torsdag, august 13, 2009

På leiting etter haustgløden..

Sommaren nærmar seg slutten og semesterstart står og bankar på døra.. Stressnivået har gått tilbake til det gamle vanlige og alt skulle være som det har vore dei siste åra.. Bere ein forskjell.. Eg gledar meg ikkje litt ein gong.. Den gløden ein skal ha når semesterstart nærmar seg er borte.. Eg er dritt lei av nye studentar, dritt lei av opplæring og dritt lei av at folk ikkje skjønar noko før i det i det heile har starta! Eg treng ei seriøs haldningsendring til neste tysdag eller så bør eg finne meg ein ny jobb, for eg kan ikkje gå rundt å spre sure miner.. Det har vi andre til å gjere..

Det er vell bere å sjå i augene at når ein går inn i sin 9 semesterstart, der eg har jobba 5 av dei, så kan det ikkje verte så himla spanande. Alle som kjenner meg veit at eg ikkje likar når ting vert "rutine".. Det vell akkurat det semesterstart har vorte for meg? Eg veit omtrent akkurat kva som kjem til å skje neste veke, for det er det samme som har skjedd dei andre vekene, bortsett frå at i haust har vi svineinfluensa og ingen bra konsertar iløpet av opningsveka..
Alle som kjem til Volda som er nye er Russ2009, altså 9 år yngre enn meg, det er slik at eg må spørje kven foreldra er for å vite kven dei er.. Det er første teiknet på at eg er gamal;P

Er nok litt FML i hovudet idag pga mangel på sol og søvn, då hjerna kverna i heile natt på alt som må gjerast og ikkje vert gjort. Og den forbaska sola som ikkje kan oppføre seg nok til å skine på oss. Ved første annledning så stikk eg til varmare strøk! Jaggu!! Når eg vert eldre skal eg ha meg leilighet på costa del varmt og deilig. For det her er ikkje litt gøy ein gong!!

Heldigvis så er her små skattar i Volda som dei folka eg har rundt meg, utan dei hadde eg stukke frå bygda for lengst!! <3
Og eg veit at det kjem til å verte morosame og fine stunder i haust og, men eg har bere litt problem med å motivere meg til å ta fatt i alt det andre..

1 kommentar:

ella sa...

veldi enig i d at d ikkje e nåke bra konserta i åpningsuka. men vi kjeme t å ha d så gøy, bare vent å sjå;)