga no.. Har opplevd masse sidan sist! Så mykje at eg ikkje kan få det ned skriftleg.. Er overvelda av alle fine stundene denne somaren! Ein herleg sommar med voldagjengen09, eit nydeleg bryllaup og ikkje minst turen til Portugal som var legendarisk! Sjå fjesboka for bilete:)Sommaren09 har vore heilt topp sånn sosialt sett, hadde vi hatt meir sol hadde det vore optimalt.. Men likevel var dette ein av dei betre;)

Hausten 09 nærmar seg og eg er ambivalent. Eg kjenner at eg er lei av den evige sprialen eg er inne i jobbmessig... Må bere vere flinkare å tilbringe tid at med folk som gir meg mykje, viss ikkje kjem eg til å gå på veggane iløpet av kort tid..

Ellers har treninga gått altfor sakte i sommar.. Kroppen har vore sliten, og eg håpar at den har fått kvilt seg nok slik at vi kan starte på etappe to i planen min.. Det er bere å ta seg sjølv i nakkeskinnet.. Men skulle gjerne hatt ein personleg trenar som sto og brølte på meg og krevde noko av meg.. Er livredd for å stagnere, og ikkje minst gå tilbake til gamle synder. Får ta ein dag om gangen og satse på det beste.;)