mandag, april 28, 2008

Oslo baby!

I helga var eg ein liten tur til Oslo på møte i Norgesnettet, heile noregs miksepult:)
Knall tur! Mykje flinke folk som eg lærer mykje av!

Har fått opplevd 2 "gamle draumar" i helga, overnatta på Oslo Plaza og vert på konsert på Rockefeller. Når det gjeld Plaza så er dette rett og slett fordi eg kjem frå ei lita bygd trur eg, tanken på høge hus og glassheis.. hehe.. Det var eit fint hotell med god utsikt frå der eg budde i 23 etasje. Heisa gjekk så fort at eg fekk topp i øyrene.. Ikkje greitt for ei blond tuppe å komme til storbyen;)

Vi var på Rockefeller på fredag på Motorpsycho konsert! Det er ei knall scene og eit knall hus. Masse sjel og ein fantastisk lyd. Flinke artistar som heldt på i nesten 3 timar!! Ikkje verst!

Laurdag var det tilbake til Volda og "mitt kjære" Rokken, her var det litt jobbing før eg var på bursdagsfest til Ida! Ho hadde badtasteparty som tema og Rokken sørga for at det vart badtaste der også! Mykje kreative sjeler som såg særdeles stygge ut:)

Rokken vart 3år denne veka. Tida har gått fort. Alt ein tenkte på ein skulle gjennomføre som aldri vart slik som det skulle, eller alt som ein skulle unngå som ein har gått i fella på.
Eg håpar at vi kan ta vare på dette huset slik at det kan vere der lenge lenge. Eg har mange tankar og idear om plassen og korleis ting vert gjort, men tida strekk ikkje heilt til når ein skal vere student og vekesjef i tillegg.. hehe.. Skal bruke juni på ein best mogleg måte kjenner eg.

Imorgon startar Den Norske Dokumentarfilmfestivalen! Det vert Moro!! Mari1 kom igår, Mari2 kjem imorgon!! Og så kjem dei som perler på ei snor, dei folka som gjer at Volda vert nett som i gamle dagar! Håpar på sol og utepils:) Æ glær mæ!!

4 kommentarer:

Anonym sa...

er snart på vei.. er i volda halv 11 i kveld.. pils sa du?
mvh
2'ern

Ingaplinga sa...

kjekt med dok-film da! e kunne så virkelig ha tenkt m en lorraine-konsert, men men... får ta i neste omgang! haha

blei nesten litt skremt over å sjå at rokken feira 3 år, det vil sei at d e 4 år sida e for frå volda det... føles ut som ei evighet i år, ikkje så lenge når e ser tilbake på ting... huff... bestetida tok slutt, og et nytt kapittel ha starta! ve kje ka som ha vore best av dei to, men veit iallefall at tida i volda sette spor, både positive og negative! å e kjem ALDRI til å glemme tida på KROA!!!

Anette sa...

Jeg vil også til Wonder-Volda

Camilla sa...

Bere å komme;)