onsdag, oktober 22, 2008

Haust og slikt..

Hausten 2008 har vore som ein karusell! Det var bere å hoppe på og prøve å halde seg fast!
Eg har hatt ein kjempe flott haust, med mykje moro og lite alvor! Akkurat slik slasken i meg likar det. Samtidig har eg heldigvis fått jobba og vore litt på skule.
Og no er det skule som står i fokus! Neste veke skal eg innta biblis! Håpar bere det vert like moro som resten av hausten har vore.. Litt skeptisk, men eg skal gjere mitt beste!

Eg har bortsett frå å vere veldig veldig veldig sosial prøvd å jobbe litt innimellom alt. Jobben min på Rokken er heldigvis slik at eg får jobbe saman med masse flotte flinke folk! Dette gjer at eg trivast på ein stormåte! Yey! Lovar at eg skal prøve å vere ein god ven for dei som ikkje er innanfor Rokken sine veggar også, men om ikkje anna så veit dykk kvar dykk finn meg!:)

Jobben min er enda utan ein klar arbeidsinnstruks, ergo er eg litt potet og jobbar litt overalt. Alt frå bestillingar til vanlige jobbekveldar. Vanskelig å forklare igrunnen, men eg er stortsett der det trengst, men jobbar nok mest oppimot dei frivillige og kveldsdrift. Det vert avatil seine kveldar med mangel på liv utanfor dei fire betongveggane våre, men dette vert kompansert som sagt med flotte kollegaer som eg har hatt mange flotte stunder med iløpet av hausten, som til dømes ein legendarisk hyttetur til Nipehyttene. Det har vore fint lite drama denne hausten, men det ligg nok å ventar. Vi har både november og desember igjen.
Av erfaring slappar eg aldri heilt av, for plutselig so smell det.. Og eg vil nødig sitt med skjegget i postkassa fleire gongar..

Kvar er eg om nokre år? er eit spørsmål eg ofte får, og eg er usikker på svaret. Eg innser at vi ikkje alltid kan leve i denne bobla som er så trygg og god. Ein dag må eg også verte vaksen!
Eg håpar bere at eg finn nokon som vil ha meg, med all mi praktiske erfaring med menneske, men utan ein haug med toppkarakterar.
Frivilligpraksis og engasjement tel masse har eg fått fortalt. Eg håpar bere det er rett, eller så vert det værst for meg. hehe..

P.S: Haustveret har kome til Volda, noko som gjer at vindauget mitt lekk. Det har det gjort no i ein evigheit.. Duste snekkarar som ikkje kan jobben sin skikkeleg...

Ingen kommentarer: