fredag, desember 16, 2005

Winterwonderland

Iløpet av det siste døgnet har Volda vorte forandra frå å være grått til å verte krittkvit..
Volda har virkelig fått på seg vinterdrakta..
Måtte det ligge til julafta! Veit det er ønske tenking..

Volda har byrja å vere stille.. Studentane har i dei siste vekene lest og skrive oppgåve..
Sjeldan ser du fleire grå ansikt enn rundt eksamen. Alle får eit felles uttrykk i ansikt..Og på røykeplassan har stadig fleire nye ansikt dukka opp. Festrøykarane har no også vorte eksamensrøykarar.. Dei siste dagane har vore prega av irritasjon over utstyr som ikkje fungerar, printerane får ikkje uventa allti illebefinnande på denne tida, tårer kjem pga dårlige resultat og enkelte er hoppande glade fordi at dei fekk akkurat det dei kunne på eksamen..
Karakterane som vart delt ut er ei blanding av rettferdige og urettferdige. Sensorane får kjeft og ein god klem annakvar gang..

Pensum skal oppsummerast 2 gangar i året. Merklig nok så kjem det like plutselig på oss kvar gang.. Måtte vi aldri lære;)

No har dei fleste reist heim, Volda består av; lokale, studentar som er så uheldige at dei ikkje er ferdig før 21 og oss som må jobbe.. Min juleferie startar 22 desember..
Ynskjer alle ei fantastisk jul å so snakkas vi neste år;)

Ingen kommentarer: