lørdag, mars 14, 2009

Kvifor?

Mange lurer på kvifor eg er så engasjert, kvifor eg jobbar så mykje som eg gjer, kvar eg hentar energien frå og kvifor eg orkar. Eg sjølv tenker nok same tankane enkelte gangar når ting ser som svartast ut og stressfaktoren er for høg..

Så kvifor?!
Torsdag var ein dag som er med på å bekrefte kvifor eg lever og åndar for denne plassen kalla Rokken.. Når du kan stå å sjå på 400 mennesker med det største smilet som finnas, stå å "digge" til den artisten som står på scena og sjå at mange av dei har sin livs oppleving nettopp den kvelden, då er det jaggu verdt det! Eg elskar å gi andre den kulturopplevinga som eg sjølv er så gla i, sjå at andre enn meg får det mykje bedre av å oppleve ein bra konsert!

Så har vi dagen i dag, der eg har følgt 8 band som skulle spele på bandstand, der enkelte er så nervøse at dei såvidt kjem seg opp trappa til scena.. Men når dei først står der og har ein skare av publikum som heiar dei fram så blomstrar dei! Det var mange flotte band som eg håpar ein dag kan kome tilbake som superstjerner!

Eller når du set gla og fornøgd etter ein endt kveld, og kan vite at alt gikk som det skulle, at vi sto ilag og fekk huset til å fungere! Ingenting er som å kose seg etter slike kveldar, der ein kan prate seg ut i dei små timar for så å rusle seg heim når det har vorte lyst, og dei fantastiske fjella som omkransar volda ser ut som dei er henta frå eit måleri, eller himmelen som gløder i morgonsola!
Det er rett og slett lykke!

Å sjå at andre kosar seg, gjer det plutselig litt lettare å overleve alle dei dagane som ein skulle vore forutan, alle dei tinga som gikk litt skeis. Å kunne jobbe som ein kulturleverandør er noko av det eg er mest stolt av, at "lisje" meg er med på å skape noko for andre, at vi i fellesskap kan får desse opplevingane i vesle Volda. Hura for alle oss som jobbar dag ut og dag inn for å få det til.

All ære til alle dei fantastiske frivillige som stiller opp. Eg kan ikkje sei det ofte nok! Det er dei du møter i baren, i garderoba, biletten og teknisk som gjer det mogleg for oss å ha slike opplevingar her i vesle Volda! Det er dine medstudentar som tek seg tid til å gjere noko for deg og meg, slik at vi kan gå ut å oppleve fantastiske band! Ikkje bere dei som jobbar no, men også dei som har vore med tidligare har lagt ned eit enormt arbeid for vesle Volda.. Dei har gjort det utan så mykje som ei krone i lønn, men får i bøtter og spann av kulturopplevingar, alt frå diskotek til Opeth. Kva hadde vell eg og Ulf kunna gjort viss vi gikk der aleine og sparka småstein? Styret kunne planlagt opp og ned i mente, men utan dei som er på golvet og gjer jobben så hadde vi vore like langt. Styret og dei andre frivillige brukar av si studietid for å skape noko for andre. Det krevar applaus og mange klapp på ryggen. Sjølvsagt kan vi verte betre, kven kan vell ikkje det? Men akkurat på det å stille opp det kan ingen ta dei på, så får vi heller ta ein dag om gangen og verte litt betre steg for steg..

Iløpet av året på Rokken så har vi medgang og motgang, vi får crew og mistar crew. Slik er det kvart einaste år, og ikkje minst kvar einaste vår så manglar vi folk for at det skal gå opp. Men då har vi desse fantastiske som stiller opp, som yter litt ekstra for at vi andre skal få gå ut å fylle oss med øl, kviss, konsertar, disko, fotball og alt det andre som vi brukar.

For å få eit aktivt studenthus er vi avhengige av engasjerte studentar som både jobbar her og som gjestar.. Og viss alle er med på å drage lasset ilag så kan vi fortsette med å få eit best mogleg studentmiljø i Volda. Så det er bere å ta spaden i eiga hand og gjere noko;)

3 kommentarer:

ella sa...

ditta innlegge burde vær ein del ta vervekampanja t rokken:)

Camilla sa...

Tusen takk Ella;)
Tenkte å omformulere meg litt å skrive eit lesarinnlegg i Næravisa.. Skal ta det på møte på mandag!

ella sa...

gjer d!
*thumbs up*
:)