søndag, januar 10, 2010

Ei helg, hyttestyle!

Etter ein herleg fredag med mykje kos klarte eg å forsove meg kraftig laurdag, eg skulle møte jentene og ta bussen til Ørsta 11:50, eg våkna 11:30!! Stressa som ein gal for å rekke det, går ut på bade, får vaska meg i ansiktet og der forsvinn vatne!! Røra mine var fryyst!

Då måtte Ørsta utgå og kampen om vatne startas!! Snakka med huseigaren, han snakka med rørlegger..2 timar seinare kjem eg heim etter litt rokkenjobb og tenker at ovn på den kalde boda kanskje er eit triks.. Må også understreke at i dette stresset klarte eg å gløyme alt anna eg skulle denne laurdagen, det einaste eg fekk frå meg frå butikken var ein zalospray.. KJEMPE vits sidan eg ikkje har vatn!!

Rørleggeren kjem i 3 tida, han trur problemet ligg i boden så varme skal ordne alt! Søteste Anne helene kjem innom med ein ovn til, optimismen stig! Her skal det verte vatn... 4 timar seinare skal eg har vors, sidan eg må vere heime å passe ovnane og røra mine.. Eg brukte så mykje varme at eg ikkje fekk på meir uten at sikringane rauk!
Vi smelta snø så vi hadde vatn til do og vasking av henda... Har eit underhaldande vors, med påfølgande tur på Rokken.. Droppar nach og går å legg meg! Fortsatt ikkje vatn..

Våknar 10:30 med ei rullgardin som ikkje var nede, ein munn tørr som sahara og ei leilighet som ser ut som den i Hangover! Einaste som mangla var ein tiger på badet!!
Hadde eit håp om det skulle ha kome vatn, men der vart eg grundig lurt!! Eg lovar å ALDRI mobbe nokon fordi dei ikkje har vatn..!! Skrur på ein oljeovn som eg hadde slått av om natta, og starta på prosjekt leilighet.. Smeltar vatn slik at eg får vaska etter laurdagens vors.. Smeltar vatn slik at eg får vaska opp, og smeltar vatn til do.. For det heller verkar nemlig ikkje..
Kjensla av å leve før krigen er absolutt til stades!

Heldigvis henta Anne Helene meg ut på tur slik at haude fekk frisk luft. Etter det var det tilbake til det manglande vatnet, og smelting av snø... FML!
Geir kom heldigvis heim idag, men vatnet er fryst..

Dei siste 36 timane har berre dreia seg om vatn! Det er først no når det er vekk eg ser kor mykje vatn eg brukar!

Så no set eg her, utan vatn, utan do, utan oppvaskmaskin, utan dusj og utan vaskemaskin..
Eg kjenner at dette vert for primitivt! Hadde det ikkje vore fordi eg må passe på når vatnet kjem at det ikkje er lekasjar hadde eg rømt.. Men det kan eg ikkje, for eg må passe vatne, røra og alt anna som høyrer til..

Jada! KOooooS!

Ingen kommentarer: