torsdag, februar 05, 2009

Engasjement i natten..

Er trøtt som ein dupp og burde ha lagt meg, men må få ut litt damp før eg finn senga.. Vert liggande å løyse verdsproblem vist ikkje..

Engasjement er ein rar sak.

Eg driv no å jobbar for å få eit styre til VEKA2009, å det er jaggu ikkje enkelt..
Anten skal dei i praksis no eller så skal dei i praksis i hausten, lysta er der med mange men dei veit ikkje om dei er her til hausten..
Å alle dei andre? Dei som set bakerst utan å sei noke? Dei latar som det ikkje anngår dei, at det må vere opp til nokon andre å skape noko.
" Det ordna seg sikkert, sikkert nokon andre som gjer det.. Det handlar ikkje om meg.."

Men det handlar nettopp om deg, meg og alle andre. Viss ingen gidd å skape noko, engasjere seg og gjere noko for andre, kvar endar vi då?
Setande i kvar si stove å glo inn i anten tv eller data og klage over at alt er keisamt og at det ikkje skjer noko..

Ei venninde av meg sa det så fint; " Hadde dei visst kva dei gikk glipp av!"
Alle minna, vennane og erfaringane ein går glipp av bere ved å sitte heime å vente på at nokon skal gjere jobben for deg..

Eg er gla for at eg er så fordømt nysgjerrig at eg bere må prøve meg nye ting.
Eg har eit behov for å lære, gjere og vere aktiv. Eg vil forme min kvardag og mi studietid.
Eg vil ikkje sjå tilbake på kva eg kunne ha gjort, angre for det som aldri vart.
Så får det heller ver då at eg har trakka på nokon tær, og gjort nokon tabbar.
Men ein ting kan du ikkje ta meg på, og det er at eg ikkje prøvde.

Det er din kvardag, di studietid og di framtid...