onsdag, juli 30, 2008

Voldaboble eller Voldavakum?

So var vi tilbake i Voldabygda...Merkelege bygda, der tida står stille.
Her får ein ei kjensle av å bu i ei boble.. Men om sommaren so må det vere meir som å bu i eit vakum. Alt er det same, ingenting har endra seg sjølv om eg har vore vekke i 3 veker. Det er sikkert slik over alt, vert sikkert slik sidan eg set altfor mykje framfor tvn.. Ikkje vant med så mykje tid til å tenke. Hehe.. 3 veker med ferie er ikkje bra for hovudet mitt vertfall.. Eg set igjen med mange spørsmål og få svar. Skal, skal ikkje, tenk om, vist atte.. Nei, håpar at studiestart kan komme fort slik at eg har noko anna å tenke på! Perioda 15 august -15 oktober kjem til å gå like fort som 3 veker med ferie.. Og mest sannsynleg kjem eg til å trenge litt ferie når denne perioda er over.

Eg har brukt store delar av livet mitt på tull. Trur det at eg var snusfornuftig og frykteleg vaksen til eg vart 17 har gjort at eg har mykje tulling til gode. Bere så dumt at eg i ein alder av snart 28 skulle hatt fast jobb og muligheita til å ta meg opp i lån i banken slik at eg kan bygge meg hus, få born og stasjonsvogn. Slik er det ikkje. Eg har ein tullejobb og er ein tullestudent... Ikkje akkurat det A4 livet ein bør leve.. Men eg likar å ha det slik, vertfall det eg sei til meg sjøl, at eg har god til til å verte vaksen. Men sjå slest dei litt desse to sidene i meg. Fornuften og følelsane står på kvar si skulder og kranglar høglytt.. Akkurat no er eg usikker på kven som vinn. ..Hadde vore fint om nokon kom å rydda opp, tok alle valga og ordna alt føre eg.. Men så enkelt skal ikkje det vere.. Så da tek vi enklaste utveg, og tullar litt til.. Så får vi sjå.. Eg kan vertfall så langt etter draumehuset med den inntekta eg har no.. Men den som ventar på noko godt sei dei.. Hadde vore fint om Norsk tipping tok å ringte ein Laurdag;)

Medan eg prøvar å verte vaksen driv eg å testar ut ting vaksne gjer. Eg har iløpet av 2 dagar kjøpt 10 kg jordbær. Igår kjøpte eg 5kg som eg lagra for bruk til strawberry daquiry, Idag kjøpte eg 5 nye kg som eg laga rørt syltetøy av. Eg ordna og mekka, og alt var gjort før 12.. Ikkje verst for å vere meg! Mamma og søskena tok turen til Volda, så idag sat vi på terassen og åt lunsj med vaffler og camillalaga syltettøy.. Vart ganske godt! Eg er i tillegg ein racer på å mekke vaffler, så bere å kome på besøk:) Eg og Gunnhild skal også prøve oss på å lage saft:) Ripssaft! Nammis:)

Eg driv å les Snømannen av Jo Nesbø.. Fytti for ei skummel bok.. iiiik.. Får frysninga når eg tenke på den.. Men skal verte ferdig.!

Tone og Rune flytter på fredag... Sukk.. Urettvis.. Men heldigvis så er dei nødt å stikke innom avatil:)
"Its better to leave than to be left alone" sei dei.. Eg er litt enig..

søndag, juli 27, 2008

19 og 20. Stad: Lillehammer og end of tour 2008

Laurdag sto vi opp og pynta oss. Det var allereie fryktelig varmt når vi hadde fått på oss klea. Eg prøvde å sminke meg men fann ut at det var bere tull. Vannfastmaskara var det einaste som funka. Prøvde å sette opp håret, men krøllane eg prøvde å lage fredag kombinert med varmen, så vart det eit takras i løpet av dagen. Ikkje akkurat den freshaste dagen i mitt liv.

Etter å ha innsett at eg var den minst pynta i Nato som skulle i bryllup var det vielse i Lillehammer kirke. ( Kan du forresten verte noko anna enn prest når du heite Kappelrud til etternavn?!) Nydelig vielse og eit nydelig brudepar. Ingvild, søskenbarnet til Geir, såg ut som ei prinsesse i den nydelige kjolen og det flott oppsett håret.

Eg veit at før bryllupet til Sol og Cec skal det proffe hender oppi mitt hår. Absolutt verdt pengane, bedre enn å kjenne at det du svetta og banna over er på vei sånn ca over alt.

Vi var innom hotellet og skifta ette kirka, kjolen eg tenkte å bruke vart bytta ut med skjørt og topp med tunika uttapå. Aaalt for varmt med lange armar på ein slik dag.
Bryllupsfesten var på banken i Lillehammer, som var eit fryktelig varmt murhus. Beina min dei hovna opp til anklane forsvann og eg måtte bytte sko. Då er det flott å ha ein Geir som hentar sko på hotellet og gidd å trykke litt på føta mine for å oppnå litt sirkulasjon. Urutinert av meg å gå og stå i mange dagar før eit bryllup, og ikkje minst dumt å gå i nye sko. Hehe..

Men på tross av varmen vart det ein fin fest, med flotte gaver og ikkje minst flotte talar! Trur ikkje eit auge var tørt etter brudegommens si tale. Dei var eit nydelig par, håper dei lever
lykkelig inn i evigheten;)
Håpar at eg får lov til å gifte meg ein gang! Det vert ein kjempefest med 200 av mine og Geir sine nærmaste:)

Søndag var det å ete frukost og pakke oss inn i bilen. Så var det timar med biling før vi var i Volda. Strålande sol og 30 grader er noko tull å kjøre i, men må ein så må ein. Takk og pris for aircon. Vi susa oss nordover og etter knappe 7 timar med ein del stopp og venting på ei ferge som går når den kan, og ikkje når det skal, så var vi framme i Volda. Vi kom opp i ei ulykke på veg opp på strynefjellet så der vart litt venting. Framme i Volda så lasta vi utav bilen og fekk alt på plass. Det er mange timar med klesvask framføre oss.

Vi har gjennom heile turen vore veldig bevist på at det er viktig å ta seg god tid, og ikkje stresse når ein køyrer bil, det hadde vore dumt å skade seg bere fordi ein stressar med å kome seg frå A til B. Livet er litt for dyrbart, det har vi desverre vorte mint på her på søre sunnmøre denne veka. Vi må prøve å huske at vi er sårbare og ta vare på kvarandre.

Med dette var Tour 2008 over. Det har vore ein fin ferie med mange fantastiske opplevingar.
Eg er glad fordi eg har så mange fantastiske vener over det ganske land. Tenk om alle hadde hatt vener som dykk! Då hadde det ikkje vore krig i verde, bere Lykke:)
Til alle dykk som ikkje vi rakk å besøke denne gangen, så kan eg bere sei at vi har ikkje gløymt dykk! Vi dukkar nok plutselig opp!!

Dag: 16,17,18. Location: Oslo baby, Oslo!

Onsdag pakka vi alt pikkpakket vårt inn i vår store, vesle Audi a3. Trur verken Cecilie, Solveig eller Stein trudde vi skulle få alt inni. Men min Geir er flink å plassere, så ca 12 var vi klar til å erobre E6! Vi susa innover og plutselig var vi i tigerstaden.
Vi parkerte og sjekka inn på plaza,der eg og Geir fekk handicap-rom.. Hehe.
So gjekk vi over til det vakre operahuset der vi kosa oss i sola. Ragnhild kom også haltande. Ho har lært at viss du skjer deg under foten så skal du gå til doktor med ein gong, ikkje vente i 4 dagar. At ein ikkje kan trakke på foten er vist eit dårleg teikn.

Etter nokre timar på marmoren så måtte Solveig, Cecilie og Geir dyppe seg litt i bassenget på plaza.. Då dei var ferdig dyppa så gikk eg, Ragnhild og Brigt ove å drakk kaffe, medan resten dusja. Eg droppa kaffien og tok ein smoothie istadenfor,varmt i varmen er ikkje heilt min favoritt.. Litt seinare åt eg, Geir, Ragnhild, Solveig og Cecilie på dattra til Hagen, god mat i en nydelig bakgård. Desse bakgårdane er noko eg saknar her i Volda. Lure på om eg må lage ein!
Kveldens siste øl tok vi på Oslo Mekaniske Verft, også ein kjempe koselig plass, som ligg ute på Grønland. Vi tok kveld tidlig, ferdig kokte etter ein fin fin dag i Oslo.

Torsdag var det tidlig opp og shoppe. Vi rusla litt i butikkar før eg og Geir for opp på Valle Hovin for å sjå Team Maiden mot Team Norge. Moro moro! Ikkje bere var kampen gøy, men det å sjå så mange "rockarar" sjå fotball var igrunnen det beste. Hehe..
Etter middag var det å finne vegen oppigjen til Valle Hovin, no til konsert!! Å for en konsert:)
Lyyykke:) Medan arrangøren må lære seg å ha dopapir på do, nok vatn og at betong er grusomt å stå på, så leverte Maiden så det holdt! Det var nice:) Under konserten kom også Cecilie som er kjærast med min bror og Laila F! Moro å sjå begge to:) Kjekt å vere mange når ein står på konsert:)
Etter konserten køa vi oss ned til sentrum der vi gikk på Garage og tok ei øl. Akkurat som for 2år sidan i Bergen!

Fredag sto vi opp og shoppa litt før vi åt lunsj saman med Ragnhild. Så var det å finne vegen mot Gjøvik. Tullete å kjøre bil når det er så fint ver, men hadde 1000 ting å fikse før bryllupet.
Etter ein tur innom IKEA, og å ha kjørt ein liten omvei så susa vi oss til Gjøvik der vi fekk servert middag når vi kom. Luksus å vere på ferie når ein kjem til dekka bord. Resten av fredagen gikk med til bryllupsførebuingar.. Ikkje bere bere å dra i bryllup.

tirsdag, juli 22, 2008

Dag 14. og 15. Stad: Larvik og Porsgrunn

Filmen svarte soooo til forventningane:) EJ ELSKA!! Va soo kjekt å sjå "jentene" igjen;)
Håpe det kjem både en toar og en trear:)
Mandag var det sløving og irritasjon over at Sola ikkje kunne vise seg. Eg og Cecilie er enige om at sol bak skyer er tull.. Sol uten skyer er digg:)
På kvelden var vi nede på kaikanten der Larvik kommune virkelig har pynta. Så var vi i Stavern og åt is, før vi var på sightseeing i Nevlunghamn, Helgeroa og avslutta på Kaupang. Har sett alt frå Norges første by til ein UFO!:)

Tirsdag var vi ein tur til Anette i Porsgrunn.. Ho har fått det kjempe flott i sin nye casa. Vi var på sightseing i Skien og handla litt i Porsgrunn før Anette diska opp med god middag.
Vi var ute å tok eit glas med vin før vi var på Mamma Mia! Løyen film! Absolutt musical.. Hehe.. Lett å synge med:)
Møtte Solveig, Cecilie og Renèe i Farris og såg på korleis Solveig og Renèe bada..
Imorgon ventar Oslobyen og Plaza:) Torsdag er det MAIDEN!! Wuuuhuuuu:)

søndag, juli 20, 2008

Dag:11, 12, og 13. Stad: Larvik

Fredag, Lørdag og Søndag. Helg og late daga.
Fredag så var det soool! Så fekk sitte ute ein time! Wow!! Ej trenge meiiir SOOOOL!
Eg laga og kyllingbruchetta.. naaammmis:) På kvelden var vi i bøkeskogen og hørte på Elton John tribute ting. Kosa oss med Øl i sola. Etterpå sat vi ein god gjeng heime med Cecilie og Solveig og kosa oss.
Lørdag gikk med på å sløve! På kvelden var vi hjå Anette og grilla, pga veret så vart det å grille ute og ete inne. Kom ein smule regn iløpet av kvelden. Men koslig å sitte inne når ein høyrer regnet ute. Kosa oss med kvitvin og pottis.
Søndag søndag søndag.. Skikkelig søndag! Sto seint opp, sov litt til på sofaen, såg på søppel tv og shappe pizza til middag. Kan det bli betre? eventuelt verre?! hehe..
Vi sit no framfor tven og byttar kanalar..I kveld satsar vi på Sex og singelliv filmen! Gleeeeda meg:) Endelig min tur:)

torsdag, juli 17, 2008

Dag 8, 9,10 Tilbake i Larvik

Tusen takk til Solveig og Cecilie som er så gjestfrie og som husar oss så lenge:)

Søndag var det koma og senga ganske tidlig..
Mandag var vi på grilling nede hjå nokon vener av Cecilie og Solveig. Kjempe kos til seine natta.
Tirsdag var vi i gata å kika, ein tur på kafe og var ute i staveren og såg på båtane. Vi var innom tanta te cec og fekk helse på søskenbarnet til cec. Kjenne eg glede meg litt til bryllupet deira om ett år.. verte løye!
Tirsdag var vi også innom Trine og Svein are, som bor borti gata. Føle eg har vorte litt meir kjent med Larvikdelen av Solveig og Cecilie og skjønar godt kvifor dei bu her.
Fint ver og gode venar! Kan ein ynskje seg meir?
Onsdag var eg til frisør. Klipte og stripa! Svært fornøgd! Me LIKE!
Onsdagen gjekk ellers med til sløving, noko d har vorte mykje av.. Alle batteri er no maks lada.. Kroppen boblar snart over av energi.
Torsdag: Harry tur til sweden. Vi sto opp før fuglane hadde våkna og sette ferden mot Sweden. Tok båt frå sandefjord til strømstad og var innom svinesund på vei tilbake til Norge. Fikk virkelig handla godis, øl, røyk og vin. Visakortet gret etter ein hard ferie.. hehe

Dag 6, 7 og 8. GRIMSTAD, Skral, Groos, Kæmp Volda.

Så var det dagen for Skral Festival! Eg hadde sommarfuglar i magen når eg nærma meg Kæmp Volda. Å jaggu for ei helg! Frå Torsdag til Søndag var det maks gøy! Her var der få sure miner, sjølv om regnet pøsa ned så hadde alle rette innstillinga. Her var vi for å kose oss og det gjorde vi! Øl og musikk er ein av mine favorittkombinasjon!
Torsdag vart det ikkje så mange konsertar, dagen gjekk stortsett i å orge teltet. Men fekk med meg Donavon Frankenreiter og Kent! Gode konsertar begge to! Kent hadde eit utrulig bra show med fantastisk lysshow!

Fredag shoppa vi partytelt og anna stæsj, frukost på mcdonald og sløva på senterkafeen.
Fekk med meg Truls and the threes, Katzenjammer (Knall moro konsert!!), Enslaved, The presidents og the USA og så avslutta Big Bang kvelden. Big Bang var som vanlig flinke og leverte, men kjenner at eg har sett dei litt for mange gangar..

Lørdag hadde vi ein kjapp tur til sentrum for å handle forsyningar, så var det å sløve i kæmpen. Vi brukte masse tid i den fantastiske kæmpen vår og ordna partytelt og bord.
Kæmp Volda besto av; Ida, Mari, Torgeir, Anne, Camilla, Geir, AnnCecilie, Siri, Kristine, Christina, Anne Marte, Hanne og ei til. Vi hadde også eit par stykker som var random innom som underholdning. Faantastisk moro! Vi hadde svart belte i allsang og sang på det som kunne synges.
Vaktene på skral syns vi var svært hyggelige, så vi ordna oss slik vi ville. Det var stor stemning i kæmpen, og ein viste aldri kven ein fant når ein kom tilbake. På eit tidspunkt var det kø for å komme inn i kæmpen.. hehe..

Laurdag såg eg Surferosa, Lukestar, Danko Jones, Superfamily og Madrugada. Alle var flotte konsertar, med Surferosa, Danko Jones og Madrugada var nok mine favoritta denne dagen.
Madrugada var veldig spesiell, sidan det var 1.år sidan Robert Burås døde. Madrugada leverte ein magisk konsert! Lykke!
Søndag var dagen for å samle saman loppene og reise tilbake til Larvik. Litt slitne, men fantastisk gla for å ha vore på Skral. Eg skal tilbake neste år! Det er vertfall heilt sikkert!!

Dag 4 og 5. Porsgrunn og Larvik

Dagen etter så sette vi kursen mot Larvik, med ein liten usving innom Porsgrunn for å møte Anette som har fått ny leilighet. Den var kjempe flott, lys og trivelig! Bere dei arbeidarane vert ferdige så blir det topp!
Her kosa vi oss i et par tima før vi vendte nasa mot Larvik.Kjekt å kjentfolk som ein kan stikke innom på ferie. Her var det sløving og sightseeing. Dagen etter var vi ein tur til Stavern, grilla på terrassen og bere kosa oss. Godt å kunne slappe av å kjenne at det er ferie!

Dag 3. Den store Bruce dagen

Vi sto opp, pakka ferdig bilen, og etter eit kort stopp i sentrum for å kjøpe litt diverse bar det rett til Oslo. Eller rettare sagt Østre Akervei 33, og hotell 33. Etter litt mat på Økernsenteret så var det bere å stille seg i kø! No var vi klar for The Boss himself!
Rune og Olav Arne hadde kome ein time før, så vi fant dei framme med scena.

Eg må sei eg er djupt imponert over det showet dei leverte. I 3 heile timar leverte dei i bøtter og spann! Vi sto ganske nært scena, og Bruce er nok den største internasjonale stjerna eg har så nær. Karane var godt nøgde! Vi vart slitne i beina, men gla når vi labba oss tilbake til hotellet etter konserten.

søndag, juli 06, 2008

Tour de sommer 2008

Dag1 0g 2

Omtrent samtidig som Tour de france starta, så starta vi vår sommarferie. Stakkarane skal sykle til dei bli gul og blå på rompa, medan eg skal sete i vår søte audi med aircondition;) Føle eg vann;p

Turen starta frå Volda med eit pitstop i fagre Olden. Vi var innom og helste på besta som hadde bursdag, min mor, Ingvild og Robert.
Etter ei lita stund so starta vi på den lange bilturen til Gjøvik.
Takk for airconditon sei bere eg.. Hadde aaaldri klart det utan. Fin sol heile vegen.

Iløpet av turen så hadde vi isstopp på Lom, fekk lære at det er dansefestival på Sel i Gudbrandsdalen, og at det var mykje folk på countryfestival på Vinstra.

Vel framme på Gjøvik venta det pizza og sløving. Det var godt å kome ut av bilen og kunne strekke på beina.

Dag2
Geir og faren er på hytta for å hente telt, og eg sløvar forran pcen.. Veret er crap, som forventa er det kjempe fint heime.. Typisk min flaks.. hehe..
Iløpet av dagen skal vi innom søstra til Geir, men noko meir enn det vert d nok ikkje.

Talet på observerte roadkill: 5
Talet på observerte politibilar: 5

Sommarens lesestoff:
Stieg Larsson, Menn som hater Kvinner og Jo Nesbø, Snømannen.