fredag, august 15, 2008

Bær meg her og Bær meg der!

Eg har lenge hatt lyst til å få tak i litt bær slik at eg kunne bevare sommaren litt lenger, og endeleg fekk eg sjansen.
Det heile starta med at eg fekk tak i ikkje mindre enn 10kg jordbær, der noko vart til rørt sylte og noko til dessert/Strawberry daquirybær.

Så fekk eg tak i litt rips som eg og Gunnhild laga saft av.
Dagen etter fekk eg kjøpt meg bringebær som skulle verte litt sylte, litt saft og litt til kos, smoothies og anna digg.

Idag var eg og Anne Helene ute på ripsjakt, og fekk fatt i eit overlessa tre som trengte litt omsorg. Vi plukka av det over 10 kg bær, og tok det med heim til meg der vi safta, sylta og sortertere ut dessertbær. Vi har vore utruleg flinke! Klapp på skuldra til oss!

Og på laurdag kjem det endå litt meir bringebær. Kva eg skal gjere med den veit eg ikkje heilt enda, kanskje bere alt vert fryst slik som det er, slik at eg kan finne det fram og kose meg med når hausten og vinteren har gjort sitt inntog. Ingenting er så godt som ferske bringebær!
Husmor eg?! Tja.. Kunne vell passe så lenge eg syns det e gøy;)

2 kommentarer:

Ingaplinga sa...

hahaha, ditta kalla e voksent!
der kjeme e faktisk aldri til å komme, ver så snild å legg me inn då, for sånne bærfingra(e de nokke uttrykk?) de ha e aldri hatt!

kom på hytta å plukk då, om ikkje systa ha vore der da! haha! sofie drive å laga sylteTØY, fin på de serru :D

Camilla sa...

Hehe.. digg å ha ferske bringebær når det storma som værst ute.. hehe
smooothies å anna digg:)

He nok plukka frå meg for i år.. hehe.. einaste som står igjen er litt blåbær som vi skal sjå etter på søndag.. hehe.. Bærmafian ut på tur;p