søndag, februar 15, 2009

Brukt på nytt


Det har vore ei moro, men hektisk helg i Voldabygda..
Fredagen feira vi verdens beste Anne Helene med supriseparty eit halvt år etter ho fyllte år!
Det er utruleg moro å glede nokon som vert så gla for det:)
Vi kosa oss med tapas og vin før vi tok turen på Rokken på Gisle Børge trio..
Det var ein nydelig konsert som var balsam for mi sletne sjel..
Etter all turbulensen som er i kvardagen min så var det godt å sette seg ned for å bere ta imot god musikk.
Takk til Gisle Børge, Helge og Per willy for ein fantastisk konsert!
Dykk er hjartleg velkommen tilbake:)















Laurdag starta vi dagen med å kose oss på kafe med Arve, Hanne, Bjarte og Iver.
Arve var på tur til Volda denne helga, var moro å sjå han igjen etter så lenge!
Iver var i toppform og sjarmerte både meg og alle andre på Rokken i senk.
På kvelden starta vi med ein nydelig middag heime hjå Anders og Kate. Vi feira at Kate fyllte år,
og Anders diska opp med Kalkun, eller kra kra som Iver kalla det:)
Det var ei koselig stund, med god mat, god drikke og godt selskap!
Neste gang du kjem må du ta med heile familien Arve! Håper Randi og snuppene kosa seg i Bergen!
Vi avslutta kvelden med ein tur på Rokken.. Rokken på ein laurdag er ein merkeleg stad, og ein
bør egentlig vere sveiseblind for å vere der..

Søndag tok eg, Anne Helene, Ida og Anne turen til Aasentunet der han Ivar skulle lære oss om
Brukt på Nytt.. Heldigvis hadde han leigd inn Kathrine Gregersen for den praktiske biten.
Ho er ei fantastisk dame med utruleg evne til å formidle. Når foredraget var over hadde vi alle 4
funne oss heklepinne og sengetøyrestar for å hekle filleryer. Vi fekk også lære oss å lage vekser,
eller handlenett som dei kallar det.. For meg som har eit stort handikap når det kjem til
handarbeid var det stort å kome heim med veske og påbegynt teppe. Og etter vi hadde kosa oss
med velfortjent pizza fann eg fram teppe mitt og fekk hekla det ferdig.

Om det ikkje er perfekt så ligg det masse sjel i det:)







3 kommentarer:

Elisabeths Ingeborg sa...

Heisann!
Såg på facebook at du hekla ja, så kjekt:) No fekk eg endeleg sjå kva du hekla... Berre brukt på nytt hekling eller blir det anna og? ;)

-Elisabeth

tonelill sa...

Så flott!
Kanskje jeg slenger meg på etterhvert?

Camilla sa...

E nauta kjekt når en får det til ja:)
Planen e å verte litt flinkare med sånne heklerier;) Målet e ei korg ej he sett, men det verte på sikt:)
Veldig bra den brukt på nytt boka!

Bere å slenge deg på Tone:)