mandag, juni 07, 2010

Herlige venar = herlig helg!!

Eg har ikkje ord for kor mykje eg har kosa meg dei siste dagane!
Latter, gode vener, god mat, god drikke, sol, fjas og mykje anna!!

Laurdag feira eg og Geir 65 års dag saman med eit knippe av våre vakre vener! Fikk flotte pakkar og ein herleg kveld! Tusen takk for flotte gåver, eg er ekstremt gla i dokke alle saman:)

Søndag var sol sol og godt selskap! Restefest slår aldri feil:)
Vi avslutta søndagen med ein tur på kino for å helse på nokon av mine favorittjenter.
Filmen er ikkje den beste, men det var kjekt å sjå korleis dei har det! Dette er damer eg har følgt i mange år og likar svært godt:)

Eg er svært takksam for alt eg får lov til å oppleve og alle dei vakre menneska eg har fått oppleve alt saman med! Det er desse eg kjem til å sakne når eg flyttar frå WonderVolda..Alle minna, alt vi gjor, alt vi ikkje gjor! Alt vi sa, burde sagt eller angra på vi sa..Telefonen vi aldri tok, døra vi aldri opna.. Alt er med på å gjere meg til den eg er idag!
<3 berre kjærleik!

Ingen kommentarer: