mandag, mars 24, 2008

Evaluering av nyttårsforsett del1


Etter oppfordring prøvar eg å oppdatere bloggen min. Dei 3 første månadane i 2008 har gått kjapt. Mykje fordi eg har oppfylt eit av nyttårsfortsetta mine, 2 gangar faktisk!:)

Januar gikk rolig forbi trur eg, kan vertfall ikkje huske noko anna. Har jobba på Rokken og i tunet, vore på møte og starta på ny modul av masteren.
Var på ein fantastisk Hip Hop Tribute konsert i januar. Herlige herlige folka:)
På slutten av månaden så kom også Ragnhild ein liten visit:)

Februar starta med ein smell og eit bang. Vinterleikane okkuperte vekeplanen for heile første veka i februar. Mykje moro musikk, Dr Albarn, Animal Alpha, Ralphane, MadCon, Chris Lee, Surferosa, kakkmaddafakka og Matias Tellez stod for underhaldinga. Mykje bra musikk, men også ein del crap. Anders hadde også innflytningsfest siste laurdagen. Anne Helene og eg var i pyntekomiteen, vi pynta etter beste evne og AnneH laga ein yammi punsj! Dætta kan a!

I veke 7 vart eg først velt til vekesjef for veka08( ups.. ikkje akkurat planlagt..hehe..)stod Barcelonaaaa på timeplanen! Fantastisk by! Det var kjærleik ved første blikk frå mi side. Vi hadde ein super tur med mykje trakking og litt shopping. Eg reiser lett ein gang til! Då skal eg besøke parkar og shoppe enda meir! Barcelona er god på sko;) Eg kan anbefale denne byen på det sterkaste! Sjå bilder på fjesboka:)

Resten av februar gikk nok med på å fordøye inntrykka frå Barcelona og jobbe med det som må gjerast på studenthuset og gå litt på skule. Fekk også plass til ein we konsert, zoom urørt og eit gjennsyn med Kaizer.. Flinke guta alle sammen:)

Mars har gått unna i en fei, starta med å verte sjuk.. Fekk brukt alle kreftene på å gå på national bank konsert med Thom Hell som oppvarmar. Eg sat på ein stol og så stod musikken for medisinen. Var ein nydeleg konsert! Skikkelig dyktige musikarar!!

Mars er også månaden når mammaen min har bursdag. Ho fyllte 50 år i år. Verdens beste mamma uten tvil:) Vi starta feiringa med å overaske henne med selskap den 11. før vi fortsette feiringa i København i påska. København hadde eg vore i ein gong før, noko som gjor det litt enklare å finne fram. Men med ein haug med folk på tur så vert ein lett litt "lost i jerusalem." Men vi hadde ein kjempe flott tur bortsett frå at mi kjære svigersøster havna på sjukehus. Så vi skal nok vere med dei ein annan gang slik at dei får ein skikkelig tur. Eg stiller vertfall lett opp:)

I køben var vi på litt busssightseeing, ein tur i det runde tårn, amalienborg slott, den lille havfruen og carlsberg bryggeri. Vi fekk også tid til å shoppe litt. Eg kjøpte meg fantastiske veske og fiiine skjerf:) Ein ting som verkeleg imponerte oss var servicen vi fekk over alt. Danskane kan dette med service. Servicen vi fekk der vi åt går ikkje ann å samanlikne med noko eg har møtt her i Noreg. Eg vert meir og meir klar over kor uhøflige vi er her i kalde nord desverre. Hadde bere nordmenn vore like klar over kor viktig det er å smile og helse på kundane sine.
Bilde frå køben skal kome inn på facebook når facebook oppfører seg litt betre. Har prøvd ein gong i dag utan hell.

Resten av påska var det volda og jobbing. Vi avslutta helga med ein av dei beste festane eg har vore på. Eg ler bere ved å tenke på den.. Det var go gjengen sin d;p

Når det gjeld nyttårsforsetta mine so jobbar eg med dei kvar dag. Eg prøvar mitt beste å ikkje tenke over kva drit enkelte greier å presse utav seg, og eg prøvar kvar dag å sjå det beste i alle situasjonar. Ikkje heilt enkelt for ein pessimist/realist som eg er, men som ein mann sa" If all you got is a lemon, you have to make lemonade!" eller "Stop and smell the roses" som "tanta mi fra amerika" sa det.
Vi har også starta året med å vere flinke å reise, og håpar at vi kan forstsette med denne trenden! Eg har også lagt opp til eit deilig race med konsertar i sommar som startar 31mai med Kiss, 11 juni Foo fighters, 7 juli Bruce Springsteen og avsluttas 24 juli med Iron Maiden. Fram til då er det konsertar på rokken, dok.film, vår og mykje moro! Æ glær mæ til kvar einaste dag;)

musikk tips: Chris Brown med With you.. syns den er sååå søøøøt:)