lørdag, november 08, 2008

Utan ord.

Ein eg kjente, og som var ein god ven med mange av mine venar, vart funnen død torsdag. Eg brukte lenge på å forstå at han var dø, håpte at eg hadde lest feil, at eg hadde høyrt feil.
Eg vart utan ord og plutseleg var alt rundt meg mykje mindre viktig.

Det var ikkje så viktig med den oppgåva eg ikkje har starta på, eller alt pensum eg burde ha lest..
Vi er så innmari små i den store samanhengen, og vi må huske å ta vare på kvarandre..
Kva betyr vell alle dei materialistiske tinga vi har rundt oss viss ikkje vi har nokon å dele dei med?
La oss huske å stoppe opp, puste litt og gi kvarandre ein klem eller to.
Alle treng vi nokon, nokon som kan lytte når vi treng det, eller nokon som bere er der utan at det vert sagt eit ord.
Ta vare på kvarandre alle saman!

2 kommentarer:

Ingaplinga sa...

huff...

veldig gode ord milla!

Anonym sa...

har en liten ting til de på sida mi!