mandag, juli 06, 2009

Eg ynskjer meg!

Oppdatert 15.juli

Eg har i mange år vore svært dårleg på å ha ynskjer til bursdagen min.. Kva skal ein ynskje seg? Eg føler eg har alt.. Eller rettare sagt svært gla i å kjøpe tinga mine sjølv;p Litt sær der ja..
Men i år skal eg vere flink å legge ut ynskjeliste! Å ganske tidleg med, sidan eg har bursdag i august;P

Mest av alt så ynskjer eg meg fred på jord, at alle skal ha det bra, at vi kan slutte å plage kvarandre..og at vi kan slutte å køyre fort.. Men dette er vanskeleg å gi meg innepakka i papir, så derfor har eg laga ei meir materalistisk liste som kan vere enklare å få tak i..




1. Ny kompjuter! Min kjære bærbare Dellmaskin er sliten.. Eg ynskjer meg ein ny kompjuter!




Anten ein slik: sånn der mæcmaskin...






Eller ein slik: ein ny dellkompjuter!



2. Ein Ipod shuffle som eg han ha på trening.. Slik at eg slepp å trene til RadioNorge.. Redd meg frå tullemusikken til tren og gi meg ein slik til bursdag! Anten i raud eller rosa... Eller i ein annan farge.. Berre eg får noko anna å høyre på så skal eg vere evig gla:) Eg vil sjølvsagt ha inngravert namnet mitt på den!

3. Pengar til ny mobil!! Kanskje ein Iphone? Eller Nokia? Eller SonyEricson? Eller Samsung?

Sidan eg ikkje veit kva mobil eller kvar eg skal kjøpe den, så ynskjer eg med cash til å kjøpe ein mobil som virkar heile tida, ikkje bere delvis som den eg har! Den har vore min gode rosa ven no i 3 år, og eg har hatt mykje moro og gjort mykje ugagn med den, men no driv den og sviktar meg.. Og vener som sviktar dei byttar vi ut, det er noko alle veit;P


4. Hårprodukt eller digge ting til huden!

Som tigi bed head, hard head hairspray, det meste innan for joico og mykje anna moro! OG så vert eg svært gla om eg får ein ny BIOSILK sidan eg klarte å tømme ut den eg har..Gåvekort på Sansfrisør vert då tingen! Eg er svært sær på alt som har med hud og hår å gjere, så gavekort på Volda glassmagasin som eg kan bruke på kremmar og slikt er alltid svært:)

5. Gåvekort

På hud eller kroppspleie er digg å få..Eller eit gåvekort på den andre glassmagasinet i volda, aka polet;P


Mest av alt det som står ovanfor ynskjer eg meg ein fin bursdag som eg kan feire saman med dei eg er gla i:) Eg ynskjer med eitt nytt flott år med mange gode minne, flotte konsertar og kos med familie og venar:)




ps alle bileta har eg lånt får diverse nettstadar, som apple og dell.

Ingen kommentarer: