fredag, april 03, 2009

Ka e det som mangla?

Eg må bere få ut litt irritasjon... Ka i alle dage e det som mangla dei som slåss?
Ein ting er å slåss for å overleve, ein anna ting er dei som absolutt må få testa testosteronet sitt kvar einaste gang dei er ute. VOKS OPP!!

At dykk ikkje skjønar kor tåpelig det er?! Kor idiotisk du ser ut?
Kva så om nokon slengte ein kommentar? Du må faktisk ikkje på død og liv "knuse trynet" til vedkomande? Drittungar!!

Skulla sendt dei ein plass der dei fekk sjå korleis det var å verkeleg slåss for å overleve, anten i krig eller andre ting. Bortskjemte møkkamenn som absolutt må vise kor sterke dykk er. Tru meg på ein ting; det er ikkje sjarmerande!! Faktisk alt anna.. Eg skjemst på dykkar vegne.

Eg skulle gjerne ynskje at fleire hadde vett til å la ver, anten vett til å unngå alkohol eller rett og slett vett til å gå vekk i frå situasjonar... Skulle eg slått nokon for kvar kommentar eg får så hadde eg ikkje gjort noko anna..

Men det handlar om å slåss med andre ting enn nevane. Det handlar om å rette opp ryggen å velge andre måtar å møte livet på. Det er ikkje rart det er krig i verden når ein får bank i vesle Volda for den minste ting. Som tidligare skreve; bortskjemte drittungar.

Mitt forslag til verdensfreden er at mannfolk bør starte å ta meir kvinnelige hormon, i håp om at det skal fungere som det gjer på hankattar som får ppillar, dei vert roligare.. Kanskje det då gjekk ann å kose seg ute utan å måtte vere vitne til slikt tull som eg ofte ser..

2 kommentarer:

ella sa...

hihi...bare ej som såg for mej ein haug me femigutta på kvinnehormon som gråter om nåken ser skjevt på dem?:p

Camilla sa...

hehe.. syns vi kunna prøvt for en kveld.. kunna ha vore fole løye å sett på;p