søndag, januar 03, 2010

2009 slik eg såg det..

Dette innlegget er langt og utan bilete, skal prøve å sjå om ikkje eg kan få lagt til bilete når eg kjem til Volda og finn maskina!

2009 starta med ein pang og ein smell! 

Eg var alt inne i ei hengemyr med mykje sakn og sjølvmedkjensle før den værste bomba i mi karriere som student small slik at det for evig kjem til å legge merke i sjela mi.. Dette var stunda då eg måtte plukke fram alt eg hadde av styrke, eg viste eg kom til å tape, men eg måtte tape med stil.. Det var eit personleg helvete og eg har aldri før teke te tårene framfor så mange framande før.. Vertfall ikkje i ein slik setting.. Men når alt er sagt og gjort kom eg uttav dette sterkare og klokare, med ei såra sjel, men med litt betre vet. 

Eg løyste det på kort sikt slik eg løyser mykje anna, med å drikke meg full:P Platina fekk lufte seg og Camilla fekk litt fri. Det er slik eg på kort sikt løyser ting, ved å fornekte det.. Putte det i boksa og ta det fram når eg er klar for å takle det.. Eg elska feks å vere på tur, men hata å pakke opp fordi dette minner meg om at eg har forlete nokon, noko som eg er svært dårleg på, derfor pakkar eg alltid opp med eingong eg er heime og skjular spor frå at eg har vore vekke.. Merkeleg, men sant, slik gøymer eg den dårlege samvittigheita mi, angsten og alt det der.. Med å putte det i ei boks.. Heldigvis er eg sterk nok til å plukke det fram når eg har fått tenkt litt på det.. Å slik starta 2009! Rart eg var litt haudelaus første månedane?!

Angsten fekk vel mykje plass første tida, den som plagar meg, fortel meg at eg er no good.. Men så er det godt at verda sett meg på plass og gir meg perspetiv. I slutten av januar starta eg å lese bloggen til Regine som desverre gikk bort no før jul.. Den gav meg ei ryggrad og ein vilje til å kjempe. Kvifor skal eg sette meg ned å sutre over ting eg kan endre? Å det vart mottoet for 2009 i grunnen! Og med ein nydeleg konsert med Gisle Børge Styve vart verda straks litt betre!

Som eg skriv i februar: 

"Å være sterk er å 

se lyset når det er mørkt

slåss for noe man tror på

selv om man ikke har flere

krefter igjen

og se sannheten i øynene selv om den er hard"


Så eg tok på meg hanskane!! Mitt engasjement på Rokken rusla vidare, men eg fekk no ei ny kampsak! Meg sjølv!! Eg starta å trene!! Eg har i løpet av 2009 mista ca 30 kg, noko som merkast på humør og livsglede! Gjennom trening har eg fått svetta ut frustrasjon og tungsinn, opplevd meistring og sett nye mål! Sjølv om det har gått saaakte til tider så prøvar eg å sjå framgong å lyset i dei små tinga..Ein ting er vertfall sikkert, at forma er myykje betre ved inngangen av 2010 enn i 2009, sjølv om eg har vore plaga med både overtrening og anna pjask siste halvdel av 2009.. Men eg gir ikkje opp! Eg skal fortsette mitt prosjekt i 2010! Eg har eit mål og det skal eg nå! 

Våren er prega av trening og irritasjon over dei som øydelegger for oss som har det gøy, over folk som slest og folk som ikkje gidd å gjere ein innsats.. eg trenar litt til og irriterar meg meir.. Fokuset er på trening, innimellom er det ein rasande festlig dokfilm som eg ser tilbake på med stor glede! Fytti kor moro! Yey!!

Vedsiden av trening er eg i 2009 i tankeboksen når det gjeld jobb å styr.. Kva skal eg verte når eg vert stor? Dette har eg framleis ikkje svar på.. Håpar at eksamen kan gi meg svaret om eit par veker.. Time will show! 

Mai er nydeleg med masse kos og gode vener, ein flott tur til Riga som vert litt i skuggen av at mange flott folk reiser.. Dette gir meg ein liten vårdepresjon som vanleg. Eg lovar meg  å ta betre vare på dei som er igjen.. Om eg klarar det?! tja.. Prøvar vertfall:) 

Sommaren er fantastisk!! Myyykje kos på terassen! Eg, Anne Helene og Maria kosar oss til krampa tek oss! Det samme skal vi gjere sommaren 2010! Du er velkommen til å leike! Vi set der med kaffikanna:P Denne sommaren var også då eg fekk det ærefulle oppdraget å vere forlovar for Solveig! Ho tok Cecilie som fru og saman arrangerte dei eit fantastisk bryllup:) Vi hadde fantastisk dagar både på utdrikkingslaget og under bryllupet som sto 3 dagar til endes! 

Så tok eg og Geir saman med Jan Arild og Cec turen til Portugal!! WoooW for ein herleg tur:) 7dagar med kos! Sealkonsert, sol og shopping! 3 viktige element for denne turen:) Eg vil gjerne tilbake til cascais, dette var eit lite paradis der eg fann fred og ro! Å ligge i bassenget å sjå utover horisonten! Då har eg det som plommen i egget:) 

Humøret går mykje opp og ned i starten av august, mykje pga jobb og utdanning, eg føler eg går i bane.. Men heldigvis har eg bursdag med 2 festar, masse gode vener og flotte gåver:) i <3>

"Som nokon sa; If all you have is a lemon, make lemonade!!" Dette prøvar eg å ha som motto for hausten 2009! Som sagt var 2009 året der eg skulle slutte å syte! Her skulle vi ta saken i eigne hender!! Jobb går litt trått, og enda tråttare(?) går det med kroppen. Den er laga av reservedelar og det må mykje pengar og behandling til for å få den opp å gå.. Men men.. Takka vere akupunktur og kiropraktor so kjem eg meg gjennom hausten... Ingen behagelig haust, men kom meg gjennom den! Eg er nesten bra, og nesten får faktisk vere godt nok! Spesielt sidan eg er bere slik, der finnas ingen kur for å vere uheldig med ledd og senefeste.. men men.. la gå!!

"God grant me the serenity
To accept the things I cannot change;
Courage to change the things I can;
And wisdom to know the difference."

Eg har då ein kropp eg kan bruke og ikkje minst verdas beste støtteapparat! Gode vener, ein herleg familie og ein flott kjærast! Kva meir kan ein trenge?!!:) I løpet av hausten er både Ida, Mari og Solveig på besøk! Eg stooorkosar meg med å ha dei i Volda! Dokke he alltid ein plass her i wondervolda!

For når slutten på året kjem så er det nettopp dei rundt oss som er viktigast, dei som ein desverre aldri ofte nok fortel at dei er verdifulle, viktige og at eg ikkje hadde eksistert utan!! Ting skjer denne vinteren som gjer at eg endå meir vert klar over kor skjørt livet e.. 

Eg gjer mitt i siste delen av 2009 for å bruke masse tid på dei rundt meg, sjølvsagt er det mange fleire eg skulle ha leika meir med, men håpar å kome sterkare tilbake i 2010! Men å gå tur med gode vener, besøke flø, vere fadder, kose med vesle gullisane og vere venninde er noko av det kjekkaste eg gjer på slutten av 2010, vedsida av å henge med familien og leike med kjærasten sjølvsagt:) Eg har feira ei flott jul, kosa meg masse og ete nydeleg mat! Har fått helst på mange av dei som har vore heime og fått jobba litt.. Så romjula har vore som vanleg! 

I 2010 har eg eit mål om å leike enda meir og å sjå dei enkle gledene! For det er nettopp dette som gjer meg gla! Så vedsidan av å trene, ete sunt og alt det vanlige skal eg rett og slett leike meir! Det trur eg skal verte eit mål som eg lett kan gjennomføre! Eg har alt sett av tid til leiking imorgon! Lurer på om ikkje kofferten skal få stå til mandag,...

<3

4 kommentarer:

ella sa...

du e sterk, flinke og übergode, camilla:) og 2010 kjeme til å bli historisk;)

Camilla sa...

Takk ju Ella:)
Du ekj so værst du heller;)
2010 verte året!! Lett:)

Unknown sa...

Camilla, du skriver så fint! Så mange fine tanker, og så mye å tenke på. Du kommer til å ta 2010 med storm!

P.S. Den nydelige kjolen som er målet ditt kommer til å sitte som et skudd! Jeg gleder meg!

Camilla sa...

Tusen takk Synnøve!
Bere så synd den kjolen ikkje finnas i butikken lenger.. Men heldigvis er der mykje anna fint:)