lørdag, februar 28, 2009

Prosjekt svettis og friskus!

Tenkte eg skulle blogge om mitt nye prosjekt, bruke bloggen som ei treningsdagbok rett å slett.. Grunnen til at eg vil offentliggjere prosjektet er rett og slett at du skal kunne spør meg korleis det går med treninga, så skal eg sei at eg prøva mitt beste, å du skal kunne skryte av meg;)
Å forhåpentligvis kan det gi meg dytten til å kome mej på trening og dårlig samvittighet viss eg droppa det..

Grunnen til trening er no så mangt, felles for oss alle er vell for å få ein sunnare kropp som fungerar betre. Eg fekk i januar beskjed om at eg hadde astma, og at viss eg trena regelmessig kan eg sleppe å bruke mykje medisin. Eg må også slutte å røyke, så det er to store prosjekt denne våren. Kanskje like greitt at eg kan få noko anna å tenke på enn dei tankane som har herja dei siste vekene.

Målet mitt er ikkje bikinisesongen, då måtte eg nok hatt litt Nip/Tuck først;P Men med ein BMI på størrelse med ein liten elefant er dette ein grunn til å kaste seg på treningsbølga, diabetes2 er noko eg ikkje vil ha.. Elles har eg merka at denne treninga gjer meg lettare til sinns, som eg svettar ut litt bekymringar der eg traskar.. For svettar, det er noko eg gjer, her er det dårligkondis.com;p

I mange år har unnskyldningane vore mange for å sete på rumpa og gjere denne større, men no hadde eg brukt opp alle. Eg har gardert meg med medlemsskap på tren og gode venniner til å trene saman med. Barrierane eg har brote dei siste vekene har vore mange, men jaggu har vi vore flinke. Vi skal no lage oss kalendarar der vi skal få stjerner for trening og mindre gotteri.. Har lovt meg sjølv at viss eg har vore flink fram til påske så skal eg belønne meg med den flott veska dei har fått på veskebutikken.. Den sto så fint og ropte på meg når eg var innom på fredag, nestan kjærleik ved første blikk;)

Så i vekene framover skal eg prøve å blogge om min fysiske aktivitet og dei følgene det får. Denne veka var eg på trening 5 dagar, noko som er personlig rekord! Me like:)
Så då får vi sjå korleis dette utviklar seg!

Elles når det gjeld det innlegget mitt under så går saka sin gang, men eg har nok innsett at eg må ta sur lærdom for noko som lett kunna ha vore unngått. Men eg prøvar å fokusere på det positive i kvardagen, og takkar dei som er rundt meg for fantastisk støtte. Dykk er akkurat det ein treng når livet går litt i mot..
Veldig gla i dokke alle saman<3

4 kommentarer:

Sigrun Kristine Nordahl sa...

SYNS DU E SUPER DUPER FLINKE!!!!
E so sant so sant... veldig lett å havne der, MYKJE hardare å komme sej ut to det :-) men allt går... Berre vilje det står på som regel.... Om ikkje lenge veit du so henge ej mej me på, skal bli godt både gå rundt vatnet igjen å anna !Akkurat sånn det e no går det me ei runde på amfi å so e det stopp....

STÅ PÅ vidare du, DITTA e ingen problem for ei sta taus so dej veit du ;-)

Klemz...

Camilla sa...

Tusen takk for gode ord Sigrun:) Kjekt at folk he trua på mej:) Skal gjere mitt beste:)
So fort du fe ut dinna bebisen so skal vi gå masse tur i vårsola!
Gleda mej:)
Koskos

deleted sa...

shit camilla, du er god!! Steingod faktisk. Eg skal begynne å trene 23. mars, då åpner elixia rett borti her.......uææææææ....vi får støtte kvarandre saman.

Camilla sa...

Vi skal lett støtte kvarandre Irene:) Du må bere gjere som oss å dele ut stjerner til deg sjølv:) Viktig å premiere seg undervegs:)