søndag, desember 11, 2005

Venna..

Har i helga hatt besøk av eit vennepar av oss. Har hatt ei topp helg med masse liv i casacamilla.
Eg syns det er utrulig koslig å få besøk.. Gjerne samle ein heil gjeng for å sitte å prate å kanskje ha noko godt i glaset. Det einaste som er synd er at det skjer alt for sjelden..

Kor ofte sei vi når vi treff folk at:" Vi må no møtast oftare, det er alt for sjelden at vi treffast osv"
Får neste dårlig samvittighet når eg brukar dei setningane.. For eg veit at eg er alt for dårlig til å nettopp treffast å møtast.. Trur det vert mitt nyttårforsett.. Eg skal i 2006 prøve å verte flinkare å besøke folk, eller invitere til sosiale samlingar..
I januar er eg ferdig som leder for studentsamfunnet, er av ein eller annan grunn overbevist om at eg då straks vil få litt bedre tid.. Håpar vertfall det..

Venna er noko av det viktigaste på jord. På lik linje med familie og eventuelle kjærstar.. Eg er heldig som har ein flott vennegjeng som held ut med meg. Takk folkens! Prøvar å vere ein like god venn tilbake. Uten venna hadde livet vert mykje kjedligare å mykje mindre fargerikt..

Ingen kommentarer: