I likheit med alle andre syns eg katastrofa på Haiti er grusom, eg kan ikkje eingong tenke meg korleis det må være å oppleve noko slikt. I slike kriser må verda vise at vi stille opp for kvarandre, dette er tida for handling! Eg har valgt å støtte Leger uten grenser sitt arbeid på Haiti, det gjer du anten med å putte pengar på tipsglaset vårt på Rokken, eller går inn her
Eg håpar at verda kan samle seg runt Haiti og hjelpe dei gjennom denne katastrofa, men samstundes må vi ikkje gløyme alle dei som fortsatt svelt i Afrika eller opplever å måtte bu i eit Iran som legg sterke føringar for kva du kan gjere.
Så ikkje la engasjementet ditt stoppe med prat og tankar, velg handling! På den måten kan vi saman forandre verda til ein betre stad å bu!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar