fredag, mai 01, 2009

Har funnet formen, epleformen...

Team Friskus og svettis skal no nå nye høgder..
Starting from 1. mai!

Eg har funne ut at eg må gjere litt endringar på stjernesystemet.. Eg har fått rutiner på noko, som tran og vatn, men slit fortsatt med å ete 5 måltid om dagen.. Ergo må eg synliggjere ting i stjernekalenderen min.
Ergo:
Trening 1 time= 1 stjerne
Fem måltid om dagen= 1 stjerne
Fisk i fem av vekas måltid = 1 stjerne
Fysioterapautøvingar = 1 stjerne
Ikkje ete gotteri= 1 stjerne
På denne måten kan eg oppnå 4 stjerner for dag, og kan få ei bonusstjerne på fisken.
15 stjerner i veka = friske blomster til helga:)

Men det er jaggu ikkje nok, for alt dette ovanfor kan eg, vertfall burde kunne, dette er ting som eg lett kan gjennomføre..

Eg har funne eit program som eg skal gjennomføre dei neste 12 vekene..
12 veker kan verke som ei evighet, men dei forige 12 forsvant som ein fei, så kvifor skal desse vere noko anna? Eg har kome til eit punkt der eg må få inn litt variasjon før eg startar å kjede meg eller stagnere..

Når det gjeld mat skal eg følgje følgande råd: Ete fiberrikt, variert, mykje fisk og minst 750 g frukt og grønt. Og sjølvsagt bøtte på med vatn! Eg skal også dei neste 12 vekene vere forsiktig med sukker og alkohol.. Det siste vert verst.. Men men.. Eg prøvar mitt beste utan å verte nazi. Det er lov å kose seg, viss ikkje så sprekk eg før vi kjem til veke 3..
Eg får prøve å sprekke med vin istadenfor øl;p
Ernæringsfysiologen sei også at ein skal kutte ut røyken.. Eg tenker at eg kuttar ned.. Kan ikkje slutte med alt.. Då vert det bere sutring;P
Eg skal også prøve å stresse mindre, stå opp tidligare og sove til rett tid!

Det er utruleg festleg å sjå kva ernæringsfysiologane seier om dei ulike kroppstypane.. Men, dei påstår at det fungerar ergo må det fungere! So får vi sjå om det fungerar for meg;)
Lurer du på kva trening som passar for din kroppstype? Eg har fått eit herlig hefte med treningsvideo frå iform! Bere å kome å sjå! Viss ikkje så møtas vi på ellipsemaskina på tren så snart antibiotikaen har jaga bihulebetennelsen vekk!

3 kommentarer:

Frk. Steinnes sa...

Steik kor flinke du e... kan du ikkje ta en kopi og sende nedover t mj?? Trenge litt motivasjon og ej tenke at ej kanskje ska joine dj på veien mot kiloane. Sjølv om ej bur i Larvik og du i Volda, so bør vi kunne klare å jobbe sammen mot en lettare kropp, bedre helse og betre humør (går d faktisk ann å få t??)

Camilla sa...

Lett at vi kan ta å samarbeide:) so kan vi deige oss ilag i Larvik i Juli;)
Skal ta å finne fram scanneren iløpet av helga:)

Det e 12 veke til du skal gifte dej! Lett at dei 12 vekene går som en drøm:) Så skal vi fikse rett kosthold slik at du har masse energi på veien:)

Ragnhild Ø sa...

Hehehe.. Ej he det samme heftet og DVD'en frå iForm! ;) Men he ikkje sett på den enda da.. :p Berre fann ut at ej he meir guttekropp-type enn dei andre typane som va der. Men det som stod der passa ikkje så godt ellers da. E vel sånn det bruka å vere. :)