lørdag, januar 23, 2010

Prosjekt Rokken2010!

Dette er det som opptek mykje, eller det meste, av mi tid denne våren!!

Saken er som følgjer; i 2009 fann KRD( kommunalogregionaldepartementet) at dei hadde ein sekk med pengar til overs til å satse på distriktstiltak! Denne sekken søkte Norsk rockforbund på og som dei ville bruke til identitetsprosjekt rundt i det ganske land! Her skulle ein jobbe med utfordringar, gjerne skape nyskaping i organisasjonane, å aller helst lage undervisningsopplegg som andre kan bruke.

Då vi var på FAST i Tromsø fekk vi siste inspirasjonen til å sende inn ein søknad.
Vi har lenge snakka om, faktisk sidan vi opna huset, at vi måtte jobbe med motivasjon og dei frivillige! Her vil ein aller helst ha ein gjeng som føler at ein har ein funksjon, at ein vert inkludtert og at det ein det ein gjer betyr noko! Om ein ikkje føler at ein er med på laget så gir ein heller ikkje sitt beste..

Søknaden vart trekt ut, som ein av seks, til å få gjennomføre eit prosjet der rapporten skal vere inne 16 april... Så her MÅ ting skje!
Det er nettopp det som er så fantastisk! Her må vi faktisk mobilisere å få gjort noko, ein kan ikkje utsette det til neste veke!

Så no går det slag i slag, med fantastisk mange idear som vi skal sette ut i livet iløpet av 2010!

Eg har trua på at vi skal få skapt endring gjennom dette arbeidet, eg håpar at vi alle går styrka ut av denne prosessen slik at alle kan iløpet av 2010 få oppleve annerkjennelse og eigarskap til det frivillige arbeidet på Rokken!

<3

Ingen kommentarer: