mandag, desember 21, 2009

Balsam for sjelen!


Idag har vi vore på roadtrip for sjela! Eg, Geir og Anne Helene tok våre slitne kroppar og pakka oss inn i bilen og vende nasa mot Flø! Ein av verdas vakraste plassar!

Det er når det vert så stillt du høyrer alle lydane! Bere fargen og lyden av sjø og hav gjer at eg kan stå i timesvis... Bere å kjenne den friske lufta, dei klare fargane og lyden av bølgene!

Eg vart som ein liten unge der eg hoppa frå stein til stein og skulle ta bilete av alt! Måtte gå litt til, bere litt lenger, sjå kva som er bak den haugen.. Stå med begge beina i sjøen! Passe på at ein ikkje vert våt, å verte våt fordi ein gløymte å passe på, å springe for å sleppe å verte meir våt! Steik eg kosa meg på min mest barnslige måte! Medan Geir hadde funne bilen og syns dette var kaldt så kunne eg sikkert ha sete der enda;P Neste gang eg skal dit skal eg ha eit betre kamera og så skal det vere storm! Eg vil ha bølgjer og kvitt frådeskum!!


Kameraet mitt er ikkje så bra, og eg er heller ingen god fotograf, men håpar dei fortel litt om stemninga ute i havgapet:)

1 kommentar:

Ingaplinga sa...

NYDELIG!
Kanskje vi får ta fotosafarie dit en dag? Går vel an å tilbringe litt tid i den fjøra også, grille litt og bare kose se?