mandag, juni 29, 2009

Våg å være.

Våg å være.

Våg å være ærlig, våg å være fri våg å føle det du gjør si det du vil si.
Kanskje de som holder munn er reddere enn deg?
Der hvor alt er gått i lås må noen åpne vei.

Våg å være sårbar ingen er av stein. Våg å vise hvor du står, stå på egne bein. Sterk er den som ser seg om og velger veien selv.
Kanskje de som gjør deg vondt er svakest likevel?

Våg å være nykter, våg å leve nå. Syng, om det er det du vil – gråt litt om du må. Tiden er for kort til flukt, bruk den mens du kan. Noen trenger alt du er og at du er sann!

Av Hans Olav Mørk.
Fant dette på internettet og syns det var fint..

tirsdag, juni 16, 2009

Svettis og friskus

Wohoo! Tungsinnet som låg som eit lågtrykk på søndag er vaska vekk med regnet;P
Har hatt ei knall treningsøkt idag og har vore super effektiv dei siste dagane! Kjekt å kjenne at kroppen fungera:)

Resten av veka kjem til å gå i ein fei! Plutselig er det helg!

søndag, juni 14, 2009

Frisk luft..

Beklagar innlegget under, det var ho sure som førte pennenen..
Eg tok ho ut å lufta ho litt å no har vi det betre;P

Har fått gått meg ein times tur, sett på fine hus og vakre hagar! Det gjor ingenting at det regna for det var bere litt duskregn som er digg i eit varmt ansikt:)

I Volda finn ein mange flotte hus og enda flottare hagar! Eg gledar meg til den dagen då eg kan invitere til hagefest i mitt nye hus:) Når det vert? Tja?! På sikt;P

Elles kan eg melde at Volda har teke sommarferie, studentane har reist og det er bere oss fastgrodde som set attende.. Veldig stilt rundt omkring..
Håpar at vi som er igjen kan vere flinke å sosialisere oss, anten med kafebesøk, ei kald ei eller ein gåtur rundt omkring.
Eg stiller på alt som er gøy:)

Intet nytt å melde..

Idag er ein sånn dag der eg egentlig aldri burde ha stått opp.. Alt er feil..
Eg hadde ein drøm om å stå opp til sol og sommar, men den gang ei..

Eg skal frå i dag slutte å snakke om veret og slutte å syte om det.. Eg skal bere ta utgangspunkt i at det verte dritver å so slepp ej å verte skuffa.. So får ej heller bruke alle pengane mine på brun og blid.. For brun skal ej verte, koste ka det koste vil! so det såå..

Å for å toppe ein drit dag kjennes det ut som at alle eg kjenner er i Oslo på konsert.. Sukk.. Eg også vil.. Men men.. Godt det e folk som fortjenar det;)

No skal eg rett og slett gå meg ein tur.. Slutt på å sitte inne å glane i kassa og nerde på dataen.. Må sjekke om haude vert blidare av litt frisk luft..

Imorgon er ny dag med blanke ark og fargestiftar til.. Satsar den vert betre enn dagen i dag, noko som ikkje skal så mykje til...

onsdag, juni 10, 2009

God tur ut i den store verda:)

Når flotte folk feirer så drikk dei Champis! Å det gjer jaggu vi også:)

I morgon forlet Iden Volda og dreg til Oslobyen. Oslobyen er heldig som får ho tilbake! Eg kjem vertfall til å sakne ho masse,og er gla for at eg kan tenke tilbake til masse fanteri iløpet av dei siste åra! Gla for at eg vart kjent med Ida anna enn ho vesle blondina som støya;p
Eg fekk verkeleg lære at fysteinntrykket av nokon sjeldan stemmer;)

Tusen takk for mange flotte stunder snuppa:)

2 søte snupper som eg kjem til å sakne masse! No skal dei ut i verda å vere lærar.
Osloskulen er veldig heldig som får desse to ombord!
Dette er absolutt to som eg kunne tenkt meg å ha som lærarar for mine born;)

Før Ida reiste frå Volda måtte vi få svar ein ting.. Ein veldig viktig ting faktisk! Kven av meg og Ida som budde nærast Anne Helene. Ida kom med den fantastiske ideen om å bruke hyssing. Så vi fann hyssingen og strekte den frå meg til Anne Helene og frå Anne Helene til Ida..
Kan du tenke deg kven som vann?

Her er Ida i full gang med å måle opp frå Anne Helene og bort til Vero Moda.. Lite viste ho då at eg vann:)

Me happy;P Alltid moro å vinne:)



torsdag, juni 04, 2009

Riga 2009


Ein herlig gjeng på 48 stk la ut på tur frå vigra ein torsdag ettermiddag..
Vi burde eigentleg skjønt det når vi såg køa i kafeen på Vigra og køa på den mikroskopiske taxfreen dei har der at dette kom til å verte ein tur med mykje venting.. Å då spesielt venting på drikkevarer.. Dei fekk sjeldant heilt dette med å servere drikke til maten i Riga, men med sola strålande frå himmelen og mykje flott folk så var vi alle samde om at det hadde vore ein fin tur:)

Fredagen fekk vi guida tur rundt omkring av Herta, ei dame som hadde snakketøyet på plass

Vi fekk sjå masse flotte hus, men vi fekk også sjå at ikkje alle er like heldige i dette landet her.
Dette er ein by der det er stor skilnad på fattig og rik. Eg er veldig gla for at eg bur i Noreg, og har nok vorte enda meir oppteken av solidaritet og felleskap etter denne turen. Kva hjelp det med billig alkohol når du ikkje har råd til mat og hus?

Her fekk vi med oss vaktskifte utanfor presidenten sitt kontor. Skikkelig strammingar! Legg spesielt merke til ramboen framfor porten!


Laurdagen tok vi turen ut til Jurmala. Ein nydelig badeby som eg skal tilbake til! Her kunne dei som ville ta spa, gå på stranda eller bere nyte kafelivet! Dette var ein skikkelig deilig dag:)


Søndag avslutta vi med å gå ein tur i parken, shoppe litt og ete turens beste måltid på TGI Fridays.. Riga er nok ikkje byen eg dreg tilbake til for å shoppe, men er absolutt verdt eit besøk for å sjå på arkitetktur og oppleve sol og sommar i jurmala:)

tirsdag, juni 02, 2009

Wiiiiiiiiii!

Då expert opna i furene invisterte kjærasten i nintendo wii, og eg kjøpte meg wii fit!
Har lenge tenkt å få testa det, men har ikkje teke meg tida før idag...
Etter 30 min no i kveld er ein ting sikkert, dette kjem til å verte brukt her i hus! Veldig løye:)

Her kan eg trene alt frå yoga til step, samstundes som eg kan trene balansen med morosame leikar som slalom og gå på line! Det vert moro å trene faktisk, og er eit bra tillegg til den treninga eg får gjennom tren og å vere ute i skog og mark.

Aksjon svettis og friskus har vore svært stilleståande i mai, alle dei planane eg la har gått til skogen. Veggen vart møtt og eg hadde nok med å ikkje ete opp alt eg kunne finne av søtsake.. Heldigvis har huset vore nesten tomt for slikt, noko som har vore til stor hjelp.
Kroppen har nekta å vere på lag, både gjennom at armar og bein sutrar og at eg ikkje har vore flink nok når det gjeld mat. Men no er det nok!

No er det på tide å sette opp eit gir og kome i meir aktivitet!
Sjølv om regnet piskar må eg komme i form viss ein skal nå måla eg har sett meg!

Mål for veka: 10 000 steg pr dag + 30 min wii kvar dag og kome meg på tren 2 dagar.