mandag, april 28, 2008

Oslo baby!

I helga var eg ein liten tur til Oslo på møte i Norgesnettet, heile noregs miksepult:)
Knall tur! Mykje flinke folk som eg lærer mykje av!

Har fått opplevd 2 "gamle draumar" i helga, overnatta på Oslo Plaza og vert på konsert på Rockefeller. Når det gjeld Plaza så er dette rett og slett fordi eg kjem frå ei lita bygd trur eg, tanken på høge hus og glassheis.. hehe.. Det var eit fint hotell med god utsikt frå der eg budde i 23 etasje. Heisa gjekk så fort at eg fekk topp i øyrene.. Ikkje greitt for ei blond tuppe å komme til storbyen;)

Vi var på Rockefeller på fredag på Motorpsycho konsert! Det er ei knall scene og eit knall hus. Masse sjel og ein fantastisk lyd. Flinke artistar som heldt på i nesten 3 timar!! Ikkje verst!

Laurdag var det tilbake til Volda og "mitt kjære" Rokken, her var det litt jobbing før eg var på bursdagsfest til Ida! Ho hadde badtasteparty som tema og Rokken sørga for at det vart badtaste der også! Mykje kreative sjeler som såg særdeles stygge ut:)

Rokken vart 3år denne veka. Tida har gått fort. Alt ein tenkte på ein skulle gjennomføre som aldri vart slik som det skulle, eller alt som ein skulle unngå som ein har gått i fella på.
Eg håpar at vi kan ta vare på dette huset slik at det kan vere der lenge lenge. Eg har mange tankar og idear om plassen og korleis ting vert gjort, men tida strekk ikkje heilt til når ein skal vere student og vekesjef i tillegg.. hehe.. Skal bruke juni på ein best mogleg måte kjenner eg.

Imorgon startar Den Norske Dokumentarfilmfestivalen! Det vert Moro!! Mari1 kom igår, Mari2 kjem imorgon!! Og så kjem dei som perler på ei snor, dei folka som gjer at Volda vert nett som i gamle dagar! Håpar på sol og utepils:) Æ glær mæ!!

søndag, april 20, 2008

Frk Heldig:)

Sola skin i volda og livet er topp.
Har for mykje å gjere og for lita tid å gjere det på, men sånn er våren når ein er engasjert student.
Iløpet av helga fekk eg ein fantastisk forespørsel, kjære søte Anette som hadde bursdag lurte på om ikkje eg hadde lyst på seigmen konsert i operaen 21 juni! Jaggu!! Kan ein sei noko anna enn ja?!! Eg skal verkeleg få gått på konsertar denne sommaren!
Det startar med Motorpsycko no komande fredag på Rockefeller, 31.mai er det Kiss 31. mai i Oslo, etter det vender eg nasa mot Bergen 11.juni på Foo Fighters, så er det Seigmen i operaen, Bruce Springsteen og Iron Maiden i Juli.. Jaggu! Skal få kose meg maks:)

Så no må eg bere vere frk flittig og få levert sjølvmelding i tide, jobba med veka og rokken og mest av alt få skreve ferdig oppgåve til 1.Mai. Å so er det dok.film og masse anna moro:)

fredag, april 11, 2008

Helg å sånn

Der va det jaggu helg igjen!

Sola skine og det e vår i lufta.. Det er rett å slett digg å vere ute:)
Her i Volda er vi velsigna med høge fjell på alle kantar som visar seg frå si beste snødekte side no om dagane. Det er heilt nydeleg kor dei badar i sola, nærmast glitrar omkapp..
Det er slike dagar ein er glad for at ein bur på vakre sunnmøre.

Ellers er livet travelt for tida, med jobbing og møter. Men når eg kjenner etter så likar eg det i grunnen. Kosar meg med å kunne stresse litt.. Har vore flink å kome meg i seng tidlig siste dagane, så då kan ein vere litt ekstra aktiv på dagtid. Einaste som manglar no, er rom for å skrive oppgåve, og å verte flinkare å gå tur. Men det eine følgjer nok det andre, når innleveringsdatoen nærmar seg så gjer eg nok alt anna enn å skrive oppgåve kjenner eg meg rett. Så då er eg nok ute og går i vårsola;)

Har ellers funne ut kva eg skal skrive master om, eit år før tida.. Eg skal skrive om rektorrolla i den norske skulen, tittelen vert noko som liknar på " Rektor, pedagog eller administrator" Trur det kan vere eit spennande tema der eg ikkje har problem med å finne stoff.. Nesten sånn eg gler meg til å starte. Minn meg på kva eg skrev i vår når eg set og slit neste år. hehe..

Denne veka var eg også dommar på Volda ungdomsskule sin Grand Prix. Noko av det vanskligaste eg har gjort på lenge. Sitte og skulle gi poeng til so mange flinke elevar. Men vi kom i mål og kåra for første gang i historia 2 klasser som vinnarar. Det var veldig jamnt. Alle var superflinke.
Det eit fantastisk arbeid dei legg ned på ungdomsskulen, både elevar og lærar. Sjølv om dette kanskje ikkje står i noko læreplan, så er dette absolutt relevant. Her får dei vere praktiske og skapande, og ikkje minst samhandlande. Ein lærer mykje om kvarandre ved å måtte jobbe på denne måten. Håper dei fortsett med dette, og at andre skular ser verdien av å ha slike arrangement.

Håper alle får ei super helg:)

tirsdag, april 01, 2008

Host og Host..

Eg hostar igjen..
Kroppen min likar å plage meg med denne hosten..
Etter to netter utan søvn skjønar eg at folk vert gal av insomnia.

Eg set no på skule og hostar. Sjukdom og obligatorisk undervisning fungerar dårleg saman.
Så eg set no her til pynt. Takk og pris for at eg har med pc.

Camilla hostar ofte syns du kanskje.. Og det stemmer..
Eg har hosta sidan eg vart fødd. Har starta å tru på at den lunbetennelsen eg hadde då eg var baby tok knekken på systemet. Mamma var livredd for at eg skulle spy i døpefonten den dagen eg vart døypt.. Må ha vore ein travel unge.. Flaks at eg var veldig søt:)

Men heldigvis so hostar eg ikkje so mykje som før, før som då eg budde i leiligheit med vegg til vegg teppe og inne røyking. Eg skal aldri meir ha vegg til vegg teppe, skal aldri meir røyke inne heller. Satsar på å slutte å røyke også før ein vert 30..