søndag, oktober 26, 2008

Oppskrifta på ein perfekt søndag!

Sove lenge.
Ete ein god frukost.
Henge med vener.
Ete digg middag.
Lykke!

Bere så synd at eg måtte takke nei til filmkos til fordel for husvask og brødbaking..
Hjelp! Eg har vorte vaksen!

lørdag, oktober 25, 2008

Tulletankar?

Innanfor, men likavel utanfor...

Ei fasade ein tek på seg som ikkje alltid ikkje stemmer?

Natta som lokkar ut sannheita kanskje?
Men samtidig har eg det veldig bra...

torsdag, oktober 23, 2008

Snekker Andersen

Som eg nevnte i forige post så lek vindauget mitt. Idag har snekkeren vore her for ca 3 gang på dei åra vinduet har sluppe inn vatn. Han snakka om papp på taket og at det var rart at det lek, sidan alt såg bra ut. Han har tydeligvis ikkje sett glaskarmen min når det dryp på det verste..
Så no skal ein sjekke taket, noko eg og Geir har hinta om i 1,5 år.
Liften skal vist kome å sjå på det. Eg er spent på å sjå kor lenge det går før den kjem..

onsdag, oktober 22, 2008

Haust og slikt..

Hausten 2008 har vore som ein karusell! Det var bere å hoppe på og prøve å halde seg fast!
Eg har hatt ein kjempe flott haust, med mykje moro og lite alvor! Akkurat slik slasken i meg likar det. Samtidig har eg heldigvis fått jobba og vore litt på skule.
Og no er det skule som står i fokus! Neste veke skal eg innta biblis! Håpar bere det vert like moro som resten av hausten har vore.. Litt skeptisk, men eg skal gjere mitt beste!

Eg har bortsett frå å vere veldig veldig veldig sosial prøvd å jobbe litt innimellom alt. Jobben min på Rokken er heldigvis slik at eg får jobbe saman med masse flotte flinke folk! Dette gjer at eg trivast på ein stormåte! Yey! Lovar at eg skal prøve å vere ein god ven for dei som ikkje er innanfor Rokken sine veggar også, men om ikkje anna så veit dykk kvar dykk finn meg!:)

Jobben min er enda utan ein klar arbeidsinnstruks, ergo er eg litt potet og jobbar litt overalt. Alt frå bestillingar til vanlige jobbekveldar. Vanskelig å forklare igrunnen, men eg er stortsett der det trengst, men jobbar nok mest oppimot dei frivillige og kveldsdrift. Det vert avatil seine kveldar med mangel på liv utanfor dei fire betongveggane våre, men dette vert kompansert som sagt med flotte kollegaer som eg har hatt mange flotte stunder med iløpet av hausten, som til dømes ein legendarisk hyttetur til Nipehyttene. Det har vore fint lite drama denne hausten, men det ligg nok å ventar. Vi har både november og desember igjen.
Av erfaring slappar eg aldri heilt av, for plutselig so smell det.. Og eg vil nødig sitt med skjegget i postkassa fleire gongar..

Kvar er eg om nokre år? er eit spørsmål eg ofte får, og eg er usikker på svaret. Eg innser at vi ikkje alltid kan leve i denne bobla som er så trygg og god. Ein dag må eg også verte vaksen!
Eg håpar bere at eg finn nokon som vil ha meg, med all mi praktiske erfaring med menneske, men utan ein haug med toppkarakterar.
Frivilligpraksis og engasjement tel masse har eg fått fortalt. Eg håpar bere det er rett, eller så vert det værst for meg. hehe..

P.S: Haustveret har kome til Volda, noko som gjer at vindauget mitt lekk. Det har det gjort no i ein evigheit.. Duste snekkarar som ikkje kan jobben sin skikkeleg...

lørdag, oktober 18, 2008

Thom Hell

Eg har akkurat kome heim frå min fjerde Thom Hell konsert!!
Han har besøkt Volda 4 gangar sidan eg kom til Volda, der 2 har vore solokonsertar og 2 har vore som oppvarming, alle 4 har vore like fantastiske!
Stemma og teksta går rett i hjerte, og eg er veldig glad for at eg oppdaga musikken hans!
Einaste skår i gleda var at eg gløymde å ta med siste cden slik at eg kunne få den signert.. Thomas kom tilbake!!
Han er absolutt ein artist eg vil anbefale!

tirsdag, oktober 14, 2008

Snart Jul?

Om 2mnd og 10 daga er det faktisk Julafta:)
2 oppgåver skal produserast på ca ein månad.. På tide å starte kanskje?
Men medan eg leitar etter arbeidslysta så set eg og undersøkjer julesider, kanskje eg kan finne bra julepynt, tips til gåver eller anna moro.. På tide å starte med førebuingane!
Eg er veldig glad i jul! Syns det er koselig å pynte, vere saman med familien og møte folk ein ser kun ein gong i året.
Gler meg masse til å kunne pynte huset om ikkje så lenge. Heime hjå meg varar advent ikkje så lenge, her er det julepynt så fort eg kan!

søndag, oktober 12, 2008

Haust i Volda

Lenge sida sist eg har blogga no, men sidan vi har ei bloggblomstring må eg henge meg på bloggbølga! Skal prøve å vere litt flinkare:)

Men kva har skjedd sidan sist?
Hausten har gjort sitt inntog, med andre ord er det surt og vått.
Veka kom og gikk, med mykje jobb, latter og gode venner!
Har hatt nokon legendariske nach og festar. Jaggu kor kjekt det er å kunne leike litt;p Har vell gjort og sagt ymse som kanskje ikkje var så lurt, men men.. Må stå for det en gjer, sjølv kor dumt det er.. hehe..
Søndagar vert aldri det samme..haha

Volda utan gode vener er som sommer utan sol, bere dritt. Eg syns vi er flinke å ta vare på kvarandre,heng masse saman og finne på tull og tøys! Ej <3 Volda slik Volda er no!