tirsdag, desember 15, 2009

Har lyst...


Har lyst på seine frukostar
Har lyst på sjokolade
Har lyst på marsipan
Har lyst på julekaker
Har lyst på konfekt
Har lyst på julemat
Har lyst til å reise i familieselskap
Har lyst til å henge med gode vener
Har lyst til å sove lenge, skravle heile natta..

Har ikkje lyst til å jobbe i romjula..

Er litt emo om dagane når alle snakkar om kor deilig det vert med julefri..
Eg har fri 24. og 25 desember, så er det tilbake på jobb.. Å sjølv om vi sikkert får det svært
festelig på Rokken i romjula med herlige folk på jobb, så er det mykje betre å våkne til pappa sin julemusikk, ordet amen minner meg om å verte vekt av pappa sine nydelige juleplater og få servert mamma sin deilige julefrukost.. Men men.. Eg får lage meg julemusikkliste på Spotify og passe på å ha god mat i kjøleskapet slik at eg kan ha noko å trøste meg med når eg set her aleine å sturar.. For eg er ein juleteperson, å jul for meg er jul heime hjå far og mor, å slik skal det vere uansett om eg vert rekna som vaksen:P

Men så gjer dette at eg nettopp set veldig pris på å få desse dagane heime, og gjer at eg set endå meir pris på alle dei vakre menneska eg har rundt meg! For eg veit at eg er heldig, ikkje alle har nokon å feire jul saman med...

Så:
takk for at eg har ei flott familie
takk for eg har ein herleg kjærast
takk for eg har fantastiske vener
takk for at eg har ein plass å bu
takk for at eg leve i eit rikt land der vi har fred
takk for at eg er så bortskjemt at det eg syt over er eigentlig tulleting
takk for at eg er!

bileta er henta frå hytteturen vår vinteren2009! Eg ynskjer meg eit kvit og fin jul! Og ikkje minst fred på jord<3

4 kommentarer:

ella sa...

ej melde mej frivillig t å komme me frokost til dej fjerde juledag!;)

Camilla sa...

nååå søøte du;)
Frokosten fjerde juledag vert vell ei pølse på vei heim frå bakrom:P

ella sa...

baconpølse! og kanskje ej stjele et egg før vi går fra rokken. egg, bacon og pølse, d e orntli frokost d;p

Camilla sa...

egg, bacon og pølse! Lett:)