tirsdag, april 28, 2009

Team friskus og svettis sitt første mål!

Eg er offisielt dritstolt av meg sjølv!
Eg har iløpet av dei 3 første månedane av mi friskus og svettis deltaking gått ned 10 kg! hurra:) Første mål boks og eg har kjøpt meg blomster for å feire:D
10 kg som har forsvunne like fort som dei 3månedane eg har brukt!! Eg er bere eit stort smiiil:)
Hadde eg putta 10 kg i ein sekk å putta den på ryggen så hadde eg nok fått sjokk! Tenk på det! 20 pakkar med margarin!! Nesten ei heil kasse med 1/2 liters brus;P

Einaste skåret i gleda er bihulebetennelsen eg har fått som set ein liten stoppar for aktiviteten.. Men satsar på at eg er å finne på tren innen slutten av denne veka;P Har verkeleg fått blod på tann;P

Å til dei som lurar på kvifor i alle dagar eg vel å publisere slikt så er det fordi eg treng å bevise for meg sjølv at eg får det til. Dette skal vere motivasjon for at eg skal greie å få eit sunt kosthald og få ei sunn kropp:)
Eg drit i janteloven og vil med dette fortelle heile verda at eg er flink;p

-løv-

mandag, april 27, 2009

Konsert eller ei?!

Eg har dei siste åra vore på eit hav med konsertar, har sikkert gløymt nokon, men dei fleste huskar eg om ikkje mykje så vertfall litt av.. Eg har dei siste åra funne mange nye favorittar og elskar å finne nye band!
Eg er veldig glad for at eg har jobba på Rokken og Kroa som faktisk har gitt meg mange av desse konsertane gratis! På den måten har det vorte meir enn å gå på dei største konsertane, eg har også funne små skattar som eg aldri hadde funne viss ikkje..
Som konsertscene så er det ein tøff marknad der ein ikkje tener pengar anna enn kanskje på dei største konsertane der det er fullt hus.. Men skal ein slutte å arrangere konsertar av den grunn?

Gapet mellom å vere ein kulturleverandør og vere ein utestad er stort, men samtidig så skal ein få til begge dele. Ein skal levere konsertar og kulturopplevingar samtidig som ein skal tene pengar på det.. Slik eg ser det så må ein bruke det ein tenar på disco og skumparty til å dekke opp eventuelle tap på ukjente band..

Men kor langt skal ein strekke seg i å arrangere konsertar? Samtidig som det er det mest morosame eg veit så er det også noko som treng mykje planlegging og mykje tid.. Er det verdt det?! For meg er svaret sjølvsagt ja! Men når ein tapar ein haug med pengar så er det vanskelig å forsvare i lengda.. Svaret kan kanskje være meir tilskot til oss som arrangerar konsertar i distriktet?! Eventuelt turnear som ZoomUrørt der ukjente band får ta runda rundt i Noreg..

Eit anna spørsmål er om folk faktisk vil på konsert.. Hadde folk brydd seg om ein bere hadde hatt disco, og bere hatt store navn som Big Bang og Postgirobygget?! Eg er faktisk usikker.. Men eg håpar at ei lita kjerne hadde kjempa for at vi enda kunne få lov til å arrangere konsertar som Kaada som var noko av det vakraste som har vore på Rokken, der folk frivillig holdt kjeft for å få med seg musikken.. Det skjer ikkje ofte!!

Eg håpar at vi alle kan få lov å oppdage band i framtida, (og kan lære oss å stå stille og holde munn om ikkje anna av respekt for dei som står på scena.)
Måtte vi få oppleve masser av konserter på Rokken i haust:)

P.s Eit studenthus er inget studenthus utan engasjerte studentar.. Viss du vil unngå at Rokken vert som france så må du starte å jobbe der;p Viss du syns det er greitt at Rokken har opent 2 gangar i veka så er det bere å fortsette å sete på ræva å klage over det dårlige studentmiljøet i Volda;p

søndag, april 26, 2009

Søndagssutring..

Eg har vorte sjuk.. Det kom vell ikkje som noka bombe, men hadde eit lite håp om at eg våkne idag med stemme og uten sår hals.. Men i staden så våkna eg utan stemme å veldig sår hals.. Hmfr.. Eg vert muggen av å verte sjuk, spesielt muggen av feber..

Så då set eg her å sutrar for meg sjølv..
Prøvar å få gjort noko fornuftig som å rydde kleskap og vaske kle.. Det trengtes!

Save the drama..

Sjølv opp i all idyllen, med dokfilm og vår er eg lei.. Fryktelig lei Volda og alt dramaet..
Volda er ofte alt for lite, og alt eg har lyst er å stikke.. Bere ein liten tur om ikkje anna.. Desverre er kalenderen for mai fyllt opp, så no er det juli eg ser fram til..

Husker du den kjensla av å gjort noko gale, sjølv om du ikkje heilt kva? Eg prøvar å fortelle meg sjølv at det er angsten som spelar meg eit puss, men samstundes får eg bere litt for mange hint om at eg rett og slett har trakka nokon på tærne utan å heilt vere klar over det.. Eg håpar det er angsten min som lurer meg, og at eg ikkje har laga det vanskeleg for meg sjølv..
Volda er ein digg plass når det er vår og du har masse folk rundt deg, men når ein er aleine er det eit av dei største høla på jord.. Eg synes synd på dei som går våren imøte aleine her i Volden..

Elles har dokfilm vore moro, men samtidig veldig slitsomt.. Mykje pga at hjerna har kverna og at eg kjenner eg er for gammal til dette.. Så no set eg her med ein sår hals og bondeanger for at eg ikkje bere gikk heim å la meg.. Men men.. sånn går no dagan..

Idag var vi ein liten gjeng som var på SideBrok på Rust i Ørsta! Eg storkosa meg og gledar meg til plata kjem! Ekte menn er ei plate som du absolutt må få med deg! Mann med manera og nattmat er to av mine favorittar!:)

fredag, april 24, 2009

Slåss du?!

Eg har iløpet av dei siste 6 åra stått mang ein kveld i døra, og det er noko eg endå ikkje forstå, og ei heller nokon gong kjem til å forstå... Kvifor slåss folk?!
Kva motiverar gutongar og jentungar( ja eg kallar dei det, uansett alder) til å slå kvarandre?! Til å gjere skam på foreldra sine og familie ellers? Mange kallar det eit spørsmål om ære, eg lurar på kven si ære dei forsvarar... Tenker dei ikkje på at dei kan skade seg sjølv eller andre? Kva motiverar dei til å slå folk til dei ligg der livlause? Eg skjønar det ikkje...

Slik eg ser det så er det mykje betre å bruke orda du får utlevert, det er gjennom ord vi skapar endring.. Slåss dei på grunn av mangel på språk? Ikkje alt kan skuldast på alkoholen.. Å når vi er inne på alkohol, kor mange gangar høyrer du ikkje " han eller ho er berre slik når dei drikk sprit!" Koffor i alle dagar fortsett du då å drikke sprit?! Kvar er fornuften?!

Vi er ufattelig heldig som bur i Noreg, og eg er fryktelig glad for å bu i dette landet som gir meg det eg treng.. Eg oppmodar alle kamphaner og høner til å løfte blikket utom landegrensene våre og sjå på kva det betyr å slåss for livet, å måtte bruke alle dine krefter for å overleve... Kvar dag døyr folk pga krig og svolt, her i Volda slåss vi for å "markere reviret vårt", vise kor tøffe og sterke vi er..Tenk deg om neste gang, du bortskjemte vesle pjokk eller frøken som vert så sint for at nokon såg litt for lenge på deg, eller slengte ein kommentar, er det verdt det?!
Vis at du er eit betre menneske å gå vekk frå situasjonen.. Som eg tidligare har sagt; skulle eg slå nokon kvar gong eg fekk ein kommentar så hadde eg ikkje gjort noko anna enn å slåss.. Voks opp folkens!!

Sjølvsagt i ein blogg vert bilete svart kvitt, eg tolkar ikkje grånyansanes sjølv om eg veit at dei fins.. Kanskje er eg bortskjemt som har vakse opp i ein trygg heim der vald ikkje var eit tema..
Eg håpar at vi saman kan prøve å få vekk denne ukulturen som pregar spesielt helgefylla.. At det "alltid har vore slik" er inga unnskyldning.. Det er aldri forseint å forandre seg, kanskje kan mine born gå ut utan frykta for å få eit glas knust i hovudet, få slått ut tenner eller knivstukke?! Eg håpar på det!

mandag, april 20, 2009

Bloggorama!

Eg har blogga litt på og av ( mest av) dei siste fem åra, eg har i stor grad brukt det som ei dagbok, litt for å få ut frustrasjon og litt for at eg har mogleik til å sjå tilbake på viktige ting som eg pga min dårlege hukommelse har ein tendens til å gløyme..

I 2009 har blogging fått ein ny vår, alle bloggar! Men kva bloggar vi om?
Eg kunna ha blogga om Paradise Hotel, kor utruleg patetisk ho Lene er, men eg har lova meg sjølv å la vere.. Eg er tross alt snart 29 og burde ikkje la meg påverke av slike tulleprogram, men det er veldig vanskeleg å la vere.. Men eg skal prøve litt til.. Før eller seinare så kjem det nok eit innlegg dedikert til det som akkurat no er norges største snakkis.

Elles kunna eg blogga om kva kle eg går i, posta dagens antrekk eller siste innkjøp.. Då hadde nok bloggen min vorte innmari kort og veldig lite interessant.. Så eg droppar det også..

Eg ser også at folk bloggar om andre bloggar, kva bloggar dei likar og ikkje minst kven dei syns er urteite. Mange brukar bloggen som eit skold for å få kritisere og dømme andre. Men igjen så er eg 29 år og har vell vakse frå meg den perioda, vertfall prøvar eg å unngå å dømme folk eg ikkje kjenner.. Ein framand er ein ven du ikkje kjenner sa nokon ein gong.. Eg prøvar å tenke slik, men er nok like svak som resten og trekk lett slutningar pga førsteinntrykket..

Bloggar som eg syns du bør få med deg er Regine sin.. Eg ber for ho og alle andre som har kreft at dei skal finne ein medisin som kan kurere.. Kreft er noko av det mest urettferdige eg veit om.. Håpar at dei snart kan knekke koda..I mellomtida så skal eg prøve å unngå å sutre når livet går meg imot, og heller tenke på at eg er frisk og har fantastiske folk rundt meg.. Minn meg på dette neste gang frøken negativ kjem sutrande.

Så kva bloggar eg om eigentleg? I det siste har det vore prosjekt friskus og svettis, Camilla prøvar å verte sunnare del ca 1000! Eg prøvar litt kvar dag, og trur eg er på rett vei. Dokfilm vert ei stor utfordring med alle sine freistingar, men eg skal prøve å tenke på kor kjekt det er å finne bukser bakerst i skapet som plutselig passar! Det er digg det! Å då har eg tilogmed synda litt undervegs med både øl og kaker..
Men har iløpet av siste månaden absolutt fått eit sunnare kosthald og ikkje minst er eg i mykje meir aktivitet enn eg har vore før! Trimpoeng er moro;p

Elles så likar eg å blogge om ting som gjer meg gla, som venner, kjærasten, familien min, vår, konsertar, sol og mykje anna som får meg til å smile:)
I løpet av dei neste dagane så reknar eg med at eg får med meg ein heil haug av det eg likar mest! Dokfilm09 står klar til å underhalde oss med dokumentarar, herlige menneske og mykje anna løye! Eg gler meg masse og håpar at eg ser deg iløpet av veka!

fredag, april 17, 2009

nytt i friskus og svettis-land!

Idag bryt eg enda ei barriere, kjenne eg gruar meg litt. Eg har kjøpt meg sånn der fancy treningsbukse som skal vere god å trene i..Eg føler meg som ei overkokt pølse.
Idag vert det å ta heisa både til og frå tren og eg håpar at der ikkje er så mykje folk..
Angsten stig og eg kjenner eg er litt kvalm.. Men eg får tenke på kor godt det er etterpå..

So no set eg og mannar meg opp til trening med å sjå the biggest looser på tvnorge, skulle hatt ein slik trenar som kom å piska meg! Det hadde vore noko!

torsdag, april 16, 2009

Fjelltur:)


Eg må bere poste dette innlegget for å skryte av meg sjølv!

Idag har eg vore med på noko av det mest slitsomme eg har gjort på ei evighet! Andre slit seg ut på tour de france, eg har jaggu nok med Helgehornet! Dette er ikkje kvardagskost for unge frøken Auflem Vik, og gav meg eit lite hint om kor dårleg trena eg er;p

Fjellet er litt over 600 meter høgt, og det er for meg ganske bratt enkelte plassar.

Men vi fekk det til! Ein fantastisk tur med nydeleg ver:)

Tusen takk til Laila som kom med ideen og som var tålmodig og venta på meg:)


fredag, april 03, 2009

Belønning?!

Sidan eg har vore so fantastisk flink i mars så skulle eg få lov å kjøpe meg ei veske som eg har sett på leeenge.. Men no ser det ut som eg er nødt å spare peng til ny mobil.. grr.. Så viss du ein dag får masse meldingar med same innhald, eventuelt aldri får svar så er det fordi mobilen min ikkje alltid huskar dette med dekning og sende sms.. Litt upraktisk..

Så no skal eg ut på ny mobiljakt.. Nokon som har anbefalingar?

Ka e det som mangla?

Eg må bere få ut litt irritasjon... Ka i alle dage e det som mangla dei som slåss?
Ein ting er å slåss for å overleve, ein anna ting er dei som absolutt må få testa testosteronet sitt kvar einaste gang dei er ute. VOKS OPP!!

At dykk ikkje skjønar kor tåpelig det er?! Kor idiotisk du ser ut?
Kva så om nokon slengte ein kommentar? Du må faktisk ikkje på død og liv "knuse trynet" til vedkomande? Drittungar!!

Skulla sendt dei ein plass der dei fekk sjå korleis det var å verkeleg slåss for å overleve, anten i krig eller andre ting. Bortskjemte møkkamenn som absolutt må vise kor sterke dykk er. Tru meg på ein ting; det er ikkje sjarmerande!! Faktisk alt anna.. Eg skjemst på dykkar vegne.

Eg skulle gjerne ynskje at fleire hadde vett til å la ver, anten vett til å unngå alkohol eller rett og slett vett til å gå vekk i frå situasjonar... Skulle eg slått nokon for kvar kommentar eg får så hadde eg ikkje gjort noko anna..

Men det handlar om å slåss med andre ting enn nevane. Det handlar om å rette opp ryggen å velge andre måtar å møte livet på. Det er ikkje rart det er krig i verden når ein får bank i vesle Volda for den minste ting. Som tidligare skreve; bortskjemte drittungar.

Mitt forslag til verdensfreden er at mannfolk bør starte å ta meir kvinnelige hormon, i håp om at det skal fungere som det gjer på hankattar som får ppillar, dei vert roligare.. Kanskje det då gjekk ann å kose seg ute utan å måtte vere vitne til slikt tull som eg ofte ser..

onsdag, april 01, 2009

Sånn går no dagan!

Mars er over og April har tatt over kalenderen. Er svært nøgd av min gode innsats i mars! Trur eg må belønne meg med ei veske, eller frisør, eller fotpleie.. Eller kanskje nye joggesko?!
Eg trur eg må tenke litt på den;)

Våren er som den brukar å vere på Sunnmøre, den er våt... Eg har eit svært blanda kjensler til dette med vår. På den eine sida betyr vår at vi nærmar oss sommar og sol, men samtidig så betyr det at masse festlige folk som eg set stor pris på, forlet Volda..
People always leave som Peyton i OTH sei..
Eg likar dårleg at folk reiser, eg går inn i ein djup depresjon når eg veit at så mange skal forlate Volda denne sommaren.. Nesten sånn eg har lyst å reise sjølv..Heldigvis er det mange flotte folk igjen som eg skal finne på mykje tull saman med:)
Sånn.. Då har eg sutra frå meg!! Kjem nok til å sutre meir om dette utover våren kjenner eg meg rett..

Men då er det flott å ha laga masse gode minne saman med dei en likar! I helga var vi på hytta til familia mi like ved stryn. Var ei rasande festlig helg med festlige folk!!
Det var godt å kunne kome litt vekk frå Volda og det vanlige Rokkenlivet, kjenner at fjella har starta å trekke seg saman og gjere Volda fryktelig lite...

Idag har eg vore på besøk med Sigrun og fått kosa med Emma.. Ei nydelig lita prinsesse:)
Lukta av bebis får ein til å gløyme alt som er leit og trist og innsjå at ein eigentleg har det veldig bra:)