mandag, april 27, 2009

Konsert eller ei?!

Eg har dei siste åra vore på eit hav med konsertar, har sikkert gløymt nokon, men dei fleste huskar eg om ikkje mykje så vertfall litt av.. Eg har dei siste åra funne mange nye favorittar og elskar å finne nye band!
Eg er veldig glad for at eg har jobba på Rokken og Kroa som faktisk har gitt meg mange av desse konsertane gratis! På den måten har det vorte meir enn å gå på dei største konsertane, eg har også funne små skattar som eg aldri hadde funne viss ikkje..
Som konsertscene så er det ein tøff marknad der ein ikkje tener pengar anna enn kanskje på dei største konsertane der det er fullt hus.. Men skal ein slutte å arrangere konsertar av den grunn?

Gapet mellom å vere ein kulturleverandør og vere ein utestad er stort, men samtidig så skal ein få til begge dele. Ein skal levere konsertar og kulturopplevingar samtidig som ein skal tene pengar på det.. Slik eg ser det så må ein bruke det ein tenar på disco og skumparty til å dekke opp eventuelle tap på ukjente band..

Men kor langt skal ein strekke seg i å arrangere konsertar? Samtidig som det er det mest morosame eg veit så er det også noko som treng mykje planlegging og mykje tid.. Er det verdt det?! For meg er svaret sjølvsagt ja! Men når ein tapar ein haug med pengar så er det vanskelig å forsvare i lengda.. Svaret kan kanskje være meir tilskot til oss som arrangerar konsertar i distriktet?! Eventuelt turnear som ZoomUrørt der ukjente band får ta runda rundt i Noreg..

Eit anna spørsmål er om folk faktisk vil på konsert.. Hadde folk brydd seg om ein bere hadde hatt disco, og bere hatt store navn som Big Bang og Postgirobygget?! Eg er faktisk usikker.. Men eg håpar at ei lita kjerne hadde kjempa for at vi enda kunne få lov til å arrangere konsertar som Kaada som var noko av det vakraste som har vore på Rokken, der folk frivillig holdt kjeft for å få med seg musikken.. Det skjer ikkje ofte!!

Eg håpar at vi alle kan få lov å oppdage band i framtida, (og kan lære oss å stå stille og holde munn om ikkje anna av respekt for dei som står på scena.)
Måtte vi få oppleve masser av konserter på Rokken i haust:)

P.s Eit studenthus er inget studenthus utan engasjerte studentar.. Viss du vil unngå at Rokken vert som france så må du starte å jobbe der;p Viss du syns det er greitt at Rokken har opent 2 gangar i veka så er det bere å fortsette å sete på ræva å klage over det dårlige studentmiljøet i Volda;p

Ingen kommentarer: