mandag, mai 25, 2009

Kom Mai du skjønne milde!

Dinglavatne 23.mai
No nærmar vi oss slutten av mai, bere nokre få dagar igjen før det heiter juni! Då vert det sommar sant?! Eg heiar på at sola skal varme oss i heile sommar, eg treng fargen til bryllaupet eg skal vere forlovar i som er i slutten av juli..
Mai har forsvunne i ei rasande fart..
Iløpet av mai har det vore X2, Vengaboys, nasjonaldag og fleire konfirmasjonar! Vi har fått helst på sola, fått litt farge og kosa oss ilag:)




Nasjonaldagen vart feira med første frikveld på ein 17.mai sidan 2003!! Eg utnytta den på best mogleg måte med gode venner på terassen! Vi kosa oss med god mat, god drikke og ikkje minst godt selskap:)
Her har klokka vorte mykje, og vi har ikkje vett til å legge oss;p

Ålesund vart også besøkt i mai.. Viktig å handle masse ting for pengar ein ikkje har.. Det er eg innmari god på!! Men heldigvis så trengte eg ny sommargarderobe så eg hadde ei god unnskyldning til å shoppe!:)

Kjærasten min hadde også bursdag i mai, eg prøvde i stor grad å vere snill kjærast og gi han kjekke gaver.. Neste år er han 35, å då skal eg overaske han med noko ekstra moro:) Gledar meg;p

Denne veka går slag i slag med jobbing og sosialisering.. Det er siste dagane til mange, og eg løyser det faktum at eg hatar avskjedar med å rett og slett rømme frå Volda denne helga.. Då kan eg leve i trua om at alle er tilbake i august;p Eg reiser til Riga på torsdag, og det er meldt sol og varmt! Eg har alt starta å mentalt pakke, og ikkje minst kva eg skal handle på taxfree! Joy:)

torsdag, mai 14, 2009

Mitt mål!



Eg har funne kva eg skal strekke meg etter! Kva som skal vere gulrota når motivasjonen sviktar!
Plutselig så fant eg den og vart litt forelska.. Trur det er første gangen eg har funne ein kjole eg ikkje klarar å gløyme.. Eg syns den er fantastisk!
Men den er ikkje i min storleik, så då får den henge der som ei gulrot! For den der skal eg ha!!


Denne fantastiske kjolen og mange fleire finn du på Christiane Wulff





tirsdag, mai 12, 2009

Ord for dagen...

"Det er sinnsykt viktig å tenke positivt hvis vi vil ha det bra,
siden vi blir det vi tenker at vi er" -Mia Törnblom

lørdag, mai 09, 2009

Utfordring

Takk til Ella som gir meg noko å gjer på ein laurdagskveld:)

SISTE:

1. Siste du drakk? Pepsi max
2. Siste telefonsamtale? Mamma
3. Siste mottatte sms? Gunnhild
4. Siste sangen du hørte på? Nytt på nytt sangen.. Sett gullruten..
5. Sist du gråt? tja.. var ganske nær når eg tømte ut en heil boks med kjøttboller på Rokken tidligere idag.. Men sikkert ikkje så lenge sida.. Eg grin for alt!

DETTE ÅRET:

6. Har du fått nye venner i år? Jeps:)
7. Sluttet å være forelsket? nei
8. Ledd til du har begynt å gråte? vertfall til eg var tom av lyd og luft;p
9. Møtt noen som har forandret deg?jeps:)
10. Funnet ut hvem dine virkelige venner er? Litt kvar dag!
11. Funnet ut at noen har snakket om deg bak din rygg? Hehe.. Uten tvil;p
12. Kysset noen fra din top friends liste? usikker på ka liste en referera til..

SANNHET:

13. Hvor mange barn vil du ha? 4 vertfall:)
14. Har du kjæledyr? Nope.. Eg er den allergikaren som syns d e heilt greitt å ikkje ha dyr;)
15. Vil du forandre navnet ditt? No?! Nja..
16. Hvordan feiret du din siste bursdag? Med middag på Rokken med gode venner, gulrotkake og jentekveld etterpå:) En ganske perfekt dag:)
17. Når våknet du i dag? Sånn i 10 tida.. sto opp i elvetida..Eg elskar å slumre!
18. Hva gjorde du midnatt i går? såg Yes Man
19. Nevn noe du IKKE kan vente på? Sommar:) varme og sol:)
20. Sist gang du så pappan din? 1.mai
21. Hva ville du forandra i livet ditt? Driver å jobber med saken;P
22. Hva hører du på akkurat nå? Bråket av gullruten
23. Har du noensinne pratet med en person som heter Tom? jeps..
24. Hva går deg på nervene akkurat nå? tja.. kunne skrivd en bok.. derfor klare eg ikkje å velge..
25. Hva er ditt virkelige navn? Camilla
26. Stjernetegn? Jomfruen
27. Gutt eller jente? jente
28. Barneskole? Haugsbygda/ Vågen
29. Ungdomskole? Vågen
30. Videregående? Herøy, Romsdal og Ulstein
31. Hårfarge? leverpostei.. derfor stripa eg d;P
32. Langt eller kort? Langt!
33. Høyde? 170 trur eg..
34. Er du betatt av noen?jeppers!
35. Piercinger? nay..
36. Tattovering? fryktelig kjedlig her også.. eventuelt pysete.. hehe
37. Høyre eller venstre hendt? høgrehendt
38. Nå skal jeg? nerde meir på dataen før eg legg meg;p
39. Hører på? Jon Almås..
40. Eldre eller yngre? eldre
41. Romantisk eller spontan? Tja.. ja takk begge deler? Er dårlig på begge delene..
42. Fin mage eller fine armer? Ein god armkrok og god mage;)
43. Forhold eller bare lek? Som Ella så sei eg at det kjem ann på personen!
44. Bråkmaker eller tilbakeholden? Kjem ann på situasjonen.. Eg bråka nok litt for mykje ifølgje mi tilbakeholdne side..

HAR DU NOENSINNE:
45. Kysset en fremmed? hehe.. jepp;P
46. Drukket sterk alkohol? to many times..
47. Mista brillene/linsene? Mista og mista.. ødelagt!
48. Sex på første date? *hosthost* Skjønte ikkje spørsmålet.. hehe.. *rødme*
49. Knust noens hjerte? har nok det ja desverre..
50. Fått ditt eget hjerte knust? sukk.. ja..
51. Blitt arrestert? Nope..
52. Takket nei til en invitasjon til date? Hehe.. Har ikkje alle med nettby, blink, spray eller irc d?
53. Grått når noen har dødd? ja, mange ganger..
53. Likt en venn som er jente? Merkelig spørsmål.. liker alle vennene mine som er jenter eg, men er vell ikkje ute etter å ligge med dei fordiom.. hehe.. eller kanskje?!;p

TROR DU PÅ:

54. Deg selv? jobba med saken..
55. Mirakler? ja.. å håpa på dei ofte!
56. Kjærlighet ved første blikk? Meir begjær ved første blikk..
57. Himmelen? Håper og tror innmari på at det fins ein himmel!
58. nissen? Trur eg faktisk ikkje eg har gjort.. vertfall ikkje på 25 år..
59. Kyssing på første date? Kaffor ikkje?
60. Engler? jeps!

SVAR HELT ÆRLIG:
61. Hatt mer enn en kjæreste av gangen? nope..
62. Tror du det er mulig og være trofast for alltid? ja,..
63. Er du forelsket i noen nå? ja:)
64. Har du noen gang hatet noen? Har vore ganske nær.. Men prøva desperat å halde meg til å mislike folk sterkt..
65. Hva er den ene tingen du ikke kan leve uten? mat?

Eg utfordrar alle som er innom bloggen min;p


Stjal denne frå Ella;p Me Like:)

Stratos Kjeks!

Woohoo! Eg er på sjokoladekjøret! weee! Som ein treåring i butikken nappa eg tak i boksen med stratos kjeks som lyste mot meg! Det er tynne kjeks der halve kjekset er dyppa i stratos! Nammis?!! Ohhh yeees:)

Eg har eit usunt forhold til godteri og sjokolade spesielt. Eg vert ikkje kvalm av godteri, manglar rett og slett den sperra! Eg får også eit fantasisk rush av sukker, der fungerar som dop på meg..
Derfor prøvar eg å ligge unna godteri.. Eg har vorte betre på det, men denne veka har sjokolade vore det einaste eg har tenkt på.. Så ny veke nye muligheite etter helga;P

Kva om..

Kva om du ringte den telefonen du aldri ringte, eller om du opna den døra den natta som du droppa fordi det var for seint.. Kva hadde skjedd då? Hadde livet vorte det same?

Eg grublar mykje for tida.. Mest fordi eg er sjuk og ikkje får ut all energien gjennom aktivitet..
Eg treng å verte frisk slik at eg kan få ut energien min på ein sunnare måte enn å tenke den ihjel..
Kva er med på å forme oss? Er vi den vi er fordi vi sa ja og nei på dei rette plassane?
Og har ein angrerett på dei vala ein tek?

Eg har alltid sagt at alt ein gjer er med på å forme deg som person, og alle du møter har ein plass i livet ditt.. Men kan ein misstolke kor stor eller liten den plassen eigentleg skal vere?
Dette vart mest nattesurring, og eg skriv det mest for å få det utav hjerna..
Er eg den eg skal vere? Eller var det noko anna eg skulle verte?!
Kva om eg hadde velgt annleis, hadde eg sete her idag då?!

onsdag, mai 06, 2009

Sjuk å sånn..


Tida etter dokfilm har stortsett vore full av snørr og sår hals, eg likar det IKKJE!

Som vanlig gjekk eg på ein vårsmell og fekk ein bihulebetennelse etter dokfilm, vertfall det legen trudde.. Eg fekk medisin som eg var flink å ta, og tenkte at straks er alt bra og eg kan starte friskusprosjektet mitt for fullt igjen.. Men neida..


Dei siste dagane har feberen tvinga meg til å sete i ro, og halsen er sint og sår.. Eg har sneke meg til litt styrketrening, men idag måtte eg kaste inn handkleet.. Idag har eg nådd "vanskelig å svelge" fasa.. Noko sei meg at eg kanskje skal tasse meg ein tur opp til legen å sei AAAA, ihåp om at det er noko ho kan fikse.. Men med mi flaks så er det vell eit virus som "bere må gå over av seg sjølv". Eg er veldig dårlig på den delen.. For den tek tid..


So då set eg her å sutrar, drikk grønn te med sitron, honning og ingefær, et kiwi og håpar på at dette skal gjer at ting går raskare.. Å sutrar.. Eg er sur og muggen! Det einaste eg har lyst på er sjokolade.. Masse sjokolade!! Så det skal eg kjøpe meg etterpå!

Bere fordi eg er sjuk og det kan vere med på å gjere dagen min betre..So får eg heller få dårlig samvittiheit..

Akkurat no er eg for muggen til å bry meg om det..
Biletet har eg forresten stjelt frå ein annan blogg...


lørdag, mai 02, 2009

I tenkeboksen

Skulle ha lagt meg for lenge sida.. alt låg til rette for det, gjekk til å med heim rett etter jobb.. Men hovudet sluttar liksom ikkje å kverne... Ei dose frisk luft med regn trudde eg skulle vere tingen, men det gjor meg bere våt og kald.. Så no har eg teke ein varm dusj og skal prøve å blogge det ut i stadenfor...

Som eg har nemnt før er vår i Volda er for meg veldig todelt.. På den eine sida har vi lysare tider, herlige soldagar og masse kos.. På den andre sida så markerar vår i Volda at ein haug med bra folk er ferdig å studere, og forlet meg her.. Ikkje det, eg har heldigvis masse fantastiske folk rundt meg fortsatt.. Utan dei hadde eg nok verkeleg i hi..
Men ikkje bere skal folk som betyr masse for meg reise, men vår betyr også ferdigutdanna.. No skal ein ut i den verkelege verda.. Verte vaksen.. Det er her tankeboksen min kvernar for fullt..

For eg er utdanna lærar, har aldri jobba som det bortsett litt vikartimar.. Eg veit ikkje om dette er yrket for meg.. Eg har vore utdanna lærar no i 4 år og burde vell strengt tatt tatt stilling til dette før alt eg har lært forsvinn ut av hovudet, men på same måten som eg gjerne vil være lærar så har eg absolutt ikkje lyst til det.. Er livredd for å slite meg ut på same måte som folk rundt meg gjer i dette yrket.. Dette veit eg sjølvsagt ikkje før eg har prøvd, men kontrollfreaken/pysa/pesimisten i meg har sett inn nokon sperrer..

Då bør du vidareutdanne deg sei mange, og det var ei periode der eg verkeleg trudde det var vegen å gå, men no veit eg ikkje lenger.. Kva i alle dagar skal eg bruke ein master i samfunnsplanlegging og leiing til?! Kva slo meg når eg syns det var ein god plan? Var det angsten for å ikkje verte noko her i verda? Same angsten som har meldt sitt inntog no?!

Kanskje burde eg starte på nytt, finne ei anna utdanning? Men då kjem bremsene igjen.. Eg er snart 30 år, som forøvrig ikkje er nokon alder, men eg burde strengt tatt starte å jobbe slik at eg får pensjon om 40 år?! Å dessutan så er det å flytte frå sunnmøre uaktuelt.. Eg er alt for avhengig av å ha kjærasten, familie og venar rundt meg.. Å starte på nytt no saman med ein haug med 19åringar er ikkje eit alternativ.. Camilla og russen?! Trur ikkje det...

Korleis går det med husplanar spør folk, når eg finn meg ein 100% jobb er svaret.. Men kva jobb vil du ha då? Akkurat det har eg faktisk ikkje svaret på...

Så då set eg her, like vis som ein inntørka svamp.. Jobbar 50% i ein jobb eg eigentlig trivast i, og treff masse herlige folk som eg likar å jobbe saman med.. Kanskje det skal få være greitt litt til? Eg vil ikkje verte ho på 50 som er arrangementsansvarlig på eit studenthus, men eg kan då vere det til eg er 30 kanskje?
Muligens so skyv eg bere problema framfor meg.. Men samtidig tenker eg at det må vere greitt å hoppe av dette jobbkjøret.. Der du skal jobbe 9-16, ha stasjonsvogn,villa og vovvov..
Kanskje er ikkje dette livet for meg, sjølv om eg føler det er det livet ein "skal ha"..?!

Eg får vell bere tulle rundt litt til.. Kaste vekk endå fleire pensjonspoeng og gi dei rundt meg grått hår fordi eg aldri klarar å bestemme meg.. Å ikkje minst kjem eg til å bruke enda fleire netter på å tenke på kva eg gjer og kva eg burde gjer..
Kanskje finn eg til slutt svaret?

fredag, mai 01, 2009

Har funnet formen, epleformen...

Team Friskus og svettis skal no nå nye høgder..
Starting from 1. mai!

Eg har funne ut at eg må gjere litt endringar på stjernesystemet.. Eg har fått rutiner på noko, som tran og vatn, men slit fortsatt med å ete 5 måltid om dagen.. Ergo må eg synliggjere ting i stjernekalenderen min.
Ergo:
Trening 1 time= 1 stjerne
Fem måltid om dagen= 1 stjerne
Fisk i fem av vekas måltid = 1 stjerne
Fysioterapautøvingar = 1 stjerne
Ikkje ete gotteri= 1 stjerne
På denne måten kan eg oppnå 4 stjerner for dag, og kan få ei bonusstjerne på fisken.
15 stjerner i veka = friske blomster til helga:)

Men det er jaggu ikkje nok, for alt dette ovanfor kan eg, vertfall burde kunne, dette er ting som eg lett kan gjennomføre..

Eg har funne eit program som eg skal gjennomføre dei neste 12 vekene..
12 veker kan verke som ei evighet, men dei forige 12 forsvant som ein fei, så kvifor skal desse vere noko anna? Eg har kome til eit punkt der eg må få inn litt variasjon før eg startar å kjede meg eller stagnere..

Når det gjeld mat skal eg følgje følgande råd: Ete fiberrikt, variert, mykje fisk og minst 750 g frukt og grønt. Og sjølvsagt bøtte på med vatn! Eg skal også dei neste 12 vekene vere forsiktig med sukker og alkohol.. Det siste vert verst.. Men men.. Eg prøvar mitt beste utan å verte nazi. Det er lov å kose seg, viss ikkje så sprekk eg før vi kjem til veke 3..
Eg får prøve å sprekke med vin istadenfor øl;p
Ernæringsfysiologen sei også at ein skal kutte ut røyken.. Eg tenker at eg kuttar ned.. Kan ikkje slutte med alt.. Då vert det bere sutring;P
Eg skal også prøve å stresse mindre, stå opp tidligare og sove til rett tid!

Det er utruleg festleg å sjå kva ernæringsfysiologane seier om dei ulike kroppstypane.. Men, dei påstår at det fungerar ergo må det fungere! So får vi sjå om det fungerar for meg;)
Lurer du på kva trening som passar for din kroppstype? Eg har fått eit herlig hefte med treningsvideo frå iform! Bere å kome å sjå! Viss ikkje så møtas vi på ellipsemaskina på tren så snart antibiotikaen har jaga bihulebetennelsen vekk!