onsdag, mars 18, 2009

14 dagar med stjernesanking, statusrapport!

Eg skal då få stjerner for følgande

- Trening: 3 dagar = 1 stjerne 5 dagar= 2 stjerne
- Fisk: Ei stjerne for kvar fiskemiddag eller ete fisk i ein anna variant.
- Minst to liter vatn pr dag i løpet av ei veke= 1 stjerne.
- Ete 5 måltid for dag / ete regelmessig = 1 stjerne ( dette vert faktisk den største utfordringa!)- -Ete 5 om dagen = 1 stjerne. Smoothie er mitt våpen for å få dette til! Saman med litt musli så vert dette eit fantastisk måltid! Yammi!!
- Ein dag utan godteri = 1 stjerne. Eg elskar alt det søte og salte og generelt alt som er dårlig for kroppen. Målet er at eg skal begrense snoperier til 1.dag i veka. Forige veke gjekk dette overaskande bra. Vi prøvar derfor også denne veka! ( Dei deiiiilige kakene på Rokken er min største fiende..)
- Drikke biola, ta tran og vitaminar 7 dagar i veka: 1 stjerne
- Gjere øvelsane eg har fått med fysioterapauten kvar dag = 1 stjerne

Eg har då fått 20 stjerner så langt.. Heilt ok, men kunne ha gjort det betre..

Trening går det ok med. Eg måtte ha nokon dagar fri pga foten, men er no tilbake i rett spor.. Kroppen har no starta å hyle høgt og er særs uenig med all denne treninga, men håpar at eg etter ei veke til har funne ein god rytme. Eg har måtte moderer stjernesakninga til at 1trening = 1 stjerner.. Treng motivasjon.. Kroppen er sur og muggen denne veka her..Ergo er det tvangstrening!! Eg trenar ikkje i helgane slik at kroppen får eit par dagar pause. Trena heller ikkje når eg jobba på Åge eller Opeth.. Trengde all den energien eg kunne få dei dagane, fekk gått nok likevel;P Elles så kjenner eg at både kropp og sjel har godt av å trene.. Ikkje bere får eg svetta, eg får også god tid til å sortere tankar... Viktig å få tømt haude for alt som ligg å lurer..

Fiskemålet mitt går heller dårlig.. 1 fiskefilet og 1 boks med makrell i tomat iløpet av 2 veke er elendig;P Her har eg ein del å hente!

14 liter vatn på ei veke( 2lpr dag) er eg i rute med trur eg.. Prøvar 0gså å velge vatn framfor min kjære pepsi max.. Men pepsi max vinn som regel;P

Ete 5 måltid for dag trur eg klarte for første gang idag! Har funne ut at eg søv for lenge om dagane til å rekke å ete 5 måltid før det vert for seint.. Så må prøve å stå opp til normal tid slik at eg får i meg riktig mat. Har ein del å hente når det gjeld mat, skulle gjerne hatt ein ernæringsfysiolog til å sett opp ein plan for meg.. Har masse bøker, men dei sei forskjellige ting.. Forvirra!

Livet utan godteri går bedre. Eg har kutta ned mykje i forhold til kva eg åt før. Men er sopass streng at eg får ikkje stjerne viss eg har ete så mykje som ein bit. Prøvar å vere veldig bevist på at det er bere meg sjølv eg lurer.. Men har tømt huset for slikt og et mandlar og walnøtt for å døyve verste suget.. Denne veka tenker eg bere på sjokolade.. sjooookolade.. spesielt smågodt marsipansjokolade... sukkk..Har nesten klart å halde meg unna kakene på Rokken.. 2 stykker iløpet av 14 dagar er ikkje så gale vell?!;P Ellers så var eg heime på søndag der eg fråtsa i kaker både med farmor og mamma si fantastiske iskake! naaaammisssss:)

Biola, tran og vitaminar går det bedre med! Har sett dei på benken slik at eg ser dei når eg går forbi... Veit at det er bere for mitt eige beste, både fiskeolje for å smøre ledda og bvitamin for å roe ned kroppen.. Må bere få det inn som ein vane.. Å ta eit glas med biola på kvelden når du har lyst på pottis er ikkje akkurat det same, men dog mykje bedre.. hehe

Når det gjeld øvingane mine frå fysioterapauten så har eg strøke på dette punktet.. hehe..
Ikkje ein einaste gang faktisk! Men håpar at det kjem etter kvart:)



Så dette er status etter 14 dagar! Så får vi sjå når mars er over korleis 1mnd har gått..
Viss eg fortsett i same løypa vert det LETT veske på meg til påske;)
(ps: eg har allerede starta å tenke på korleis eg skal få trent når eg er heime 3 dagar i påska.. hehe.. nerdete?! jeps!!)

1 kommentar:

Ingaplinga sa...

Det ligger en utfording til deg på bloggen min, wordpress bloggen!