torsdag, juli 17, 2008

Dag 3. Den store Bruce dagen

Vi sto opp, pakka ferdig bilen, og etter eit kort stopp i sentrum for å kjøpe litt diverse bar det rett til Oslo. Eller rettare sagt Østre Akervei 33, og hotell 33. Etter litt mat på Økernsenteret så var det bere å stille seg i kø! No var vi klar for The Boss himself!
Rune og Olav Arne hadde kome ein time før, så vi fant dei framme med scena.

Eg må sei eg er djupt imponert over det showet dei leverte. I 3 heile timar leverte dei i bøtter og spann! Vi sto ganske nært scena, og Bruce er nok den største internasjonale stjerna eg har så nær. Karane var godt nøgde! Vi vart slitne i beina, men gla når vi labba oss tilbake til hotellet etter konserten.

Ingen kommentarer: