mandag, juni 16, 2008

Foo Fighters!

Tilbake i Volda etter ein fantastisk konsert og utrulig koslig tur til Bergen!

Reiste til Bergen med buss på tirsdag, det var ein lang tur, men med musikk på øyret gjekk det bra. Onsdag var det konsert! Ååå Lykke!
Queens of the Stone Age varma opp og sørga for topp stemning.
Så kom Dave og co på scena! Det var ei hitparade frå start til slutt.
Det er ikkje ofte eg kan stå å syng med på nesten kvar sang..Digg digg digg:)
Om ikkje dei koste seg på scena, så lata dei vertfall som det! Søte søte gutane!

Torsdag var det kafeing med Vendel, Katrine og Hogne! Kjempe kos å bruke mange tima på kafe med gode venna!

Fredag reiste eg med båten til Måløy og besøkte Hege. Eg har skulle besøkt ho no i mange år, men tida har ein tendens til å springe. Så no va det på tide! Vi kosa oss med god mat og god drikke før vi gikk ut i Måløyby. Løyen liten plass;p

Til helga er det Skien, Oslo, Seigmen og Anette! Æ glær mæ:)

Ingen kommentarer: