onsdag, juli 22, 2009

Størst av alt er kjærleiken!

Då var vi trygt på plass i Larvik for å feire bryllaup!

Eg har fått den store æra å vere forlovar til Solveig og kjennar at eg både gruar meg og gler meg!
Gruar meg til å halde tale, men gledar meg til å feire kjærleiken til desse to vakre damene<3


Solveig kjenner eg gjennom vår felles bakrunn som musikkmisjonærar i Volda! Saman har vi arrangert konsertar, diskutert konsertar og vore konsertgjengarar..
Vi har hatt kveldar og netter med alt frå fjas til djupe diskusjonar. Eller som den kvelden innskotautomaten slukte pengane til veka og slutta å verke.. Historiene er mange og heldigvis har eg bilete som minner meg om all moroa vi har hatt iløpet av desse åra:)


Cecilie er frøkna som skal ta Solveig som sin fru no på laurdag. Cecilie har også utdanna i Volda og er ei frøken med masse futt og fart i! Saman har vi sunge singstar og drukke store mengder baileys;) Ho er ei av dei mest hundeglade eg kjenner og eg håpar ho får seg ein kennel i framtida! Hundane kjem til å stå i kø for å få leike med Cecilie;)


Saman skal desse to gifte seg og arrangere eit herleg bryllaup der vener frå Volda kan møte vener frå Larvik. Eg ser fram til å feire denne dagen saman med dei og håpar at den kan verte eit nydeleg minne:)


Skulle eg gi nokon ekteskapstips vert det å seie som min far;"Akseptere og respektere!"
Og ikkje minst å pleie kvarandre;) Husk å ver kjærestar i ein elles travel kvardag..
Eg ynskjer dykk bere det beste for framtida og husk at størst av alt er kjærleiken<3



Dette biletet er teke sommaren 08 då vi hadde ein fantastisk tur til Oslo!

3 kommentarer:

Pida sa...

Kos dere i bryllup og lykke til som forlover snupp, det kommer til å gå som en drøm!!

Silje sa...

ja, du er jo så flink så forlover-rollen er du ment for!

nå først la jeg merke til at du skriver på nynorsk. synes det er så flott jeg da... wish i was a nynorsker.

lykke ønskes til det fine paret!

Ingaplinga sa...

Du har jo tala klar her du da ;D

Kos dokke masse-masse i bryddlaup i helga, blir nok heilt fantastisk! gleda me til å se bilde på fb e ;D

smask