torsdag, juni 04, 2009

Riga 2009


Ein herlig gjeng på 48 stk la ut på tur frå vigra ein torsdag ettermiddag..
Vi burde eigentleg skjønt det når vi såg køa i kafeen på Vigra og køa på den mikroskopiske taxfreen dei har der at dette kom til å verte ein tur med mykje venting.. Å då spesielt venting på drikkevarer.. Dei fekk sjeldant heilt dette med å servere drikke til maten i Riga, men med sola strålande frå himmelen og mykje flott folk så var vi alle samde om at det hadde vore ein fin tur:)

Fredagen fekk vi guida tur rundt omkring av Herta, ei dame som hadde snakketøyet på plass

Vi fekk sjå masse flotte hus, men vi fekk også sjå at ikkje alle er like heldige i dette landet her.
Dette er ein by der det er stor skilnad på fattig og rik. Eg er veldig gla for at eg bur i Noreg, og har nok vorte enda meir oppteken av solidaritet og felleskap etter denne turen. Kva hjelp det med billig alkohol når du ikkje har råd til mat og hus?

Her fekk vi med oss vaktskifte utanfor presidenten sitt kontor. Skikkelig strammingar! Legg spesielt merke til ramboen framfor porten!


Laurdagen tok vi turen ut til Jurmala. Ein nydelig badeby som eg skal tilbake til! Her kunne dei som ville ta spa, gå på stranda eller bere nyte kafelivet! Dette var ein skikkelig deilig dag:)


Søndag avslutta vi med å gå ein tur i parken, shoppe litt og ete turens beste måltid på TGI Fridays.. Riga er nok ikkje byen eg dreg tilbake til for å shoppe, men er absolutt verdt eit besøk for å sjå på arkitetktur og oppleve sol og sommar i jurmala:)

3 kommentarer:

Ingaplinga sa...

E blir LETT me!

Camilla sa...

Herlig:)
Vi får ta det på våren/ tidleg sommar neste år;p

Anonym sa...

Hvorfor ikke shopping i Riga? :)Hva tror du om riga i november? Aina