tirsdag, juni 02, 2009

Wiiiiiiiiii!

Då expert opna i furene invisterte kjærasten i nintendo wii, og eg kjøpte meg wii fit!
Har lenge tenkt å få testa det, men har ikkje teke meg tida før idag...
Etter 30 min no i kveld er ein ting sikkert, dette kjem til å verte brukt her i hus! Veldig løye:)

Her kan eg trene alt frå yoga til step, samstundes som eg kan trene balansen med morosame leikar som slalom og gå på line! Det vert moro å trene faktisk, og er eit bra tillegg til den treninga eg får gjennom tren og å vere ute i skog og mark.

Aksjon svettis og friskus har vore svært stilleståande i mai, alle dei planane eg la har gått til skogen. Veggen vart møtt og eg hadde nok med å ikkje ete opp alt eg kunne finne av søtsake.. Heldigvis har huset vore nesten tomt for slikt, noko som har vore til stor hjelp.
Kroppen har nekta å vere på lag, både gjennom at armar og bein sutrar og at eg ikkje har vore flink nok når det gjeld mat. Men no er det nok!

No er det på tide å sette opp eit gir og kome i meir aktivitet!
Sjølv om regnet piskar må eg komme i form viss ein skal nå måla eg har sett meg!

Mål for veka: 10 000 steg pr dag + 30 min wii kvar dag og kome meg på tren 2 dagar.

Ingen kommentarer: