onsdag, mars 31, 2010

Svært godt nøgd!



Fikk fødselsgåve på forskudd igår:)
Kjærasten som overaska meg med eit nytt kamera!!

Sjølv om eg ikkje fyller år før i august så har mi konstante klaging over det gamle kameraet ført til at Geir handla slik at eg kan møte våren med eit nytt eit:)

Eg er veldig heldig som har slik ein superduper kjærast!!
No må eg berre finn ei like flott gåve til han:)

tirsdag, mars 30, 2010

søndag, mars 28, 2010

tanketømming..

Ein morsom ting eg fann på ein annan blogg.. Skriv ned akkurat det du tenker på utan å redigere.. Dette vart mitt første forsøk..Usamanhengande, nett som ho som skriv:P

Er det lov å syns at det er for mykje fokus på fotball?
Eller er det politisk ukorrekt?!

Når vi i 2010 har elektroniske duppedingsar for alt, har det teke fokuset vekk frå å høyre korleis folk eigentleg har det? Har internettet gjort oss meir falske og blaserte? Vi viser den personen vi vil at folk skal sjå, ikkje den personen vi eigentleg er?

Hugs å ta vare på dei rundt deg, være ærlig og oppriktig, gi nokon ei skulder å gråte på eller guts til å ta tak i vanskelige ting!

Som Luis sa igår, vi treng meir kjærleik i verda, og eg trur han har rett..

onsdag, mars 24, 2010

Jakta på ein sunnare kvardag..

Eg er fortsatt på jakt, etter superduperforma!
Målet eg sette meg ifjor omtrent på denne tida var at sommaren 2010 skulle eg vere i ganske bra form.
Men... Overtrening og beinhinnebetennelse, samt at eg er så innmari gla i mat, sette ein stoppar for det..Men eg gir ikkje opp! Sjølv om eg er ganske nær til tider!!

For kvifor var det dumt å ete sjokolade? Var ikkje det innmari sunt igrunnen?
Og om eg et sjokolade når ingen ser på, tell det eigentleg?
Og kvifor skal absolutt Rema 1000 ha smågodt til 6,90 og kvikklunsj til 13 kroner når eg liksom ikkje skal ete slikt?

Eg skulle gjerne ha vore av dei som har superforbrenning og kunne ete alt..
Min kjære sambuar et sjokolade for å gå ned i vekt?! Hallo kor urettferdig!
Eg et en bit med sjokolade og det viser på kroppen idet eg har svelgt den!

Men men.. Eg må innsjå at eg er berre slik, berre slik = eg må vere flink med det eg et, eg får lett betennelse i kroppen ergo sener og beinhinner tåler fint lite..
Så då må eg bere smøre meg med tålmod, passar fint sidan eg er so innmari tålmodig:P

søndag, mars 21, 2010

Eg likar sundagar

Etter å ha vore inne sidan torsdag pga sjukdom so kom eg meg utfor dør idag..
Skulle eigentleg vore på jobb i Aasentunet idag, men tette bihuler og haudeverk er ikkje det beste når ein skal yte service. Nysing er heller ikkje so sjarmerande når ein skal drive med mat..

Men sola den lurte meg ut for å teste forma, etter å ha sove til langt på dag, og den varma godt! Eg og Geir gjekk utover mot Andaneset og det verka som halve Volda hadde tenkt med oss. Her på Sunnmøre er vi klar over at om det er sol så er det bere å kaste alle planar å kome seg ut! Det er ikkje sikkert det er slik imorgon!

Etter at kroppen hadde gitt beskjed om å snu, so gjekk vi innom "gata" på veg heim. Der fann vi ein lystig gjeng som skulle på Viva å ete sundagsmiddag. Vi fann ut at det var ein god ide, og etter ein pizza og god underhaldning, tok vi turen til Narvesen for årets første softis! NammIS:)

Eg likar slike sundagar, der alt er spontant og ingenting er planlagt, der ein leikar med bra folk og sola skin!

Etter bytteseanse og moteshow på Rokken fann eg soffan og INGEN GRENSER på nrk!
For eit program! For ein viljestyrke!! Desse er utan tvil mine heltar!

Godt sagt!

onsdag, mars 10, 2010

Til våren vil eg ha...

Hadde ikkje desse vore fantastiske å ha på under dokfilm?



Desse skoa må eg ha!



Og denne klokka...



Å desse solbrillene som eg sikla over heile sommaren 2009..Får eg skattepengar er desse mine!!



Sjekk elles ut meir fantastiske sko og klokker på Dogfunk.com, fantastiske vintage ting på Flamingo.no og ikkje minst solbriller på otticanet.com
Fantastiske nettstadar som gjer at om mogleg gledar meg endå meir til vår og sommar!