onsdag, desember 31, 2008

2008 slik eg såg det.

Skal prøve å oppsummere året som har vore, 2008 har verkeleg vore eit år fyllt med masse forskjellig!

Januar:

Januar gikk rolig forbi trur eg, kan vertfall ikkje huske noko anna.
Har jobba på Rokken og i tunet, vore på møte og starta på ny modul av masteren.
Februar starta med ein smell og eit bang. Vinterleikane okkuperte vekeplanen for heile første veka i februar. I veke 7 vart eg velt til vekesjef for veka08( ups.. ikkje akkurat planlagt..hehe..)So stod Barcelonaaaa på timeplanen! Fantastisk by! Det var kjærleik ved første blikk frå mi side. Vi hadde ein super tur med mykje trakking og litt shopping. Eg reiser lett ein gang til! Då skal eg besøke parkar og shoppe enda meir! Barcelona er god på sko;) Eg kan anbefale denne byen på det sterkaste! Sjå bilder på fjesboka:)

Mars gikk også unna i en fei, starta med å verte sjuk..
Mars er også månaden når mammaen min har bursdag. Ho fyllte 50 år i år. Verdens beste mamma uten tvil:) Vi starta feiringa med å overaske henne med selskap den 11. før vi fortsette feiringa i København i påska.
Men vi hadde ein kjempe flott tur bortsett frå at mi kjære svigersøster havna på sjukehus. Så vi skal nok vere med dei ein annan gang slik at dei får ein skikkelig tur. Eg stiller vertfall lett opp:)

I April var eg vist sjuk igjen. Er mykje sjuk ser eg.. Intet nytt under solen med andre ord..
Ellers so var eg dommar på Grand prixen til Volda ungdomsskule, veldig vanskelig var det å sette tal på kor flinke dei va.. Var også ein tur til Oslo i April, der eg var på Norgesnettmøte på Plaza. Tok glasheis for første gang å var bonde på byen;P Det var ellers fint ver i april som virka inn på humøret;) Rokken vart 3 år, merkelig kor tida flyg!
Dokfilm sto også for tur i april. Moro moro! Når står ein ellers frivillig i kø i mange timar?!
Volda er moro under dok.film, for då kjem det gamle kjente.. Slike som gjer at vi kan snakke om gamle dagar.. haha..

I mai var det oppgåveskriving, eller alt for å unngå oppgåveskriving.. Struktur har eg brukt opp, og er ein fryktelig dårlig student. Leverte ei fryktelig dårlig oppgåve. Kjenne eg er flau endå.
Ellers gikk mai sin vante gang med 17 mai og jobbing. Viktig med tradisjonar;p
I Mai var vi også på KISS konsert! Løye!!
Vi kjørte Kissmobil, med skikkelig Kissopplegg! Kisskviss og anna moro! Eg, Geir, Lillian og Klaus
freste oss til Oslo for å oppleve denne fantastiske moroa;P Artig tur! Fikk også teke ein tur på Operataket! Fine fine operaen!

Juni var tida for Bergenstur og Foo fighters konsert! weee! Besøkte Vendel og Vidar!
Herlig tur med herlig musikk! Var også ein tur til Måløy for å besøke Hege. Det var jaggu på tide! Har skulle besøkt ho no i 4 år!
Sidan Anette er så snill så fekk eg vere med på Seigmen i Operaen, noko som er det råaste eg har vore med på! Fytti! Eg vart stum.. Å det er sjeldent! Vi gikk alle ut som lykkelige og bedre mennesker etter den konserten! Det er eg sikker på!

Så var det Juli og sommarferie. I år hadde eg og Geir oss ein rundtur i Noreg. Vi starta frå Volda, var innom Olden, Gjøvik, Porsgrunn, Larvik, Grimstad, Oslo, og Lillehammer.
Vi opplevde utrulig mykje. Bruce Springsteen står nok øverst på lista til Geir, eg er imponert over tempoet til desse karane med tanke på alder!
Veret denne sommaren på østlandet var selvfølgelig ikkje bra.. Medan det på vestlandet var bra. Når skal eg få ein sommar med sol?!
Vi var også på SKRAL denne sommaren. Ein heil bataljon av herlige folk laga Kæmp Volda der vi kosa oss 3 dagar til endes! Hurrraaaaa kor kjekt:)
Etter skral hadde vi late dagar med Cecilie og Solveig. Godt med kvile.. Ladda opp alle batteria eg hadde. Vi kosa oss med is og god mat.. Einaste sola som mangla! Rakk også ein svensketur og ein tur innom Anette i Porsgrunn før vi snudde nasa mot Oslo og Iron Maiden!! Min 2.konsert med desse karane. Valle hovin var dårlige på å arrangere konsert, men heldigvis var musikken toppers! Overnatta på Plaza og bere kosa oss:)
Avslutta juli med bryllaup til søskenbarnet til Geir. Varmt varmt varmt, men fint å få helse på slekta hans:) Eg var flink å lage reiseblogg i Juli, veldig gøy å sjå tilbake på:) Einaste minuset var mangel på sol, eller rettare sagt at sola var framme bere på dagar eg ikkje kunne nyte den;)

August er det tilbake til den gamle tralten, jobb og semesterstart. Eit stort antiklimaks i grunnen. Rart å vere tilbake i bygda som aldri forandrar seg. Starta hausten med å kjøpe bær å fryse det ned slik at eg var klar til ein lang haust. Eg hadde også bursdag i August. Ein fin dag som vart feira med gode vennar:)
Så starta hausten og den verkelege planlegginga til Veka08. Eg skulle også vere student denne hausten. Veka gjekk nok bedre enn studia.. Hehe..

September kom med Veka.
Veka var veldig moro, men slitsom. Vi hadde fantastiske konsertar og ikkje minst fantastiske nach;p Legendarisk rett og slett! Volda er vått og trist om hausten, så då er det kjekt å ha slike ting som veka for å holde oppe humøret. Viktigheita av gode vener viser seg også når hausten er våt og kald.

I Oktober fann eg plutselig ut at eg var student.. Litt stress.. Hehe..
Ellers så gjekk dagane til jobbing og rydding etter veka. Var på ein nydelig Thom Hell konsert.
Likar musikken til denne karen! Løp å kjøp viss du ikkje har høyrt noko av han!
Hausten 2008 var som ein karusell! Det var bere å hoppe på og prøve å halde seg fast!Eg har hatt ein kjempe flott haust, med mykje moro og lite alvor! Akkurat slik slasken i meg likar det.

November gikk med i jobbing, tur til Gursken, fotballkamp på Color line og anna.
Ein månad prega av glede og sorg.

Desemeber var det fokus på jul og eksamen. Skulle vell tenkt litt meir på eksamen, men gjort er gjort.. Tankane gjekk i litt andre banar igrunnen. Brukte mykje tid på å tenke, tankane gikk til å tenke på dei store tinga, ting skjer som gjer at ein får nye perspektiv. Alt dreier seg ikkje om eksamen og julestress.
Eg er så innmari gla i alle dei eg har rundt meg, og er nok ikkje flink til å minne dei på det.
La oss alle huske å gjere det meste ut av kvardagen, ikkje utsett noko til ein annan dag.
Viss ein feirar kvar dag og prøvar å sjå det positive så får vi det mykje betre. Eg veit at eg har mykje å jobbe med her.

Håpar at 2009 kan verte eit postivt år. Der vi har fokuset på å gjere kvarandre best mogleg!
<3

Ingen kommentarer: